Børge Brende: – Europa var Midtausten under Den andre verdskrigen

– Under Den andre verdskrigen var Europa dåtidas Midtausten. Det var i denne verdsdelen seks millionar jødar blei myrda og gassa i hel i konsentrasjonsleirane. Det minna utanriksminister Børge Brende om då han heldt Arena-førelesinga ved UiO på Blindern i ettermiddag.

VERDA GÅR FRAMOVER: – I 1990 levde 40 prosent av alle innbyggjarane i verda i ekstrem fattigdom, medan 20 prosent gjer det i dag. I mellomtida har folketalet i verda auka frå fem milliardar til sju milliardar, understreka utanriksminister Børge Brende under Arena-førelesinga på Blindern i ettermiddag.

Foto: Ola Sæther

Utanriksminister Børge Brende begynte foredraget med å peika på at mange er urolege for at ting som har skjedd i fortida kan gjenta seg, dersom dei ulike krisene ikkje blir takla på den rette måten.

– Churchill og Hambro såg

– Før Den andre verdskrigen braut laus var Storbritannias seinare statsminister Winston Churchill og den norske Høgre-politikaren C.J. Hambro to av dei få som såg kva som rørte seg i Tyskland. Forfattaren Stefan Zweig skreiv at han vaks opp i eit Europa som var fridomens gullalder. Det var rett før Den første verdskrigen. Og me kan skildra vår eigen oppvekst i Noreg på den same måten, understreka Børge Brende.  

– Millionar fekk tilgang til fridom

Først og fremst peika han på det positive som hadde skjedd i Europa dei siste tiåra.

– Etter at Berlinmuren fall, fekk mange millionar fleire europearar tilgang til fridom. Den tyske forbundskanslaren Helmut Kohl var flink til å gripa denne sjansen. Først blei det naudsynt samarbeid, før det blei eit forlik, og til slutt blei det gjenforeining av Tyskland, konstaterte han.

NATO, EU og Europarådet

Brende viste til at Europa var avhengig av eit transatlantisk samarbeid med USA.

 – Målet til EU i denne situasjonen var å bli alleuropeisk. Det fremste målet vårt er å hegna om fridomen vår. Grunnen til den store interessa som me ser for utanriks- og tryggingspolitikk i dag, er at alle veit at den har mykje å seia for oss. Gjennom den politikken kan me påverka andre delar av verda, trekte han fram.

 – Me har etablert eit europeisk overnasjonalt system som er unikt i verda. NATO er ramma for den amerikanske tryggingsgarantien. EU er tyngdepunktet i det europeiske samarbeidet. Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE) har spelt ei viktig rolle med å senda observatørar til Ukraina.

– Europarådet held vakt om den europeiske menneskerettskonvensjonen, og passar på at landa respekterer menneskerettane, har godt styresett og demokratiske verdiar. Og til slutt har me fellesskapet mellom landa i Norden. Det dei har til felles er ein open økonomi, konkurransedyktige og relativt egalitære samfunn. Atlanterhavet ligg mellom USA og Europa, så difor er det viktig at Europa i større grad enn før blir ansvarleg for sin eigen tryggleik, sa Børge Brende.

Verda går framover

Sjølv om han fann mange grunnar til å konkludera med at verda ikkje går framover, fann han fleire døme på at det no går mykje betre.  

– I fjor blei nesten alle verdas land einige om ein klimaavtale i Paris. Iran-avtalen blei inngått, den hindrar at Iran får atomvåpen. Og kven hadde trudd for eitt år sidan at USAs president Obama eit halvt år seinare ville dra til Cuba for å møta president Raúl Castro?  I Myanmar styrer i praksis nobelprisvinnaren Aung San-Suu Kyi landet. Sri Lanka har også fått ei ny og betre regjering.

– Verda har klart å få utrydda ein god del av den ekstreme fattigdomen. I 1990 levde 40 prosent av alle innbyggjarane i verda i ekstrem fattigdom, medan 20 prosent gjer det i dag. I mellomtida har folketalet i verda auka frå fem milliardar til sju milliardar. Langt færre barn døyr kort tid etter dei er fødd enn før, opplyste Børge Brende til eit stappfullt auditorium i Eilert Sundts hus.

STOR INTERESSE:  Alle kom ikkje inn i auditoriet i Eilert Sunds hus, då  utanriksminister Børge Brende heldt Arena-førelesinga i ettermiddag. (Foto: Ola Sæther)

– Krim var ein legitim del av Ukraina

Men han såg også at ikkje alt går betre, heller ikkje i Europa. I sommar og i fjor var det fleire terroråtak i Europa.

– Fridomen til folk blir truga av hatretorikk, trakassering og brot på folkeretten. For to år sidan blei Krimhalvøya i Ukraina invadert av Russland. Det er første gong eit europeisk land har annektert territorium hos eit anna europeisk land sidan Den andre verdskrigen. Og Krim var ein legitim del av Ukraina. Både Russland og Ukraina hadde skrive under Budapest-avtalen frå 1994. Difor hadde også Russland inngått ein avtale med Ukraina om å få leiga ein eigen flåtebase der, understreka han.  

– Brexit får konsekvensar for Noreg

Børge Brende var uroleg for at fleire og fleire i Europa trur at det finst enkle løysingar på komplekse spørsmål. Han viste til at tilliten til demokratiske representative organ er mindre.

No blir EUs rolle og samansetjing på nytt diskutert etter at folkefleirtalet i Storbritannia stemte for å gå ut av EU.

 – Brexit fører også til konsekvensar for Noreg. Storbritannia er den viktigaste eksportmarknaden vår, men landet er også verdas 5. viktigaste økonomi. Me kan ikkje halda fast på det same kartet, dersom landskapet har endra seg kraftig, poengterte han.

– Folkeretten er det beste førstelinjeforsvaret Noreg har. Me må no prioritera samarbeidet med våre europeiske NATO-partnarar i utanriks- og tryggingspolitikken, meinte han.

Børge Brende såg framleis utviklingstrekk i ytterkanten av Europa som gir han grunn til uro.

– Me må fylgja med på kva som skjer i Vest-Balkan og i Sør-Kaukasus. Og kva skjer med Egypt der halvparten av dei 90 millionar innbyggjarane er analfabetar? Tryggleiken vår er avhengig av det som skjer langt utanfor Europas grenser. Det som hender i Bamuko i Mali, kan gjenta seg i Europa ei veke seinare, konstaterte han.

Vinn-vinn-haldning

Utanriksminister Børge Brende har eit viktig mål for politikken i Europa.

– Det må vera ei vinn-vinn-haldning. Om det går bra for meg, vil det gå bra for deg. Den filosofien må me bringa vidare til dei neste generasjonane, sa Børge Brende.  

Og han hadde ikkje gløymt at Russland er Noregs store nabo i nord.

– Me samarbeider veldig bra når det gjeld å ta vare på torskeressursane i Barentshavet. Og sjølv om eg som utanriksminister ikkje likar at Russland gir 20 helikopter og sender 3000 soldatar til Assads Syria, kan eg snakka direkte til utanriksminister Sergei Lavrov om dette. Det kan eg også når det gjeld brot på menneskerettar som ytringsfridom og organisasjonsfridom og den manglande respekten for seksuelle minoritetar, fortalde han.

 

Emneord: Statsvitenskap, EU, Europa. Internasjonalisering, Midtausten Av Martin Toft
Publisert 13. sep. 2016 18:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere