87 år gamle Morten Harboe driv forsking i verdsklasse

Den 87 år gamle medisinprofessoren Morten Harboe ved UiO fekk nyleg publisert ein vitskapleg artikkel i det prestisjetunge tidsskriftet PNAS. – Det er morosamt å forska, seier han til Uniforum.

FRISK TIL Å VERA 87 ÅR: – Eg er nok frisk til å vera ein mann i min alder, seier den 87 år gamle medisinprofessoren, Morten Harboe ved Universitetet i Oslo. I førre veke publiserte han ein vitskapleg artikkel om immunforsvaret i det prestisjetunge tidsskriftet PNAS.

Foto: Ola Sæther

Den 9. januar 2017 var ein stor dag i 87 år gamle Morten Harboes liv. Då fekk han publisert ein vitskapleg artikkel i det prestisjetunge tidsskriftet PNAS (Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America). Harboe er professor emeritus, og er førsteforfattar.

– Det me har gjort, er at me har klart å finna fram til funksjonen til eit protein i blodet som har å gjera med immunforsvaret.Heilt konkret handlar det om at me har oppdaga kva hovudfunksjon proteinet Properdin har og kva som skal til for at det skal fungera slik det skal. Det avklarar eit problem som har vore eit stridstema mellom forskarar i mange år. Ein av redaktørane for PNAS har uttalt at denne artikkelen fører til at forskarane no må avslutta diskusjonen om kva dette proteinet gjer i immunforsvaret, seier Morten Harboe, svært nøgd. Forskinga hans har i stor grad handla om funksjonen til immunforsvaret, spesielt relatert til tuberkulose og liknande sjukdomar.

– Ingen grunn til å slutta med forsking

– Eg held framleis på med forsking fordi eg synest det er morosamt. Sjølv var eg den første professoren i immunologi i Noreg. Heile tida har eg arbeidt mykje med både utdanning og forsking, og då eg fylte 70 år, såg eg ingen grunn til å slutta å driva med forsking. Sidan den gongen har eg vore på jobb nesten kvar dag, men eg begynner kanskje litt seinare på dagen enn det eg gjorde tidlegare, vedgår han.

Og Morten Harboe er glad for å kunna arbeida med det han brenn mest for.

– Eg har god plass og gode arbeidsvilkår. Det er viktig å leggja forholda til rette for å ta vare på kompetansen og røynslene til seniorforskarane, meiner han.

– Den viktigaste artikkelen

Morten Harboe skryter masse over sin næraste samarbeidspartnar og forskarfelle, Tom Eirik Mollnes. – Han har hovudstilling ved Nordlandssjukehuset i Bodø, men han er her frå onsdag til torsdag. Mollnes var ein av mine beste doktorstudentar, og no har han ei forskargruppe her ved Det medisinske fakultetet på UiO og ei annan gruppe i Bodø. Me arbeider tett saman, fortel han.

– Kor viktig er den vitskaplege artikkelen du no har fått på trykk i PNAS, i din forskarkarriere?

– Det er i alle fall den viktigaste artikkelen eg har skrive i løpet av dei siste åra. Faktisk er det eit framhald av ein vitskapleg artikkel eg skreiv i 2012.

Morten Harboe var også dekan ved Det medisinske fakultetet frå 1977-1980.

– Eg har alltid vore nært knytt til UiO, og har tykt det har vore kjekt å undervisa. Seinare har eg fått mange hyggelege tilbakemeldingar frå tidlegare studentar, seier han.

Bygde opp forskingsinstitutt i Etiopia

Men Morten Harboe har ikkje berre vore aktiv som forskar på Universitetet i Oslo. Han har også fått brukt andre sider av seg. Frå 1969 til 1970 fekk Morten Harboe og kona Sissel eit tilbod som fekk mykje å seia for livet deira.

NY DIMENSJON: – Arbeidet i Etiopia har gitt livet vårt ein heilt ny dimensjon, fortel medisinprofessor Morten Harboe. I 1969 drog han og kona Sissel til landet for å byggja opp og leia Armauer Hansen Research Institute i Addis Abeba. (Foto: Ola Sæther)

– Då spurte Redd Barna Norge, NORAD, Rädda Barnen i Sverige, og Sida, det svenske NORAD, om eg kunne byggja opp og leia Armauer Hansen Research Institute i Addis Abeba i Etiopia. Det låg inne på området til eit sjukehus der dei dreiv med behandling av både tuberkulose- og leprapasientar. Lepra og tuberkulose er dei fattige sine sjukdomar, minner han om.

– Det første året var eg også i audiens hos Etiopias keisar, Haile Selassie. Eg hugsar at då eg kom fram til slottet hans, sat det levande gepardar på kvar side av hovudtrappa. I parken rundt slottet gjekk det ei gammal hannløve. Seinare overtok andre makthavarar i Etiopia, men me har heile tida hatt eit godt samarbeid med dei etiopiske styresmaktene, fortel Morten Harboe.

– Har gitt livet vårt ein heilt ny dimensjon

Då han blei 70 år, fekk han ein ny førespurnad om å koma dit.

– Dei hadde fått forskjellige problem, så difor drog me dit tre månader om gongen i løpet av ein treårsperiode. No går det bra, og det er rundt 100 tilsette ved instituttet. Etiopiske styresmakter ynskjer å gjera instituttet til Etiopias første senter for framifrå forsking. Arbeidet i Etiopia har gitt livet vårt ein heilt ny dimensjon, fortel han.

– Kva har dette hatt å seia for forskinga di?

– Tuberkulose og lepra er to sjukdomar som er i familie med kvarandre. Begge oppstår frå basillar, som bryt ned immunforsvaret. Hovudarbeidet mitt har også vore å forska på immunforsvaret og korleis det fungerer.

– Kor lenge reknar du med at du kan halda på som forskar?

– Eg er nok frisk til å vera ein mann i min alder. Samtidig lever eg eit roleg og godt liv. No er eg godt i gang med ein ny vitskapleg artikkel, avslører han.

– Som eit eventyr

Gjennom eit langt liv er det ein person som har hatt mest å seia for han.

– Heile tida har kona mi Sissel spelt ei viktig rolle i livet mitt. På mange måtar kan eg seia at livet vårt saman har vore som eit eventyr.

 

Emneord: Medisin, Arbeidsforhold, Forskning Av Martin Toft
Publisert 20. jan. 2017 16:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere