UiO-akademikarar kritiserer Kissinger-invitasjon

– Henry Kissinger er ein krigsforbrytar, og eg vil oppfordra alle til å halda seg borte frå samtalen han skal delta i i Universitetets aula, seier jussprofessor Mads Andenæs. Moralfilosof Lars Christie er også svært kritisk til Kissinger-invitasjonen.

KRIGSFORBRYTAR: – Henry Kissinger er ein krigsforbrytar, meiner jussprofessor Mads Andenæs. Han vil difor halda seg heime når Henry Kissinger søndag deltar i ein samtale i Universitetets aula om verdsfreden etter det amerikanske presidentvalet.

Foto: UiO

Sundag 11. desember deltar USAs tidlegare utanriksminister Henry Kissinger i ein samtale i Universitetets aula om verdsfreden etter presidentvalet i USA. Då møter han president Jimmy Carters tryggingsrådgjevar Zbigniew Brzezinsky. Dei er inviterte til Oslo av Nobelinstituttet og Universitetet i Oslo. Mange held Henry Kissinger som ansvarleg for både kuppet mot Salvador Allende i Chile i 1973 og for å ha halde ei vernande hand over militærdiktatura i Latin-Amerika på 1970-og 1980-talet. Han får også skulda for å ha forlengja krigane USA førte i Indokina. Både Latin-Amerika-ekspert Benedicte Bull og dokumentarfilmskapar Erling Borgen har difor vore kritiske til at Henry Kissinger er invitert til Noreg.

Overraska over at Kissinger er invitert til Noreg

I går stod dei to UiO-tilsette James Sagaute og Raul da Cunha fram i Uniforum og fortalde kor sjokkerte dei var over at UiO hadde invitert Henry Kissinger til å delta i ein samtale om verdsfreden i Universitetets aula. Begge hadde flykta frå to tidlegare militærdiktatur i Latin-Amerika.

Flyktning og UiO-tilsett: - Eg er sjokkert over Kissinger-invitasjon

–Må unngå å reisa til Latin-Amerika og Europa

I dag kjem fleire akademikarar på bana. Jussprofessor Mads Andenæs brukar sterke ord om mannen UiO og Nobelinstituttet har invitert.

– Henry Kissinger er ein krigsforbrytar. Det er derfor dei juridiske rådgjevarane hans ber han om ikkje å reisa til fleire land i Latin-Amerika og Europa fordi han då risikerer å bli arrestert for å stå til ansvar for krigsbrotsverka sine, seier Andenæs til Uniforum.

Han er også svært uroa over at Nobelinstituttets direktør, Olav Njølstad skal intervjua Henry Kissinger i samband med samtalen med tidlegare president Jimmy Carters tryggingsrådgjevar, Zbigniew Brzezinsky.

– Olav Njølstad er ikkje kjent som ei kritisk stemme. Å setja han til å intervjua Henry Kissinger er upassande, meiner han.

Sjølv vil han halda seg vekke frå arrangementet.

– Eg vil ikkje koma, og eg oppfordrar andre til heller ikkje å dra, seier Mads Andenæs.

Direktør Olav Njølstad i Nobelinstituttet har tidlegare forsvart invitasjonen til Henry Kissinger.

Eg blir ikkje veldig imponert over norske akademikarar som protesterer mot at Kissinger får uttala seg om viktige internasjonale spørsmål på norsk jord. Det biletet som desse kritikarane teiknar av innsatsen hans som politikar, blir dessutan altfor svart-kvitt, sa Olav Njølstad til Uniforum i november.

– Eit merkeleg val

Lars Christie er gjesteforskar ved Universitetet i Oslo og postdoktor i moralfilosofi ved Oxford University i Storbritannia. Han forstår likevel ikkje kvifor Nobelinstituttet og UiO har invitert Henry Kissinger til å delta i ein samtale om verdsfreden etter det amerikanske presidentvalet.

– Eg synest dette er et svært merkeleg val, spesielt med tanke på ramma dette arrangementet blir gitt. Universitetets aula er blant universitetet sine mest seremonielle og ærverdige talarstolar, og det er vanskeleg å ikkje sjå dette som ei anerkjenning av Kissinger. Når det i tillegg er blitt eksplisitt informert om at det ikkje vil bli høve til å stilla spørsmål frå Kissingers’ tid som aktiv politikar, er dette valet vanskeleg å forstå, synest Lars Christie.

– To typar kritikk

Han synest det er viktig å sjå skilnadene på kritikken som har kome mot besøket.

– Eg trur me kan skilja mellom to typar kritikk. Den eine er kategorisk og går ut på at Henry Kissinger ikkje burde inviterast til å halda foredrag på universitetet i det heile tatt. Den andre rettar seg meir mot formatet og innramminga av foredraget. Den andre kritikken er den lettaste å stilla seg bak. Under nokre omstende kan det kanskje vera greitt å invitera Kissinger til ein kritisk og konfronterande debatt, dersom det var tilstrekkeleg
ope for konfronterande spørsmål. Spørsmålet er om Kissinger ville vore interessert i å stille opp i eit slikt forum.

Saknar meir merksemd om arrangementet

Lars Christie har registrert lita merksemd frå andre universitetstilsette om dette arrangementet.

– Generelt er eg overraska over at det ikkje har vore meir merksemd om dette frå universitetstilsette, og at arrangementet ikkje ein gong har vore annonsert på UiOs eigne heimesider. Dette er i seg sjølv ganske underleg, med tanke på at det er eit tv-overført arrangement gjennomført i Aulaen i partnarskap med Nobelinstituttet.

– Kva synest du om at det ikkje blir opna for å stilla kritiske spørsmål til Kissinger om menneskerettsbrot og militærkupp som regjeringane han var med, hadde ansvaret for?
– Reint debatt-teknisk skjønar eg dette, ettersom temaet for debatten er noko anna. Men det er jo også nettopp dette som er ein del av problemet – at ein har vald eit tema som gjer det unaturleg å stilla kritiske spørsmål om dei svært alvorlege handlingane Kissinger er skulda for, peikar Lars Christie på.

I går forsvarte UiO-rektor Ole Petter Ottersen invitasjonen til Henry Kissinger frå Nobelinstituttet og UiO.

– Mi meining er at det på eit universitet skal vera ekstremt høgt under taket, med ein fri talarstol. Føresetnaden er at den frie talarstolen vert kopla til sjansen for samtale og debatt, understreka Ole Petter Ottersen i Uniforum i går.

– Burde opnast for direkte spørsmål frå salen

– Kva vil du råda UiO til å gjera for at det skal bli "ekstremt høgt under taket" i Aulaen på søndag, Lars Christie?

– Slik det er lagt opp no, er det vanskeleg å endra på formatet på ein måte som ikkje utfordrar heile innretninga på arrangementet. Som eit minstemål ville eg ha kravd at det skulle opnast opp for direkte spørsmål frå salen. Dette ville igjen føresett ei temadreiing av heile arrangementet slik at det også tok opp dei svært alvorlege skuldingane mot Kissinger, meiner Lars Christie.

Samtalen om verdsfreden etter presidentvalet i USA, finn stad søndag 11. desember klokka 11.00 i Universitetets aula. Då møter USAs tidlegare utanriksminister og tryggingsrådgjevar Henry Kissinger tidlegare tryggingsrådgjevar for president Jimmy Carter, Zbigniew Brzezinsky. Etter at kvar av dei to har halde ei innleiing, vil det bli ein samtale mellom dei to med direktør Olav Njølstad ved Nobelinstituttet som møteleiar. Over 500 personar er inviterte til arrangementet.

 Latin-Amerikagruppene i Noreg har annonsert ein demonstrasjon mot arrangementet på Universitetsplassen samtidig som samtalen går føre seg inne i Universitetets aula.

Uniforum vil koma med ei sak frå møtet i løpet av måndag.

Emneord: Menneskerettar, USA, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 9. des. 2016 19:09 - Sist endra 10. des. 2016 20:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere