Demonstrerte mot Henry Kissinger-møte

Protestar og slagord møtte USAs tidlegare utanriksminister Henry Kissinger då han skulle delta i ein samtale med Jimmy Carters tryggingsrådgjevar Zbigniew Brzezinsky i Universitetets aula i går.

MOT HENRY KISSINGER: Vietnamesiske organisasjonar protesterte mot Kissingers rolle i Vietnam-krigen. Dei meinte han hadde svikta Sør-Vietnam.

Foto: Martin Toft

I Aulaen:

Henry Kissinger kom aldri for å ta imot fredsprisen han og Nord-Vietnams sjefsforhandlar Le Duc Tho blei tildelt av Nobelkomiteen i 1973. Medan den sistnemnde avslo prisen, gjorde Kissinger aldri det. – Derfor er eg takksam for at eg fekk eit nytt høve til å koma til Oslo no for å halda dette foredraget, sa Kissinger frå talarstolen i Universitetets aula søndag 11. desember.

Protesterte mot Kissingers politikk

Ute på Universitetsplassen stod rundt 200 demonstrantar som protesterte mot rolla han spelte i planlegginga av kuppet mot Chiles demokratisk valde president, Salvador Allende i 1973. Dei kalla han for krigsforbrytar. Då den demonstrasjonen var over, overtok vietnamesiske organisasjonar Universitetsplassen. Dei protesterte mot at han hadde svikta Sør-Vietnam under Vietnam-krigen og dei kalla både Henry Kissinger og Le Duc Tho for krigsforbrytarar.

– Stor personlegdom

Inne i Aulaen heldt Henry Kissinger fram med foredraget sitt. Kissinger kom først inn på problema til den nyvalde presidenten i USA, Donald Trump. – Han er ein stor personlegdom som vil møta store utfordringar.

Kissinger peika på kor viktig det var at dei store aktørane på verdsscena samarbeidde. Då tenkte han på USA, Kina og Russland.

– Det er viktig med internasjonal orden. Og no må me gi Donald Trump og regjeringa hans tid til å presentera politikken sin, understreka han.

Må hindra spreiing av atomvåpen

For Henry Kissinger var det viktigaste no å hindra spreiing av atomvåpen til andre aktørar enn dei landa som allereie har atomvåpen.

– Om grupper utanfor staten får tak i atomvåpen, vil det bli langt farlegare enn når dei er under kontroll av staten. Både USA, Kina, Russland og andre land må samarbeida for å hindra at dette skjer, meinte han. Kissinger var uroleg for situasjonen i Midtausten.

Samtidig skrytte han masse over EU og Europa.

– Det er det einaste kontinentet som har klart å danna ein organisasjon som har fremja samarbeid om økonomi og politikk mellom land som tidlegare har vore i krig med kvarandre. Dessverre ser det no ut til at det blir eit tilbakeslag for den politikken, og det er åleinegang som gjeld for mange land, sa han.

GODT PASSA PÅ: Det var mange som passa på Henry Kissinger då han var i Universitetets aula.(Foto: Martin Toft)

Ingen sjølvkritikk

Kissinger tok ingen sjølvkritikk på vegner av politikken til USA.

– Alle dei amerikanske regjeringane har alle som ein vore opptekne av å oppretthald fred og stabilitet i verda. Håpet mitt er at USA vil halda fram med ein slik politikk, sa den 93 år gamle tidlegare amerikanske utanriksministeren.

– Obama har fått til for lite

Også Jimmy Carters tidlegare tryggingsrådgjevar Zbigniew Brzezinsky på 88 år, heldt foredrag i Universitetets aula i går. Han er langt mindre omdiskutert enn Henry Kissinger, men hadde også sterke meiningar om verdspolitikken. Stort sett var han nøgd med den åtte år lange presidentperioden til fredsprisvinnaren Barack Obama, med eitt unntak.

– Eg synest han har fått altfor lite til når det gjeld å få på plass ein endeleg og gjeldande fredsavtale mellom Israel og palestinarane. Han veit godt at eg meiner det. Og eg støttar Jimmy Carter i at det er viktig at USA anerkjenner Palestina som ein stat, slo han fast.

– Må ikkje ta parti for India mot Kina

Zbigniew Brzezinsky var også opptatt av spelet mellom USA, Kina og Russland.

– Eg vil åtvara USA mot å ta parti for India imot Kina. Då vil Kina lett koma til å svara med å inngå ein strategisk allianse med Russland. I dag er Kina mest opptatt av å ha ein inngang til den europeisk marknaden. Det viser den store interessa landet har for dei sentralasiatiske republikkane, som tidlegare var ein del av Sovjetunionen, konstaterte han.

Samtidig kom han med eit råd til politikarar i USA og i Europa.

– Russland må forstå at dersom landet invaderer Litauen eller ein av dei andre baltiske republikkane, så vil det føra til full stans i forholdet til Europa og USA. Då vil det føra til store økonomiske tilbakeslag for Russland, meinte han.

Russland må sjå kor viktig det er å få eit betre politisk forhold til både Kina og USA, la han til. Som døme på vellykka samarbeid mellom supermaktene USA og Sovjetunionen, viste han til Cuba-krisa i 1962.

– Då trekte Sovjetunionen tilbake dei atomrakettane dei hadde plassert på Cuba.

I samtalen med Nobelinstituttets direktør Olav Njølstad etterpå, utdjupa Brzezinsky synet sitt på forholdet mellom Russland, Ukraina og Kviterussland.

– Ukraina er framleis eit døme på eit av verdas farlegaste landområde. Grunnen er at Russland med Ukraina er ei stormakt av første grad. Utan Ukraina blir Russland ei andregrads stormakt, meinte han.

Ventar på Trumps utanrikspolitikk

Brzezinsky ventar framleis spent på kva som blir utanrikspolitikken til Donald Trump overfor Russland, Kina og Midtausten.

– Ikkje minst lurer eg på kva politikk han vil føra overfor landa i Midtausten. Det er også viktig å halda fram kontakten med Iran. Og når eg vurderer Kina-politikken hans og telefonsamtalen han hadde med Taiwans president, får det meg til å tenkja fylgjande: Kva blir den neste interessante telefonsamtalen til Donald Trump? sa han med eit smil.

 

 

Emneord: USA, Statsvitenskap, Menneskerettar Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 12. des. 2016 15:57 - Sist endra 12. des. 2016 15:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere