Diana Kordon: – Viktig å få dømt dei skuldige for overgrepa i Argentina

– Dommane mot dei skuldige for overgrepa under militærdiktaturet var svært viktige for heile det argentinske samfunnet. Det fortel psykiateren Diana Kordon. I går fekk ho utdelt Universitetet i Oslos menneskerettspris for arbeidet for offera til militærdiktaturet.

VIKTIG KAMP: Psykiateren Diana Kordon frå Argentina fekk utdelt UiOs menneskerettspris i Gamle festsal den14. november. – Det er ein fin pris å få for kampen det argentinske folket har kjempa for rettferd og for å hindra straffefridom, seier ho til Uniforum.

Foto: Ola Sæther

Uniforum møtte  Diana Kordon og mannen hennar Dario Lagos i Professorboligen i Universitetshagen tidlegare på dagen.  

– Det er ein fin pris å få for kampen det argentinske folket har kjempa for rettferd og for å hindra straffefridom. Prisen er også til ære for dei 30 000 argentinarane som forsvann under militærdiktaturet, seier Diana Kordon.

På leit etter eigne venner

Det 40 år lange arbeidet hennar for offera for det argentinske militærdiktaturet, som hadde makta i landet frå 1976 til 1983, starta då hennar eigen vennekrins blei direkte ramma.  Ektemannen Dario Lagos hugsar det godt. – Det begynte med at Diana drog ut for å leita etter venner av oss som hadde forsvunne. Då blei ho kjent med familiar som hadde opplevd det same. Mange hadde ikkje høve til å reisa rundt for å undersøkja dette, difor valde dei Diana som sin representant. Slik blei ho kjent med mødrene, politistasjonane og dei franske nonnene.  Og dei første åra fram til 1979 jobba ho heilt åleine. Det var før me blei eit felles team, fortel Dario Lagos.  

Her bryt prisvinnaren sjølv inn og forklarar nærare kva som skjedde.

– Det var då dei oppdaga kva som var yrket mitt bad dei meg om å behandla nokre av mødrene som var deprimerte.  Eg blei då beden om å snakka med barna til dei forsvunne og fortelja dei kva som hadde skjedd med foreldra deira, fortel Diana Kordon. 

Samarbeidde med Mødrene på Mai-plassen

Ei pengegåve frå kona til ein nederlandsk statsminister gjorde det mogleg for Mødrene på Mai-plassen å kjøpa eit eige husvære i nærleiken av rettsbygningen i Buenos Aires.  Der møtte ekteparet Diana Kordon og Dario Lagos Mødrene på Maiplassen. Og  der begynte arbeidet med å behandla mødrene og andre pårørande til dei 30 000 som forsvann i Argentina under diktaturet.  Diana Kordon peikar på ein viktig grunn til mange av slektningane deira, fekk psykiske problem.

–Det som var verst i byrjinga var mangelen på informasjon. Uvissa om kva som hadde skjedd med barna deira, gjorde at mange av dei blei deprimerte. Det fanst heller ikkje noko dødsritual for dei.  Barna var verken levande eller døde, dei var forsvunne.  Det fekk mødrene til å dra til Maiplassen med krav om at militærdiktaturet fortalde dei kva som hadde skjedd med barna deira.  Det fekk dei også ovanpå psykologisk,  sidan dei stod fast på at dei forsvunne eksisterte og staten hadde ansvaret for å informera foreldra om  kvar dei var. Dei fekk folk i Argentina til å bli klar over at mange tusen personar var forsvunne under militærdiktaturet, trass i at regimet sjølv hadde prøvd å skjula dette.  Dette var ein utruleg viktig og banebrytande kamp, seier Diana Kordon. 

Traume som ikkje går over

Ho viser til at fylgjene av brutaliteten og overgrepa som folk opplevde i fengsel og i fangeleirar i Argentina, er noko som ikkje går over. – Som Leo Eitinger påviste med studia av fangar som hadde vore i tyske konsentrasjonsleirar, blir slike traume verande i ein person gjennom heile livet. Ja, den kan til og med gå over til å få fylgjer for dei seinare generasjonane. 40 år etter at militærdiktaturet  blei innført i Argentina, merkar me framleis fylgjene gjennom dei personane me behandlar, seier Diana Kordon.

Vendepunkt i 2005

I 2005 blei dei slutt på straffefridomen mot dei som hadde stått bak overgrep under militærdiktaturet. Det førte til mange rettssaker der mange av leiarane for militærdiktaturet og handlangarane deira  blei dømde til lange fengselsstraffer. – Eigentleg starta det med den første sivile regjeringa til Raúl Alfonsin. Han begynte å arrestere folk som hadde stått bak overgrep. Men på grunn av press frå militæret blei sakene mot alle andre enn toppane frå militærdiktaturet lagde bort, fortel Dario Lagos.  – Etterfylgjaren hans Carlos Menem innførte straffefridom for mange av dei skuldige frå militærdiktaturet. Det var heilt forferdeleg, legg han til.

– Desse dommane mot dei skuldige for overgrepa under militærdiktaturet var svært viktige for heile det argentinske samfunnet.  30 år etter at diktaturet blei innført, blei den lange kampen mot straffefridom og kampen for rettferd, krona med siger. Kampen for menneskerettane har alltid vore viktig i Argentina, fortel Diana Kordon.

Argentinas andre traume

Eit anna traume for det argentinske samfunnet er attentatet mot Det argeninsk-jødiske kultursenteret, AMIA-bygningen  i Buenos Aires i 1994.  85 personar mista livet. Framleis er ingen arrestert  og stilt for retten for det terroråtaket.   Både Diana Kordon og Dario Lagos har engasjert seg for å få styresmaktene til å oppklara kven som stod bak.  – Det er eit krav som me har kome me overfor både denne regjeringa og den tidlegare regjeringa. Me veit at den førre presidenten Cristina Fernández de Kirchner var i kontakt med iranske styresmakter. Men me står enno ikkje framfor noko svar på kven som stod bak. Me kjende personleg fleire av dei som blei råka av attentatet, fortel dei.

Kritiserer ikkje Kissinger-invitasjon

Den 11. desember skal USAs tidlegare utanriksminister Henry Kissinger delta i ein debatt med USAs tidlegare president Jimmy Carters tryggingspolitiske rådgjevar Zbigniew Brezinzky i Universitetets aula. Begge er inviterte av Nobelinstituttet og Universitetet i Oslo for å diskutera verdsfreden etter det amerikanske presidentvalet.  Mange reknar Henry Kissinger som ein av arkitektane bak militærkuppet i Chile og den som heldt ei vernande hand over militærdiktaturet i Argentina.  Diana Kordon er også ei av dei som er svært kritiske til politikken som Henry Kissinger stod bak.

– Me vil ikkje leggja oss bort i avgjerda om at Noreg har invitert Henry Kissinger til den samtalen. Det står Noreg sjølvsagt fritt til å gjera. Det me veit er Henry Kissinger støtta aktivt militærdiktaturet i Argentina. Kissinger var også  saman med sjefen for militærdiktaturet Jorge Videla under fotball-VM i  1978. Så me har bestemte meiningar om Henry Kissinger, seier Diana Kordon. 

–Vil du ikkje at han også bør stillast for retten for den politikken han stod bak blant anna i Argentina?

– Lærdomen vår gjennom dei prosessane me har vore gjennom i Argentina, er at kvart folk må dømma sine eigne.  Samtidig har alle stormaktene vore innblanda i argentinsk politikk.   Akkurat som stormaktene i dag blandar seg inn i politikken i andre land, slår Diana Kordon fast.

 

Emneord: Menneskerettar, Latin-Amerika, UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 15. nov. 2016 12:39 - Sist endra 15. nov. 2016 12:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere