Flemming Rose blei nekta å tala på sørafrikansk universitet

Jyllandsposten tidlegare kulturredaktør Flemming Rose blei nyleg nekta å halda ein tale på the University of Cape Town i Sør-Afrika. Rektor Max Price meinte at redaktøren som publiserte Muhammed-karikaturane kunne provosera fram konfrontasjonar.

TALEFORBOD: Jyllandspostens tidlegare kulturredaktør Flemming Rose blei nekta å halda ein tale om ytringsfridom på University of Cape Town i Sør-Afrika. - Dei meinte at eg om eg ville koma dit, ville det føra til konfrontasjonar, sa Flemming Rose i ein debatt hos Fritt Ord om ytringsfridomen står for fall i akademia.

Foto: Martin Toft

Flemming Rose er framleis truga på livet av forskjellige islamistiske væpna grupper etter at han gav grønt lys for å publisera Muhammed-karikaturane i Jyllandsposten i 2005.

Då han måndag kveld kom til debatten  i regi av Stiftelsen Fritt Ord om ytringsfridomen står for fall i akademia, blei han frakta inn med ein pansra bil heilt fram til hovudinngangen. 

Den andre hovudsgjesten var Greg Lukianoff frå USA, som har engasjert seg sterkt i saker der ytringsfridomen er blitt avgrensa på amerikanske universitet. Dessutan var Ragnhild Øien Guldvog som er nasjonal koordinator  for Scholars at Risk invitert for å fortelja om organisasjonen og korleis det står til med den akademiske fridomen i forskjellige land. 

Flemming Rose kom denne gongen for å fortelja historia om korleis han for over eitt år sidan fekk ein invitasjon til å halda ein tale om ytringsfridom ved the University of Cape Town i Sør-Afrika i august 2016. To månader før foredraget, fekk han ein kontrabeskjed frå universitetsrektor Max Price.

Frykta foredraget kunne skapa konflikt

– Han begynte sjølvsagt brevet med at universitetet forsvarer ytringsfridomen, men at foredraget mitt ville kunne skapa ein konflikt som kunne føra til moglege konfrontasjonar. Derfor kunne han ikkje garantera for kva andre folk på universitetet ville gjera, viss eg skulle dukka opp der, fortalde Flemming Rose. 

Han tykte det var rart at han ikkje gav opp store kostnader på grunn av tryggingstiltak, som eit av argumenta for å avlysa invitasjonen til å halda foredraget. 

"Kjent som rasist, islamofob og ekstremist"

– Faktum er at både Den islamske staten (IS) og Al Qaida har meg på ei liste over personar som det hadde vore fint å ta livet av, peika han på. 

– Rektor ved University of Cape Town understreka tvert imot at det var eg som var ein fare, fordi eg var "kjent som rasist, islamofob og ekstremist." Det han viste til som kjelde var kritikken av ei bok eg har skrive. Kritikken kom frå ein dansk professor som har vore ein av mine hardaste kritikarar i over ti år. Sanninga er at eg begynte diskusjonen om Muhammed-karikaturane med haldninga om at eg har rett og alle andre tar feil. Etter å ha reist litt rundt i verda, har eg seinare endra den haldninga og eg tenkjer ikkje lenger at eg og dei som meiner det same som meg har rett, medan alle andre tar feil, understreka Flemming Rose. 

Sjokkert og vonbroten

Han blei sjokkert og vonbroten då han fekk brevet frå rektor Max Price som gjorde det klart at University of Cape Town trekte tilbake invitasjonen til å halda foredraget om ytringsfridom. 

– Avgjerda førte til at det blei stor debatt om saka i sørafrikanske aviser og mange kommentatorar gav meg støtte og kritiserte universitetet for å ha avlyst foredraget mitt.  Det mest tankevekkjande var reaksjonen frå ein ung student ved University of Cape Town. Han spurte rektor direkte «Kven trur du me er? Trur du verkeleg at me ville vera ein fare for alle andre minoritetar ved dette universitetet også? Det viser at eg også fekk støtte, slo han fast.  

Og debatten har fått positive fylgjer.

– No har eg fått ein invitasjon frå eit anna sørafrikansk universitet til å halda foredraget eg skulle ha halde på University of Cape Town, hos dei, fortalde Flemming Rose. 

Vinn saker mot universitet som bryt ytringsfridomen

Den amerikanske juristen Greg Lukianoff er ekspert på det første grunnlovstillegget (1st Amendment) i den amerikanske konstitusjonen. Det handlar om ytringsfridomen.

Dei siste åra har han og organisasjonen hans Foundation for Individual Rights in Education (FIRE) engasjert seg i saker for enkeltpersonar som har fått ytringsfridomen sin avgrensa på amerikanske universitet. Ei av sakene handlar om ein studenttilsett som  las ei bok om korleis irske katolikkar hadde vunne eit gateslagsmål mot Ku Klux Klan.  Boka Notre Dame vs. the Klan: How the Fighting Irish Defeated the Ku Klux Klan  av Todd Tucker var illustrert med eit bilete av «Ku Klux Klan»  Den studenttilsette las boka i pausane sine, og det meinte nokon på universitetet  var rasistisk trakassering, og derfor ville dei forby han å lesa boka på universitetsområdet.

VINN SAKER MOT UNIVERSITET: Juristen Greg Lukianoff har spesialisert seg i å ta saker for personar som meiner universitet bryt ytringsfridomen deira. Gjennom organisasjonen FIRE har han vunne alle sakene han har tatt. (Foto: Martin Toft)

Ei anna sak handlar om ein student som ville kopiere heile innhaldet i den amerikanske konstitusjonen og dela den ut på universitetet på den amerikanske konstitusjonsdagen. 

– Då fekk han beskjed om at det kunne han ikkje gjera utan løyve frå staten, sjølv om det første grunnlovstillegget om ytringsfridom for alle amerikanske borgarar gav han full rett til det, sa Greg Lukianoff.  

Organisasjonen hans, FIRE har vunne både dei to nemnde sakene og alle dei andre sakene for personar som har opplevd at amerikanske universitet har brote den ytringsfridomen som dei har krav på etter den amerikanske konstitusjonen.

Organisasjonen «Scholars at Risk» har som oppgåve å gi vern til akademikarar som blir forfylgde i heimlandet sitt.  Dei får difor høve til å forska på eit universitet i eit anna land der dei vil vera trygge.

– Me håpar endå fleire universitet og land blir med på den ordninga. Dei får mykje forsking for dei pengane, understreka Ragnhild Øien Guldvåg,  som er nasjonal koordinator for Scholars at Risk i Noreg. 

Danmark kjem dårleg ut

Ei undersøking som organisasjonen hadde gjort av situasjonen for den akademiske fridomen i ulike land, gav i alle fall eit overraskande funn. 

– Danmark er mellom landa som skårar høgast på mangel på akademisk fridom, sa Ragnhild Øien Guldvåg og gløtta bort på Flemming Rose.

Debatten blei leidd av direktør Knut Olav Åmås i Stiftelsen Fritt Ord. Han hadde dårleg samvit for at dei ikkje hadde fått tid til å ta opp situasjonen for akademikarar i Tyrkia. Men han håpa at det kunne koma opp som tema på eit seinare møte. 

Les også dette:

Flemming Rose responds to the University of Cape Town

Why UCT has decided to disinvite Flemming Rose - Max Price

Emneord: Akademisk frihet, USA, Internasjonalisering, Menneskerettar, Sør-Afrika Av Martin Toft
Publisert 24. aug. 2016 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere