Ein kamp mellom lystsjakk og vitskapleg sjakk

– VM-kampen mellom Magnus Carlsen og Sergej Karjakin er også ein kamp mellom ein som spelar sjakk av lyst og glede og den siste representanten frå den vitskapsbaserte sovjetrussiske sjakkskulen. Det sa sjakk- og Russlandsekspert, professor Atle Grønn på eit lunsjmøte i Georgs Sverdrups hus i går.

KJENNER KVARANDRE GODT: Sjakk- og Russlandekspert, professor Atle Grønn viser fram eit ungdomsbilete av sjakkrivalane Sergej Karjakin og Magnus Carlsen.

Foto: Ola Sæther

I kveld startar det femte partiet under VM i sjakk i New York. Regjerande verdsmeister Magnus Carlsen og utfordraren Sergej Karjakin frå Russland har så langt spelt fire parti, som alle har enda med remis, altså uavgjort.  Sjakk- og Russlandsekspert, UiO-professor Atle Grønn fortalde på eit møte i regi av Universitetsbiblioteket i går om dei viktigaste skilnadene mellom dei to rivalane.

 – Karjakin er på Carlsens nivå no

– Begge har vore gode i sjakk og vore rivalar sidan dei var i tenåra. Fram til 15-årsalderen var Karjakin den klart beste av dei to, og då blei dei aldri venner. Men då dei blei 17 år var Magnus Carlsen rekna å vera den beste av dei to av alle sjakkekspertar, og i den tida blei dei også venner, fortel han. – Det er først no at Karjakin er blitt så god at han kan utfordra Magnus Carlsen om VM-tittelen i sjakk, legg han til.

Produkt av den sovjetrussiske sjakkskulen

Atle Grønn viser til at Karjakin har trent sjakk vitskapleg heilt sidan han var i tiårsalderen.

– Det gjorde han ofte av plikt og ikkje så ofte av lyst. Han er eit klart produkt av den sovjetrussiske sjakkskulen. Magnus Carlsen har heile tida spelt sjakk av lyst. Då han var i 12-årsalderen deltok han aldri i familiemiddagane. Han sat på rommet sitt og åt med ein gaffel i den eine handa og ei sjakkbok i den andre, fortalde han til ei forsamling på 40 sjakkinteresserte sjeler.

– Spelar på intuisjon

Atle Grønn viste også til korleis Karjakin har med seg eit svært støtteapparat. – Dei har gått i gjennom milliardar av ulike sjakkproblem på data. Difor spelar Karjakin mykje på tileigna kunnskap i motsetning til Magnus Carlsen som spelar på intuisjon. Det er ein intuisjon som han har bygd opp heilt sidan han begynte å spela sjakk i tiårsalderen. Alt som byggjer opp om intuisjonen byggjer eit mønster i langtidsminnet i hjernen. Truleg har Magnus Carlsen lagra fleire hundre tusen sjakkposisjonar der. Difor seier trenaren hans at Magnus Carlsen hadde klart å vinna VM i sjakk også utan støtteapparat, fortalde Atle Grønn.

– Har opna betre enn under VM i 2013

Klokka 20.00  i kveld spelar Magnus Carlsen og Sergej Karjakin det femte partiet i sjakk-VM. Til saman skal dei spela 12 parti før det kan utropast ein vinnar. – Mange journalistar meiner Magnus Carlsen ikkje har opna godt sidan han har spelt remis i dei to første partia. Men han har opna betre enn det han gjorde mot Viswinathan Anand i 2013. Og då blei han verdsmeister, minte Atle Grønn om.

Av Martin Toft
Publisert 17. nov. 2016 18:14 - Sist endra 17. nov. 2016 18:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere