Jan Fridthjof Bernt: – Vibeke Roggen burde fått varsel og partsinnsyn

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt meiner UiO ikkje fylgde vanlege reglar for varsling og partsinnsyn då dei gav førsteamanuensis Vibeke Roggen ei «munnleg tilrettevising». Bernt synest likevel det var på sin plass av UiO å ta den aktuelle saka opp med henne.

SKULLE HA SETT BREVET: – Det er derimot ganske openbert at Roggen hadde krav på å få sjå, og skulle ha blitt lagt føre, brevet frå rektor der han klaga over denne meldinga. Det seier pensjonert jussprofessor Jan Fridthjof Bernt i ein kommentar til kravet frå Vibeke Roggen om at UiO trekkjer tilbake irettesetjinga av henne. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det var for litt over ein månad sidan Uniforum kunne melda at førsteamanuensis Vibeke Roggen kravde at Universitetet i Oslo skulle trekkja

Fakta om Skandinavia-studiet i Aserbajdsjan: 

  • i 2005 inviterte rektor Samad Seyidov ved Aserbajdsjan University of Languages Noreg til å vera med på starta ein bachelorgrad om Skandinavia. Han var også leiar for utanrikskomiteen i parlamentet.
  • undervisninga starta formelt opp i 2006 av Universitetet i Agder i samarbeid med Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU).
  • i 2007 tok  Samad Seyidov personleg kontakt med Vibeke Roggen for å be om at Universitetet i Oslo blei med på samarbeidet.
  • Universitetet i Agder  fekk ansvaret for norskfaget, medan Institutt for filosofi-, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK), der Roggen er tilsett, fekk ansvaret for regionsfaga.
  • frå 2010 dreiv UiO prosjektet åleine, men gjennom Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN). Vibeke Roggen heldt fram som prosjektleiar, noko ho held på med fram til prosjektet vart avslutta sommaren 2013.
  • i dag står Skandinaviastudiet ved Aserbajdsjan University of Languages på eigne bein.

 

tilbake ei tenestleg irettesetjing av henne. Bakgrunnen var at då Vibeke Roggen var prosjektleiar for etableringa av ein bachelorgrad om Skandinavia i Aserbajdsjan tillét ho seg å gi den lokale universitetsrektoren råd om å få endra opptaksreglane for regionstudiet. Det førte til at han klaga til UiO, men seinare fylgde han rådet.

Fekk tenestleg tilrettevising

Vibeke Roggen fekk likevel ei tenestleg tilrettevising fordi ho ikkje hadde klarert kritikken gjennom Bente Christensen som var leiar for Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved UiO. Vibeke Roggen fekk aldri sett klagebrevet frå rektor Samad Seyidov. Då tok ho kontakt med pensjonert høgsterettsadvokat Ketil Lund. I møte med instituttleiinga peika han på at ein føresetnad for ei åtvaring er den tilsette hadde gjort noko klanderverdig. Lund meinte at noko slikt ikkje hadde skjedd i denne saka. Han gjentok kravet om at åtvaringa måtte trekkjast tilbake og at Roggen måtte få dekt advokatutgiftene sine.

Avviste tilbod om 20 000 kroner

Kravet blei avslått av instituttleiinga, men ei stund seinare i desember 2014, fekk Vibeke Roggen eit svarbrev med tilbod om 20 000 kroner som ei «minnelig løsning» om instituttet kunne få ei stadfesting frå henne om at ho ville gjera seg ferdig med saka. Vibeke Roggen avviste tilbodet. Det høyrer med til historia at rektor Samad Seyidov ved Aserbajdsjan University of Languages, seinare fylgde rådet hennar om å krevja framandspråkkompetanse for dei 200 studentane som årleg blir tatt opp på fakultetet for regionstudium og internasjonale relasjonar. – Dette er noko eg er stolt av, sa Vibeke Roggen til Uniforum.

– Ikkje heilt utan grunnlag

Pensjonert jussprofessor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen har på førespurnad frå Uniforum forsøkt å setja seg inn i saka til Vibeke Roggen. Han har ei viss forståing for at Universitetet i Oslo reagerte på hennar uformelle framgangsmåte.

– Utgangspunktet er altså så vidt eg forstår at det blei gitt ei «munnleg tilrettevising» av Roggen for at ho på eiga hand hadde sendt brev til rektor med kritikk av omlegging av opptaksordninga til eit framandspråkstudium der UiO var samarbeidspartnar. Heilt utan grunnlag var det vel ikkje å ta denne saka opp med henne. I eit samarbeidsforhold mellom institusjonar er det viktig at det er klart kven som kan tala på vegner av kven i slike saker, og det er vel litt uryddig når ein prosjektleiar rettar ei slik melding til rektor for den samarbeidande institusjonen, utan å ha klarert dette med eiga leiing, sjølv om det synest som om meldinga var godt grunngjeven og det var all grunn til å ta opp saka, seier Jan Fridthjof Bernt.

Og han legg til: – Men her kan det vera sider av forholdet som eg ikkje har fått tak i, og eg konstaterer at UiO openbert har meint ein var på tynn is her når ein gav henne ei irettesetjing, presiserer Bernt.

– Hadde krav på å sjå klagebrevet

Han er likevel krystallklar på at Vibeke Roggen hadde rett til å sjå klagebrevet frå rektoren i Aserbajdsjan.

– Det er derimot ganske openbert at Roggen hadde krav på å få sjå, og skulle ha blitt lagt føre, brevet frå rektor der han klaga over denne meldinga. I Forvaltningslova § 2, andre avsnitt er det fastsett at «vedtak om å ilegge offentlig tjenestemann ordensstraff» skal sjåast som «enkeltvedtak» etter denne lova, med den konsekvensen at parten – altså her Roggen – ikkje berre hadde rett til å sjå brevet etter lova sin § 18, men også skulle ha vore varsla om dette og gitt høve til å uttala seg om det før ho blei kalla inn til møte og gitt munnleg tilrettevising, understrekar Bernt.

– Skulle ha fylgd reglane for varsling og partsinnsyn

Han peikar på at det er ein viss skilnad på framgangsmåtane.

– Her er det rett nok slik at det etter Tenestemannslova berre blir sett på som «ordensstraff» viss det blir gitt «skriftlig irettesettelse», men når det er kalla inn til eit formelt møte, ligg det klart i korta at dette er ei sak som kan munna ut i ein eller annan formell reaksjon, og allereie av den grunn skulle reglane om varsling og partsinnsyn vore fylgde. I kor stor grad sjølve tilrettevisinga skal sjåast som eit enkeltvedtak, er ikkje klart for meg. Ho har altså ikkje mottatt noko skriftleg dokument om saka, men ser den som «ein flekk på sitt akademiske rulleblad» som ho ynskjer fjerna, slik han har oppfatta det.

FÅR STØTTE FRÅ JUSSPROFESSOR: Førsteamanuensis Vibeke Roggen får støtte frå jussprofessor Jan Fridthjof Bernt. Han meiner ho skulle ha fått både varsel og partsinnsyn etter at ho blei klaga inn for UiO av ein universitetsrektor i Aserbajdsjan. (Foto: Ola Sæther)

Bernt peikar på at saka stiller seg annleis om tilrettevisinga er omtalt i personalmappa hennar.

– Kan krevja saka vurdert på nytt

–Viss det er slik at det finst ei oppteikning i personalmappa hennar om denne tilrettevisinga, vil eg meina at den må sjåast på som «skriftlig irettesettelse» sjølv om ho ikkje har mottatt noko brev om dette. Ho skulle då hatt høve til å klaga på denne, og bør kunna krevja saka vurdert på nytt, sjølv om klagefristen etter Forvaltningslova er gått ut, er konklusjonen til Jan Fridthjof Bernt.

– Kan be om formell tilbakekalling av irettesetjinga

Dette meiner han likevel stiller seg annleis om det berre er klagebrevet frå rektor som ligg i mappa hennar.

– Om derimot det einaste som ligg i mappa, er brevet frå rektoren, må derimot saka sjåast som avslutta frå UiOs side, og kan neppe bli kravd opna att. Men ho vil kunna skriva eit brev der ho grunngjev eit ynske om ei formell tilbakekalling av den munnlege irettesetjinga, og vil i alle fall ha krav på at dette blir lagt ved saka i mappa hennar, slår Jan Fridthjof Bernt fast.

HF kommenterer ikkje personalsaker

Uniforum har tidlegare bede om ein kommentar til denne saka frå fakultetsdirektør Monica Bakken. Ho avslår å kommentera saka av di det er ei personalsak. Også etter at Vibeke Roggen har tatt kontakt med henne, og sagt at det er i orden for henne om Bakken uttaler seg i denne saka, takkar fakultetsdirektør Monica Bakken nei til å svara på spørsmål om irettesetjinga av Vibeke Roggen.

– Det humanistiske fakultetet held fast på at me ikkje vil kommentera enkeltsaker innanfor personalfeltet i media eller gå inn i diskusjon av enkeltsaker i media, skriv Monica Bakken i ein epost til Uniforum.

Les meir om UiO og Aserbajdsjan:

Deltar i Aserbajdsjans utdanningsrevolusjon

Thor Heyerdahl som helt, huggestabbe og brobygger

I Thor Heyerdahls aserbajdsjanske fotspor

- Uheldig at ambassaden reduserer sin deltakelse

UiO på stram line i Aserbajdsjan

UiO overlater skandinaviastudium til Aserbajdsjan


     

 

 

Emneord: Aserbajdsjan, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 25. okt. 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere