Smykke frå sensorbrikker finansierer forsking

Unge australske forskarar går nye vegar for å få ekstra pengar til forsking. Dei har gjort om sensorbrikker som har vore på selar og albatrossar til smykke forma som dyret dei har vore festa til.

KREATIVE: Forskarane Annalise Rees (t.v.) og Jamie Cleeland  frå Australia lagar i fellesskap smykke av sensorbrikker som tidlegare er brukte på sel og sjøfuglar. Inntektene finansierer forsking.

Foto: Paul Carter/BBC

Forskarane Jaimie Cleeland og Annalise Rees frå Tasmania i Australia ber kvar sin brosje på brystet. Dei er forma som ein albatross og ein sel. Begge er laga av sensorbrikker som dyra har farta rundt med i Antarktis for å gi forskarane verdifull informasjon om vandringane deira . Når dei møter dyra igjen, tar dei av sensorbrikkene og resirkulerer dei altså til sel- og albatrossforma brosjer, melder BBC.

Det er dei yngre forskarane som sjølve brukar fritida si til å gjera om sensorane til smykke. Dei sel kvar brosje for ein donasjon på minimum 590 kroner (100 australske dollar). Salet gjer det mogleg for forskarane å kjøpa inn fleire sensorbrikker, slik at dei kan halda fram med å forska på veremåten til sjøfuglar og selar.

Har kjøpt inn 100 sensorbrikker

Inntektene har også gjort det mogleg for doktorkandidat Jaimie Cleeland å få dekt reisekostnadene med feltstudiar til både Antarktis og Sørishavet, slik at ho har kunna halda fram med forskinga si. – Desse ekstra pengane gjer det mogleg for oss å driva endå meir forsking medan me er i desse ekstreme naturområda, seier Cleeland til BBC.

Så langt i år har Cleeland frå University of Tasmania og samarbeidspartnaren hennar, doktorkandidat Annalise Rees frå Tasmanian College of the Arts, seld nok brosjer til å finansiera 100 nye sensorbrikker.

Kutta 275 forskarstillingar

Etter at den australske forskingsinstitusjonen CSIRO (the Commonwealth Scientific and Industrial Research Organisation) tidlegare i år kutta pengestraumen til 275 forskarstillingar, har det ført til fleire kreative måtar å finansiera forsking på.

Doktorkandidaten Kiranne Goosen frå University of Tasmania har late økonomiske bidragsytarar «adoptera» ein marin bakteriekoloni for ein symbolsk sum på 50 norske kroner (10 australske dollar). Tilbake har dei fått eit diplom med namnet på bakterikolonien som bidragsytaren adopterer. På den måten klarte ho å få inn 7500 kroner som ho brukte for å reisa til ein konferanse i Europa der ho kunne presentera funna i doktoravhandlinga si.

– Ein drope i havet

Rettleiaren hennar, førsteamanuensis John Bowman,fortel at det er tøft å få på plass ei finansiering av slike reiser. – Folk må vera svært kreative for å finna ut korleis dei kan få dette til, seier han til BBC. Han meiner likevel det aldri kan koma på tale å finansiera grunnforsking på den måten. – Denne måten å finansiera forsking på vil alltid berre utgjera ein drope i havet. Nokre få tusen dollar her og der er ingenting samanlikna med forskingsprosjekt som kostar fleire millionar dollar, seier han til BBC.

(Kjelder: BBC, University of Tasmania og Geolocation Journeys)

Emneord: Biologi, Økonomi, Australia Av Martin Toft
Publisert 30. des. 2016 14:37 - Sist endra 30. des. 2016 14:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere