Adobe krev at UiO leiger lisensar for programvare

I framtida vil ikkje UiO kunna kjøpa lisensar til dataprogramma InDesign, Illustrator, Photoshop eller Adobe PDF. No krev produsenten at UiO leiger lisensane frå nettskya til Adobe. – Det fører til ein god del juridiske utfordringar for oss, seier seksjonssjef Anders Vinger i USIT.

VENTAR PÅ AVTALE: UiO har enno ikkje klar ein ny avtale med programvareprodusenten Adobe. – Sidan ingenting enno er heilt avklart juridisk, vil me førebels overlata avgjerda om innkjøp og fordeling av lisensar til dei lokale einingane ved UiO, seier seksjonssjef Anders Vinger i USIT.

Foto: Ola Sæther

Sidan tidleg i haust har Universitetet i Oslo vore i forhandlingar med programvareprodusenten Adobe for å få ein ny avtale om bruk av program som InDesign, Photoshop og Adobe PDF. Tidlegare har UiO kunna kjøpa inn alle lisensar som institusjonen har bruk for.

– Det vil ikkje lenger vera mogleg. No krev selskapet at alle brukarane må leiga lisensane for ei årleg avgift, fortel seksjonssjef Anders Vinger i USIT (Universitetets senter for informasjonsteknologi).

Treng ikkje leiga lisens til alle tilsette

Det er det norske selskapet Crayon AS som forhandlar med Adobe på vegner av UiO. Etter at forhandlingane lenge stod i stampe, har dei no kome med eit nytt utspel til Universitetet i Oslo.

– Det går ut på at brukarane får ein identitetsføderasjon. Det vil seia at dei kan bruka det same brukarnamnet og passordet i Adobe-skya som dei brukar ved UiO. Også tidlegare fekk me tilbod om denne identitetsføderasjonen, men då var det ein føresetnad at me lisensierte alle tilsette ved UiO med ein minimumspakke med Adobe-produkt. Med det alternativet som me no vurderer, slepp me det, men produkta vil enkeltvis kosta meir, forklarar Anders Vinger.

Utfordring med tilleggstenester

Men han peikar på at ikkje alt er problemfritt.

– Ei utfordring med løysinga vil framleis vera tilleggstenestene som Adobe plasserer i skya si. To døme på det er lagringsplass og tenester for samhandling. Det må difor takast omsyn til både lovverk og praktiske problemstillingar om kvar UiO finn igjen og presenterer sine data, seier han.

Må ha løysing for individuelt samtykke

Vinger legg til at UiO må ta omsyn til både Personvernlova og Arkivlova når dei skal forhandla fram denne avtalen.

– Den praktiske konsekvensen av det vil sannsynlegvis bli at UiO må setja opp ei løysing for individuelt samtykke frå brukar, dersom UiO set opp ein identitetsføderasjon med Adobes nettsky, og dermed altså må utlevera namn, kontaktinformasjon og anna som har å gjera med personvernlovgjevinga. Dette har me gjort for ein tilsvarande føderasjon med Microsofts teneste Office 365, opplyser Anders Vinger.

Ifylgje Arkivlova kan ikkje arkiv lagrast i ein datatenar utanfor Noregs grenser. « Ettersom dette vil innebere å føre arkiv ut av landet jamfør arkivlova § 9 bokstav b, står det på nettsidene til Riksarkivet.

– Kunne blitt to og ein halv gong dyrare

Anders Vinger viser til at Adobe-konsernet i 2015 gjerne ville ha ein pris på leige av lisensar som la til grunn at UiO har 6000 fast tilsette. – Det ville blitt to og ein halv gonger dyrare enn i dag, for det er langt færre tilsette enn dette som brukar programma. No forhandlar me med Adobe for å unngå akkurat den biten, fortel han.

– Kva skal kvar eining ved UiO gjera i dag, om dei har behov for programvarene til Adobe?

– Sidan ingenting enno er heilt avklart juridisk, vil me førebels overlata avgjerda om innkjøp og fordeling av lisensar til dei lokale einingane ved UiO. Dei veit best kven som har bruk for programma. Dermed ynskjer me at kvar IT-ansvarleg får ansvar for å kjøpa inn, administrera og lasta ned desse programma på kvar enkelt sin PC, seier Anders Vinger.

Kan bruka programvarekiosken til UiO

Men dei som enno ikkje har skaffa seg desse programma for å kunne utføra jobben sin, har likevel ein ny sjanse til å få det til.

– Dei kan bruka dei programma som me har gjort tilgjengelege i UiO-programvarekiosk. Desse programma vil ikkje kosta brukarane noko, fordi UiO allereie har betalt for det. Men etter kvart vil desse programma bli utdaterte og kanskje utrangerte etter når Adobe legg inn nye funksjonar i nyare og nyare programversjonar, fortel Vinger.

Det finst likevel også ei anna løysing.

– Det er mogleg å bruka om igjen gamle Adobe-lisensar ved UiO. Når ein tilsett sluttar eller ikkje lenger treng eit Adobe-produkt, kan IT-ansvarleg be om at lisensen blir overført til ein annan brukar. Dette gjeld dei versjonane som kom før Adobe lanserte sin «Creative Cloud», opplyser han.

UiO har aldri kunna forhandla direkte med Adobe. Det er det norske selskapet Crayon AS som har fått mandat til å forhandla på vegner av Adobe-konsernet i Noreg fordi UiO har inngått ein rammeavtale for desse programvarene med Crayon.

– Leiinga for Adobe er det ikkje lett å få tak i, smiler Anders Vinger.

Har avtale om nettskya til Microsoft

Etter hans meining vil den framtidige avtalen med Adobe truleg bli ganske likelydande med den avtalen UiO allereie har med Microsoft om Office 365. – Det selskapet opererer også med ei nettsky der mellom anna Office-pakka er gjort tilgjengeleg for UiO-brukarar. Der er også studentar inkluderte i pakka. Også hos dei har me skrive under ein kontrakt som tillét at brukarane kan nytta UiO-brukarnamnet i Microsofts nettsky. Slik kan dei få dei til å ta i bruk endå fleire program, understrekar Anders Vinger.

Vil ha personleg leigeavtale med studentar

Etter det Vinger opplyser til Uniforum, vil ikkje studentane få dei same vilkåra som dei tilsette i den ferdige avtalen mellom UiO og Adobe. Selskapet legg nemleg opp til at studentane skal inngå ein personleg leigeavtale med Adobe.

– Akademiske institusjonar får som regel vesentleg betre prisar enn andre på denne typen avtalar. Det er fordi folk under utdanning har ein tendens til å halda fram med dei same arbeidsverktøya når dei begynner i jobb. Og då er det heilt andre prisar som gjeld, seier Anders Vinger.

Han forstår at mange synest at det er for strenge reglar ved UiO.

– Amerikanske universitet er ikkje så opptatt av personvern som me er i Noreg. Me er svært opptekne av at lovverket blir fylgt, at me får gode prisar, og at me oppnår god flyt med dei andre IT-tenestene våre, når det gjeld å ta i bruk nettskyene som dei ulike leverandørane lanserer, understrekar Vinger.

Kvar eining bestemmer behovet

– Kva skal dei som har bruk for nye Adobe-program gjera?

– Dei må ta kontakt med IT-ansvarleg på den eininga der han eller ho arbeider og fortelja om behovet. Då tar dei kontakt med Crayon AS, og så blir lisensen kjøpt inn, fortel han.

Vinger trur at det i dag truleg ligg mange ubrukte Adobe-lisensar rundt omkring på UiO.

– Med den nye leigeavtalen blir talet på brukarar nærare talet på reelle brukarar. Eg trur at den løysinga me får om Adobe-skya, nok vil likna på den som me har laga med Microsoft.

– Og når trur du avtalen med Adobe kan vera klar?

– Eg håpar den vil vera i boks i løpet av vårsemesteret 2017.

Uniforum har vore i kontakt med Crayon for å få ein kommentar til forhandlingane om ein ny avtale mellom UiO og Adobe.  Me håpar å få den med i ei oppdatert sak.

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, USIT, Informatikk Av Martin Toft
Publisert 5. jan. 2017 16:57 - Sist endra 5. jan. 2017 16:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere