Fylg med over i nettutgåva til Uniforum!

I dag kjem Uniforum med den aller siste papirutgåva. Frå og med i morgon satsar Uniforum heildigitalt i uniforum.uio.no. Men du kan få nyhende frå Uniforum rett på PC-en din på jobben og på mobil.

BLI OPPDATERT: Uniforums nettutgåve vil halda deg oppdatert om dei viktigaste hendingane ved Universitetet i Oslo.

Foto: Martin Toft

På «For ansatte-sida» til Universitetet i Oslo kan du leggja ein snarveg til Uniforum. Du kan også sikra deg tilgang til Uniforums nyhende, lesarbrev og kommentarar ved å leggja inn Uniforum under overskrifta Aktuelt. Om du vel den siste løysinga, vil alle nye saker frå Uniforum dukka opp automatisk på di eiga «For ansatte-side».

Abonnér på Uniforums nyhendebrev

Om du ein gong i veka vil ha eit oversyn over kva avisa skriv, kan du abonnera på Uniforums nyhendebrev. Det gjer du ved å senda epostadressa di til uniforum@admin.uio.no. Då vil du automatisk få sendt Uniforums nyhendebrev til epostboksen din. Dersom du vil fylgja med i Uniforum på Facebook, finn du avisa om du søkjer etter Uniforum på Facebook.

Sakleg og fri informasjon

Uniforum har blitt redigert etter Redaktørplakaten og prinsippa i Ver varsam-plakaten sidan april 2005. Sidan den gongen har avisa vore heilt uavhengig og sjølvstendig frå universitetsleiinga.

I Uniforums vedtekter heiter det at avisa skal gi sakleg og fri informasjon og meiningsutveksling frå Universitetet i Oslo på tvers av institutt- og fakultetsgrenser og administrative nivå. Det same målet gjeld sjølvsagt for den heildigitale utgåva av Uniforum.

Nye endringar på gang

Om kort tid vil avisa i samarbeid med USIT også gjera ein del nye endringar på nettsida, som vil gjera avisa både synlegare og gi den eit meir innbydande inntrykk.

Alt er enno ikkje klart, men det som truleg vil koma til å skje, er at debattinnlegga vil få ein betre og meir synleg plass. Det blir også lettare å skilja mellom viktige og mindre viktige nyhendesaker.

Uniforum-redaksjonen lovar alle lesarane våre ei ny og friskare nettutgåve, med mange viktige saker også i dei komande åra. God lesing!

 

 

Emneord: Uniforum Av Martin Toft
Publisert 15. des. 2016 01:00

Det var nytt for meg at Uniforum i det hele tatt har papirutgave. Har lest gjennom mange år ved hjelp av RSS-abonnement, som er en mye bedre måte å abonnere på enn gjennom nyhetsbrev på e-post. 

hg@iktsenteret.no - 15. des. 2016 10:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere