Protesterer mot kutt i portugisisk

Det blir ikkje undervisning i portugisiskspråkleg litteratur på bachelornivå ved UiO hausten 2016. Det har Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk bestemt. – Avgjerda er uforståeleg, seier Aina Jensen på vegner av studentane.

PROTESTERER: Portugisiskstudent Aina Jensen protesterer mot at emna i portugisiskspråkleg litteratur blir kutta på UiO. No er ho på studieopphald i Brasil, og har med seg dottera Julie. 

Foto: Privat

Det var i april Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk (ILOS) kunngjorde at det ville skje ein del endringar i tilbodet i portugisisk på bachelorstudiet.  Den største endringa var at det tidlegare obligatoriske studieemnet i portugisiskspråkleg litteratur ville falla bort. Studentar som likevel ynskjer å fordjupa seg i det emnet, må ta det ved universitet i Portugal og Brasil, som UiO har samarbeidsavtalar med. Faget utgjer 10 studiepoeng, noko som svarar til eit studium på ein tredel av eit semester. 

50 studiepoeng blir erstatta med 30

I fylgje ein epost som instituttet sende til studentane, skal til saman fem tidlegare emne i portugisiskspråkleg litteratur avviklast, og erstattast med tre nye innanfor grammatikk, omsetjing og praktisk språkbruk. Til saman vil emne på til saman 50 studiepoeng bli borte, medan dei blir erstatta av emne på 30 studiepoeng.  Dermed blir til saman 20 studiepoeng borte frå portugisisk frå hausten 2016.

Avgjerda har ført til protestar frå noverande og tidlegare studentar i portugisisk.  I eit felles brev peikar dei på at desse nedleggingane fører til at studentane frå hausten 2016 ikkje vil ha høve til å fordjupa seg i litteratur frå den portugisiskspråklege verda på bachelornivå. Dei viser også til at for andre språkfag, som til dømes spansk, tysk, fransk eller italiensk, krev instituttet at studenten tar eitt eller fleire litteraturfag.

Brasil-ekspert støttar studentprotest

Dei får også støtte frå Brasil-ekspert Torkjell Leira, som tok mellomfag i portugisisk på UiO i 1993-94.  Han peikar på at portugisisk er det sjette største språket i verda og at Brasil er det landet Noreg investerer mest, etter USA og EU. «Norge trenger folk med gode portugisiskkunnskaper. UiO er det eneste universitetet i landet som tilbyr et studium i portugisisk. Ikke la det bli dårligere», skriv han i eit støtteskriv til dei protesterande studentane.

 – I strid med regjeringa sin Brasil-strategi

Portugisiskstudent Aina Jensen har på vegner av studentane skrive eit protestbrev til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. «Vi frykter portugisisk på UiO står i fare for å rakne, og det er mer enn synd», skriv ho i brevet.  Der viser ho også til at ei slik nedlegging må vera i strid med både regjeringa sin Brasil-strategi og tilrådinga frå Næringslivets hovudorganisasjon om å satsa meir på framandspråk som blant andre portugisisk.

Frå Brasil utdjupar Aina Jensen via Skype kvifor ho og dei andre studentane meiner at det er feil å kutta i tilbodet i portugisisk.

– Noreg har gjort store investeringar i portugisiskspråklege land som Angola og Mosambik i Afrika og i Brasil.  I det sistnemnde landet går den største delen av norsk bistand takka vera «Regnskogfondet». Difor treng Noreg folk som kan både portugisisk og har kunnskap om kultur, politikk og litteratur i desse landa, seier ho til Uniforum.  – Dessutan vil nokre vidaregåande skular også tilby portugisisk. Då vil det vera behov for lærarar i portugisisk, legg ho til.

– Ein internasjonal trend

Etter hennar meining er kuttet på portugisisk ein del av ei internasjonal bylgje.  – Det er blitt ein trend å byggja ned alle danningsfag, både språk, filosofi og kulturfag er omfatta av dette.  Samtidig har UiO som ein del av sin strategi å auka samarbeidet med BRICS-landa, blant dei altså Brasil. Nettopp derfor meiner me at å kutta ned tilbodet i portugisisk er i strid med UiOs strategiske plan.  Eit godt fagmiljø i portugisisk blir også svekka. Og det vil bli vanskeleg å byggja det opp igjen, trur Aina Jensen. 

ILOS avdramatiserer kuttet

Ho sende også eit brev  til UiO-rektor Ole Petter Ottersen og til leiinga for Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk (ILOS).  I slutten av juni fekk ho svar frå undervisningsleiar Trond Gunnar Nordenstam. Han avdramatiserer sjokkmeldingane om kutt i portugisiskstudiet. «Det er ikke snakk om nedleggelse av studieretningen i portugisisk, heller ikke om store kutt i portugisiskemnene ved UiO. Endringene innen portugisiskstudiet dreier seg om en mindre omstrukturering av bachelorstudiet» skriv Nordenstam i svaret til Aina Jensen. Han stadfestar at eit emne på ti studiepoeng ikkje lenger er obligatorisk å ta ved UiO, og at dei som likevel vil studera det, kan gjera det i Portugal eller i Brasil. Dei som ikkje ynskjer å gjera det, kan likevel ta eit fullt bachelorstudium ved UiO, slår han fast. Nordenstam understrekar også at endringane fylgjer portugisisklærarane sitt ynskje om betre studieprogresjon tidlegare i studiet. 

Aina Jensen er ikkje nøgd med svaret.  – Det ser ut som om eg blir nøydd til å skriva eit nytt brev til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, seier ho.

 

Emneord: Språk, Latin-Amerika, Universitetspolitikk, Studentforhold, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 5. aug. 2016 11:31 - Sist endra 5. aug. 2016 11:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere