Britisk høgsterettsdom brukte bidrag frå norske juristar

Ein dom i britisk høgsterett er ein siger i den internasjonale kampen mot vilkårleg fengsling. Det meiner jussprofessor Mads Andenæs ved UiO. Saman med tidlegare doktorstudent Eirik Bjørge kom Andenæs med sentrale bidrag til to FN-rapportar dommen byggjer på.

BANEBRYTANDE DOM I BRITISK HØGSTERETT: - Det vil seia at ingen stat har rett til å bryta internasjonalt vedtekne konvensjonar sjølv om dei rettferdiggjer det med at dei gjer det i kampen mot terror. Og dei kan heller ikkje gjera det for andre land på andre lands territorium, understrekar jussprofessor Mads Andenæs ved Universitetet i Oslo. Han har saman med jforskarkollega Eirik Bjørge kome med bidrag til domstolavgjerda.

Foto: Ola Sæther

Domstolen viser til to FN-rapportar som jussprofessor Mads Andenæs hadde ansvaret for som leiar for FNs komité mot vilkårleg fengsling. Hans tidlegare doktorstudent Eirik Bjørge bidrog til FN-rapportane og leidde eit forskingsprosjekt i Oxford som rapporten byggjer på.

Hjelpte Gadaffi med å arrestera opposisjonell i Bangkok

Bakgrunnen for den historiske dommen tar til i Libya.

Ein opposisjonell av Libyas tidlegare diktator Moammar al-Gadaffi blei arrestert av britisk etterretning i Bangkok i 2004 og sendt tilbake til Libya. I seks år sat Abdul Hakim Belhaj og kona Fatima Bouchar i Gadaffis fengsel. Der blei dei utsette for tortur og anna umenneskeleg behandling, skriv den britiske avisa The Guardian. Kort tid etter kom statsminister Tony Blair på besøk til Libya. Då kalla han Gaddafi ein viktig alliert i kampen mot internasjonal terrorisme. Om lag samtidig skreiv det britisk-nederlandske oljeselskapet Shell under ein avtale på 110 millionar pund om rett til å utvinna gassressursar i havet utanfor Libya. Etter at Gadaffis regime fall, fann dei nye makthavarane ein faks frå den britiske etterretningsvesenet på kontoret til Gadaffis utanriksminister og etterretningssjef Koussa, som stadfesta at den britiske etterretningsorganisasjonen MI6 hadde vore involvert i kidnappinga v Belhaj og kona Bouchar.

Kan gå til sak mot britiske styresmakter

Dommen som blei kunngjort av britisk høgsterett i førre veke seier at bortføringa var brot på britisk lov nedteikna i Magna Carta som seier at ingen har rett til å bli utsett for vilkårleg fengsling utan lov og dom. Derfor får ekteparet Belhaj og Bouchar rett til å gå til sak mot britiske styresmakter. Det vil seia at tidlegare utanriksminister Jack Straw og MI6-sjefen Sir Mark Allen kan måtta møta for retten. Ekteparet har heile tida nekta å gå med på eit forlik med britiske styresmakter før dei fekk ei orsaking frå regjeringa. No håpar dei å få det. – Eg held fram med å håpa at rettferda ein dag vil vinna fram – ikkje berre for min familie, men også for alle som er feilaktig kidnappa i krigen mot terror, seier Belhaj til The Guardian.

Nektar for ulovleg bortføring

Storbritannias tidlegare utanriksminister Jack Straw seier i ein kommentar til avisa at han står fast på at han som utanriksminister handla fullt og heilt i samsvar med både nasjonal og internasjonal lov. – Eg var aldri innblanda i ulovleg bortføring eller arrestasjon av nokon utført av andre statar, seier han.

Stor siger for folkeretten

Jussprofessor Mads Andenæs meiner dommen i britisk høgsterett er ein stor siger for folkeretten. – Det vil seia at ingen stat har rett til å bryta internasjonalt vedtekne konvensjonar sjølv om dei rettferdiggjer det med at dei gjer det i kampen mot terror. Og dei kan heller ikkje gjera det for andre land på andre lands territorium, understrekar han.

Mads Andenæs er svært nøgd med at britisk høgsterett sluttar seg til to FN-rapportar som han hadde ansvaret for som leiar for FNs komité mot vilkårleg fengsling. - Høgsteretten er einig i at forbodet mot vilkårleg fengsling er jus cogens eller absolutt og ufråvikeleg folkerett. Britiske styresmakter hadde hevda at dei ikkje kunne ha ansvar sidan det nødvendigvis innebar at USA og CIA hadde opptrådt ulovleg mot utlendingar på utanlandsk territorium, og det var upassande for ein britisk domstol å konkludere slik under ei såkalla "act of foreign state"-doktrine, fortel han.

Andenæs viser til at Eirik Bjørge, som vann H.M. Kongens gullmedalje for doktoravhandlinga si i 2015, bidrog til FN-rapportane og også leidde eit omfattande folkerettsleg og komparativt forskingsprosjekt med forskarar og doktorstudentar i Oxford, som rapportane byggjer på.

- Må treffa akkurat

I slike FN-rapportar er det viktig å klargjera kva folkeretten seier, ikkje leggja noko til eller trekkja noko frå. Det er ei freisting berre å ta med det som er heilt sikkert, eller unødvendige kvalifikasjonar. I staden må ein treffa akkurat. Går ein for langt, kan det slå tilbake, peikar han på.

No har den britiske høgsteretten stadfesta FN-rapportane sine konklusjonar om viktige folkerettsprinsipp.

- Ein av dommarane, lord Sumption, viser til FNs komité mot vilkårleg fengsling når han peikar på at forbodet mot vilkårleg fengsling er absolutt og ufråvikeleg folkerett. Også tre av dei andre domarane kjem med presise kjeldevisingar til det arbeidet eg var ansvarleg for. Det viser at rapportane har treft akkurat der det er mogleg å seia sikkert kor langt folkeretten går i eit slikt spørsmål, fortel Mads Andenæs.

- God juridisk forsking kan ha stor påverknad

For han er dette viktig.

– Det er eit prov på at god juridisk forsking kan ha stor påverknad i konkrete saker, her gjennom to FN-rapportar. I denne saka er konsekvensen at tidlegare utanriksminister Jack Straw og MI6-leiaren sir Mike Allen kan stillast for retten for brotet på forbodet mot vilkårleg fengsling. Ekteparet som blei kidnappa, vil sannsynlegvis få ei solid erstatning frå britiske styresmakter, trur han. – Menneskerettane er i folkeretten si kjerne. For meg som forskar har det vore spennande å kombinera forskinga på dette området med å vera leiar for FNs komité mot vilkårleg fengsling, understrekar han.

Forklarte FN-rapportane i britisk rett

Mads Andenæs var spesialrapportør for desse to FN-dokumenta, "The UN General Principles And Guidelines On The Right Of Anyone Deprived Of Their Liberty To Bring Proceedings Before A Court" og "Deliberation on the definition and scope of arbitrary deprivation of liberty under customary international law". I tillegg intervenerte Mads Andenæs som partshjelpar saman med FNs spesialrapportør mot tortur, Juan Méndez, i den engelske court of appeal (appelldomstolen) og så i den britiske høgsteretten. – Eg fekk høve til å forklara FN-rapportane nøye, seier Andenæs.

Fekk jobb ved Oxford-universitetet

Etter at dommen i britisk høgsterett fall førre veke, blei Mads Andenæs også intervjua av The Guardian. – Der peika eg på korleis internasjonale FN-konvensjonar står over dei restriktive doktrinane som statens eigne juristar finn opp i saker som denne.

– Og doktorstudent Eirik Bjørge, kvar har du gjort av han?

– Nei, han er ikkje her lenger. Han fekk forskarstilling ved Oxford-universitetet og har sidan haldt fram med ei ustoppeleg ferd vidare. Men me samarbeider framleis om forsking på folkeretten og menneskerettane, seier han stolt.

denne nettsida står det meir om dommen frå den britiske høgsteretten.

Emneord: Jus, Menneskerettar, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 28. jan. 2017 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere