555 millionar ekstra til langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

Regjeringa foreslår 555 millionar kroner ekstra til langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Det kom fram då finansminister Siv Jensen presenterte forslaget til statsbudsjett for 2017 i Stortinget i formiddag.

VERDSLEIANDE FAGMILJØ: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen trur regjeringa si satsing på forsking og utvikling kan hjelpe Noreg på vegen mot grønare arbeidsplassar og fleire verdsleiande fagmiljø.

Foto: Ola Sæther

– Ei sterk satsing på forsking og utvikling vil hjelpe oss på vegen mot eit meir konkurransedyktig næringsliv, grønare arbeidsplassar og fleire verdsleiande fagmiljø, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Forsking og utvikling er ein føresetnad for å sikre norske arbeidsplassar i framtida, og for ei vellykka omstilling av norsk økonomi. Derfor vil regjeringa auke løyvingane til oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning med 555 millionar kroner i 2017, skriv Kunnskapsdepartementet.  

Med forslaget til statsbudsjett for 2017 vil løyvingane til dei varsla opptrappingane og dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen ha auka med totalt 2,3 milliardar kroner i perioden 2015–17. Det inneber ein realvekst på 3,1 prosent til forsking og utvikling i 2017. Løyvingane til forsking og utvikling vil da utgjere 1,05 prosent av bruttonasjonalproduktet.

I tillegg foreslår regjeringa å styrke Skattefunn-ordninga, som ligg under Finansdepartementet, som gir skattefrådrag til norske verksemder som arbeider med forsking og utvikling.

Langtidsplanen

I 2014 la regjeringa fram Noregs første langtidsplan for forsking og høgre utdanning. Den har konkrete planar for opptrapping på viktige område, og tydelege prioriteringar for kor veksten i offentlege løyvingar til forsking skal komme i dei næraste åra.

Av 555 millionar kroner vil regjeringa bruke 48 millionar kroner på 120 nye rekrutteringsstillingar (stipendiat- og postdokstillingar) og 75 millionar kroner til tiltak for å stimulere til større deltaking i EU-forskingssamarbeidet Horisont 2020.

Vidare foreslår regjeringa å styrke fem av dei seks prioriterte områda i langtidsplanen:  Det  gjeld hav, eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv, verdsleiande fagmiljø, klima, miljø og miljøvennleg energi og fornying i offentlig sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester, går det fram av pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet. 

Teknisk kutt til Forskingsrådet

Regjeringa foreslår 100 millionar kroner i varig auke til forskingsinfrastruktur, i tråd med planane for opptrapping i langtidsplanen. Samstundes vil regjeringa ha eit eittårig, teknisk kutt på 300 millionar kroner i løyvinga til infrastrukturordninga. Regjeringa vil ha ein reduksjon i det beløpet som rådet overfører frå eitt budsjettår til det neste. Frå 2015 til 2016 var overføringane i rådet på om lag 3,2 milliardar kroner.

– Det er ikkje bra at pengar som Stortinget har løyvd til forsking, hopar seg opp hos Forskingsrådet på denne måten. Kuttet er eittårig og vil i praksis ikkje påverke aktiviteten til rådet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Arvid Hallén er nøgd

Administrerande direktør Arvid Hallén i Noregs forskingsråd er godt nøgd med regjeringa sitt forslag til forskingsløyvingar.

− Dette er eit godt forskingsbudsjett som viser at regjeringa satsar på forsking for å løyse store samfunnsutfordringar, men det burde vore gitt meir til forsking for omstilling i næringslivet, seier Arvid Hallén i ein kommentar på nettsidene til Forskingsrådet.

Langtidsplanen verkar

− Veksten i forskingsbudsjettet fylgjer opp regjeringa sin Langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Dette er svært positivt, seier Hallén.

− Opptrappingsplanane blir fylgde  og prioriterte tema som tidlegare i perioden har hatt liten vekst, vert styrkte i 2017-budsjettet. Langtidsplanen skal gi oss eit betre framtidsbilete om satsinga på forsking i detbudsjettforslaget for 2017, og eg les forslaget slik at langtidsplanen har gitt tydelege føringar, seier Hallén.

− Med ein nominell vekst på 1,9 milliardar kroner til forsking er det eit sterkt budsjett, men vi må merkje oss at ein stor del av veksten for 2017 går med til å dekkje inn kostnadene knytte til nytt isgåande forskingsfartøy og til å kompensere for pris- og lønnsveksten, seier  Arvid Hallén.

Betre studentøkonomi

Regjeringa held fram med satsinga på studentbustader og betring av økonomien til studentane. I dag får studentar studiestøtte i ti månader. Regjeringa foreslår at heiltidsstudentar skal få 2 600 kroner meir i studiestøtte våren 2017, når regjeringa startar opptrappinga si til 11 månaders studiestøtte. Regjeringa vil også i 2017 gi tilskott til  2 200 studentbustader.

– Skal vi lykkast med den omstillinga Noreg står framfor, må vi utdanne arbeidstakarar i verdsklasse. Sosial eller økonomisk bakgrunn skal ikkje stå i vegen for at unge menneske skal få høve til å utdanne seg, seier Torbjørn Røe Isaksen.

252 millionar til ny lærarutdanning

Det blir også ei auka satsing på den nye lærarutdanninga i 2017-budsjettet:  I statsbudsjettet for 2017 foreslår regjeringa å bruke 252 millionar kroner på innføringa av ny femårig lærarutdanning.

– Skolen skal utdanne gode arbeidstakarar for framtidas arbeidsliv. Vi vil skape ein skole der elevane lærer meir. Då treng vi lærarar med solid fagleg tyngde. Med ein mastergrad vil lærarane stå betre rusta til å hjelpe elevane til å bruke heile sitt potensial. Det vil òg heve statusen til yrket og utdanninga, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Den nye femårige lærarutdanninga startar opp hausten 2017.

 

(Oppdatert kl. 11:20 og 11:42)

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2016 11:05 - Sist endra 6. okt. 2016 11:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere