UiO-professor dømt til fengsel for konemishandling

Ein UiO-professor er i Oslo tingrett dømt til fengsel i ti månader utan vilkår for å ha mishandla kona si i over eitt og eit halvt år.

I ein periode på eitt og eitt halvt år har UiO-professoren både slått og truga kona si. Han er mellom anna funnen skuldig i å ha slått henne i hovudet med ein trehammar og for å ha tatt kvelartak på henne.

I dommen har retten lagt vekt på kor store skader dette kan føra til og opplevinga den fornærma hadde av psykisk terror og frykt for at tiltalte skulle enda opp med å drepa henne.

Forholdet blei meld til politiet den 23. oktober 2014, medan tiltalen først kom opp halvtanna år seinare. Difor har mannen blitt dømt til ti månader fengsel utan vilkår i staden for til eitt års fengsel, som ville ha vore ein vanleg dom. Dei tre dagane han har sete i fengsel blir trekte ifrå. Mannen er også dømd for i to tilfelle å ha motarbeidt rettsvesenet.

Dommen blei kunngjort av Oslo tingrett i dag, men er enno ikkje rettskraftig. Dommen er nemleg anka. "Den ble anket i dag da min klient mottok dommen", skriv forsvararen hans Helene Elness i ein epost til Uniforum.  Dermed vil saka også  koma opp  i Borgarting lagmannsrett.

(Oppdatert 22.11.2016 kl. 00:14)

 

Emneord: Juss Av Martin Toft
Publisert 21. nov. 2016 17:00 - Sist endra 22. nov. 2016 00:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere