Her er UiB-rektorens nye rektorlag

UiB-rektor Dag Rune Olsen stiller til attval med HF-dekan Margareth Hagen som prorektorkandidat. Denne gong utan viserektor for internasjonalisering.

NYTT REKTORLAG: Dag Rune Olsen presenterer det nye rektorlaget som blir kandidatar til rektorvalet i 2017. Frå venstre Robert Bjerknes (viserektor), Oddrun Samdal (viserektor), Dag Rune Olsen (rektor) og Margareth Hagen (prorektor).

Foto: Tor Farstad/UiB

Dag Rune Olsen kunngjorde allereie i juni i fjor at han villa stilla som rektorkandidat for ein ny periode. No er det klar kven han vil ha med seg inn i rektoratet. Så langt har ingen andre motkandidatar meldt seg, skriv På Høyden.

Les også: Tør nokon å stille mot UiB-rektoren?

Prorektor Anne Lise Fimreite ønska ikkje å stilla for ein ny periode, og dermed har Olsen måtta finna ein ny prorektorkandidat. Valet fall på HF-dekan Margareth Hagen. 

– Me skal utfylla kvarandre, og for meg var det viktig då eg tok kontakt med Margareth, at ho hadde annan erfaring enn meg. Ho kjem frå ein heilt annan fagdisiplin, og har kunnskap om UiB og leiarerfaring over lengre tid. Ho har gjennomført ein god prosess på fakultet, med omorganisering av studieprogramma. Det er eit nyttig bakteppe å ha med seg, seier Olsen.   

– Veit kor skoen trykker

Hagen synest det var eit vanskeleg val å seia frå seg jobben som dekan, 

– Eg har hatt et veldig fint som HF-dekan, det har vore veldig gjevande. Det var ikkje heilt enkelt for meg å bestemma meg, men det finst mange gode dekan-kandidatar på fakultetet. Men først må me sjå om me blir valt eller ikkje, seier Hagen.

Ho trur ho har verdifull lærdom med seg frå HF, som rektoratet vil nyta godt av.

– Eg veit ein del om kor skoen trykker, og kor krevjande det er å få til god grunnforsking. Eg har gjort meg ein del tankar rundt det. Mellom anna er HF underlagt humanioraevaluering no, og dette kan vera reiskap for det neste rektoratet, for å kunne støtta opp om grunnforsking og forsking i breidda, seier Hagen. 

Viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, og viserektor for tverrfagleg verksemd, Robert Bjerknes stiller på nytt. Medan viserektor for internasjonalisering, Anne Christine Johannesen, ikkje blir med vidare fordi ho ønska å gå tilbake til forskinga. Ho blir ikkje erstatta.  

– Internasjonalisering er forankra i utdanning og forsking, så me prøver å integrera det i dei andre rollane. Me trapper ikkje ned på det internasjonale engasjement og aktiviteten, men prøver å integrera det i utdannings- og forskingsbiten, seier Olsen. 

Meir konkurranse

Mange av dei nyfusjonerte høgskulane rundt om i landet har universitetsambisjonar, og i framtida vil UiB kunne få til saman 10 andre universitet å konkurrera med. Det slår an tonen for det nye rektorat-teamet.

– Ei av hovudutfordringane i åra som kjem, er at me trenger inn i det nye universitets- og høgskulelandskapet, og me treng å posisjonera oss med dei særeigenheitene og kvalitetane som me har. Det kjem til å bli kamp om ressursane med fleire universitet. Me må kjempa for gode rammevilkår for våre framifrå forskarar, seier UiB-rektoren, og legg til: 

– Det som eg meiner kjenneteiknar oss, er den solide forskingsforankringa, og at undervisninga vår skal vera tett på forskinga. Me har høg kvalitet, sett på siteringsindeks osb. Me ser på oss sjølv som eit klassisk universitet, og vil vidareutvikla dette.

Ei fiks ferdig valplattform har ikkje dei fire klar endå.

– Noko av grunnen er at ting er annleis enn førre periode. No har me ein strategi som styret har vedtatt. Me ønsker å vidareføra den strategien, me har forplikta oss til det, og me synest det er ein god strategi. Universitets- og høgskulelandskapet er i endring, og me må finna vår synlege og tydeleg rolle som Universitetet i Bergen.

Rektorlaget kjem til å invitera seg sjølv rundt på universitetet, for å få innspel til valplattforma.

– Me startar ikkje med blanke ark, men me ønsker å få innspel. Plattforma blir ikkje like lang eller omfattande som førre gang. Den blir nok kortare nettopp fordi den delvis kvilar på strategien vår. 

På Høyden vil òg stille spørsmål til Olsen-banden og eventuelle andre rektorkandidatar. Send forslag til spørsmål til tips@pahoyden.no. 

Tverrfagleg satsing

Eit anna mantra frå rektorat-kandidatane er viktigheita av tverrfaglegheit og tverrgåande satsing. 

– Det engasjement med å jobba tverrfagleg og med å jobba i klyngene, er noko som gjer mest energiar og som er mest spennande akkurat no. Me har etablert eit infrastrukturutval, opp mot korleis ein skal planlegga langsiktig, og etablerert eit langtidsbudsjett. Det er ei heilt anna langsiktigheit i arbeidet no enn tidlegare, seier Bjerknes. 

Samdal peiker på at det handlar om integrasjon av ulike delar av universitetet.

– Det handlar om intergrering av forsking, utdanning og det internasjonale i dagleg verksemd, og integrera vitskapeleg drift med administrasjon. Me er opptekne av å få til ei velfungerande verksemd, seier Samdal.

Ho er motivert til å ta fatt på fire nye år som viserektor for utdanning. 

– Eg synest det har vore interessante år. Eg har fått vera del av eit rektoratet som gjekk på val på god samhandling, og at utdanning skulle ha ein viktig plass i organisasjonen. Me har jobba mykje med å få på plass god infrastruktur, og kontakt med fakulteta. Eg er interessert i å jobba vidare med arbeidet for å sjå om me kan koma lenger med å endra utdannings- og undervisingpraksis. Det er ei spennande brytingstid med at me har eit stort fokus på utdanning, seier Samdal.

No står det att å sjå om motkandidatar melder seg til rektorjobben. Fristen for dette går ut fire veker før valet, som byrjar 30. mars.

– Eg kan vanskeleg tenka meg noko meir meiningsfylt enn å få lov til å jobba med kunnskap. Eg vil gjerne få lov til å følga opp strategien, som me meiner er bra for UiB. Men eg kunne ikkje gjort det viss eg ikkje synest det var ein god jobb, og eit godt arbeidsmiljø. UiB er ein god plass å vera, slår Olsen fast.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalg Av Marthe Njåstad og Dag Hellesund/På Høyden
Publisert 6. jan. 2017 00:12 - Sist endra 6. jan. 2017 00:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere