Forskarforbundet møtte UiO i Høgsterett

Kan ein oppsagt forskar få fortrinnsrett til ei stilling som førsteamanuensis? Det skal Høgsterett no avgjere, skriv Forskerforum.

UiO I HØGSTERETT: Høgsterett skal no avgjera om ein oppsagt UiO-forskar får fortrinnsrett til ei stilling som førsteamanuensis.

Foto: Martin Toft/Uniforum

– Det er ikkje rettsleg grunnlag for å seie at ei førsteamanuensstilling er ei høgare rangert stilling enn ei forskarstilling, uttalte advokat Mariann Helen Olsen i Forskerforbundet i rettssaka mot staten i Høgsterett den 3. november, ifylgje Forskerforum.

Høgare rangert?

Olsen representerer ein oppsagt forskar ved Universitetet i Oslo (UiO), som tidlegare har vunne fram i Borgarting lagmannsrett, etter først å ha tapt i tingretten. Lagmannsretten konkluderte med at forskaren var å betrakte som fast tilsett, og retten kom også til at han hadde fortrinnsrett på ledige professor- eller førsteamanuensisstillingar.

UiO anka saka, men Høgsterett godtok berre delar av anken. Høgsterett ville berre ta stilling til det prinsipielle spørsmålet om fortrinnsrett.

UiO ved regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig bad om at lagmannsrettens dom må bli oppheva. Ho prosederte overfor Høgsterett at ei stilling som førsteamanuensis utgjer eit avansement for ein forskar. Dom i saka er ikkje venta før om nokre veker.

Les heile artikkelen i Forskerforum.

Emneord: Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk
Publisert 8. nov. 2016 10:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere