Meiner kutt i akademia fører til hjerneflukt frå Finland

Etter store kutt i løyvingane til universiteta i Finland, forlèt stadig fleire finnar med doktorgrad landet.

TVILAR PÅ HJERNEFLUKT: Rektor Juuka Kola ved Helsingfors universitet måtte seia opp 1000 tilsette i fjor. Han meiner det er ulike årsaker til at folk forlet institusjonen, og at det ikkje nødvendigvis treng indikera hjerneflukt.

Foto: Linda Tammisto/Helsingfors universitet

Nye tal viser ein auke i talet på personar med doktorgrad som flyttar frå Finland, skriv Times Higher Education (THE), og det blir vidareformidla av På Høyden.  Det same gjeld for leiande forskarar som tek jobbar ved universitet i utlandet.

Etter ein nedgang i den finske økonomien i 2015, reduserte regjeringa løyvingane med 500 millionar euro til utdanningsinstitusjonane i landet over ein fireårsperiode. Dei kutta også 100 millionar i forskingsmidlar.

Finske akademikarar fryktar no at regjeringa sine kutt i løyvingane til høgare utdanning resulterer i ei langvarig øydelegging av sektoren.

Les meir: Finland kuttar forskarstillingar

– Framtida ser mørk ut

Jaakko Hameen-Anttila er professor i arabisk- og islamstudiar. Han flytta til Universitetet i Edinburgh etter å ha jobba ved Universitetet i Helsinki i 16 år. Han fortalte til THE at drastiske kutt i sektoren var ei av årsakene til at han reiste ut av landet.

– Framtida ser veldig mørk ut, sa han då, og hevda at den verste følga av kutta var at dei flinkaste unge forskarane ser seg etter jobbar i utlandet og at nokre vel å avslutta den akademiske karrieren heilt.

Ferske tal frå den finske Statistikcentralen viser at talet på finnar med doktorgrad som har flytta utanlands har auka med 37 prosent mellom 2011 og 2015; 

Numbers emigrating from Finland 2011 2012 2013 2014 2015
Lower tertiary education (BA) 1,461 1,616 1,699 1,888 1,987
Higher tertiary education (MA) 1,726 1,694 ,1817 2,051 2,223
Research education (PhD) 274 323 312 372 375

Kutt på nærare 1000 tilsette

I 2016 kutta kom nyheita om at Universitetet i Helsinki varsla kutt på nærare 1000 tilsette innan utgangen 2017. Dette for å koma i mål med eit budsjettkutt på 106 millionar innan 2020.

Jukka Corander, professor i biostatistikk ved UiO, reiste nyleg frå Helsinki. Han meiner sentrale personar i regjeringa har sendt ei tydeleg melding om at ein ikkje verdset forskarar.

– Det kjennes ganske håplaust å halda fram med grunnforsking på høgt nivå i Finland. Det er ei felles oppfatning blant erfarne akademikarar at situasjonen i landet går mot ein katastrofe, seier han til THE.

Petri Koikkalainen, president i «Finnish Union of Researchers and Teachers», legg til at hjerneflukta særleg påverkar humaniora og naturvitskap, felt kor der kan vera vanskelegare å finna jobbar utanfor akademia.

– Finland har rykte på seg for å vera eit høgteknologisk og vitskapeleg avansert land. I det lange løp kan dette inntrykket blir øydelagt. Men viss regjeringa byrjar å investera i forsking att, kan trenden bli snudd.

Sverige og Noreg aktive mot Finland

Jukka Kola, rektor ved Universitetet i Helsinki, seier til THE at det er ulike årsakar til at forskarar har forlate institusjonen, og at det ikkje nødvendigvis treng å indikera hjerneflukt.

Han peikar likevel på at Sverige og Noreg er aktive med å henta til seg finske forskarar, ettersom dei investerer mykje i utdanningsinstitusjonar og forsking, medan Finland og Danmark opplever store kutt.

Talet på personar med høgare utdanning som immigrerer til Finland har blitt betydeleg lågare dei siste fem åra. Sjå tabell under:

Numbers immigrating to Finland  2011 2012 2013 2014 2015
Lower tertiary education (BA) 1,664 1,647 1,852 1,103 1,124
Higher tertiary education (MA) 1,921 1,831 1,885 1,303 1,103
Research education (PhD) 251 185 219 171 156

 

Emneord: Norden, Finland Av Marthe Njåstad /På Høyden
Publisert 20. jan. 2017 10:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere