Tar matematikk for å oppfylla lærardraumen

Denne veka starta matematikk-kurset på UiO som skal gi 78 søkjarar sjansen til å gå på lektorutdanninga, sjølv om dei ikkje oppfyller kravet om karakteren 4 i matematikk frå vidaregåande. Målet er at alle skal klara karakteren på den nasjonale prøven 1. august.

MÅ HEVA MATTEKARAKTEREN:: Alle som skal ta lektorutdanning må ha karakteren 4 i  gjennomsnitt på matematikk-kursa frå første og andre året på vidaregåande. UiO og alle andre med lærarutdanning må tilby dei eit forkurs i matematikk for å hjelpa dei til å oppnå karakterkravet. Desse ni studentane fekk undervisning i brøkrekning på den første felles samlinga onsdag 6. juli.

I eit klasserom i Matematikkbygningen på Blindern sit  9 studentar og fylgjer undervisninga i matematikk. Dei har alle ein draum om å bli lærar, men har ikkje klart det nyleg

Fakta om forkurset i matematikk:

  • Skal gi dei som tar lektorutdanning høve til å klara karakterkravet på 4 i matematikk
  • Alle institusjonar med lærarutdanning er pålagde av staten å tilby eit slikt kurs
  • 78 personar har meldt seg på, medan 42 dukka opp på den første felles samlinga
  • Kurset kan også takast på nett
  • Forkurset i matematikk ved UiO starta opp 6. juli og blir avslutta med nasjonal prøve 1. august
  • Dei som får bestått, har fått karakteren 4 eller betre. Ikkje bestått tyder at kandidaten har fått karakteren 3 eller lågare.

    (Kjelder: Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, UiO og Kunnskapsdepartementet)

innførte kravet om at alle må ha karakteren 4 i obligatorisk matematikk i vidaregåande, om dei skal koma inn på lektorprogramma.

42 møtte opp første dag

Kunnskapsdepartementet har difor pålagd alle institusjonar med lærarutdanning om å tilby eit kurs i matematikk til alle dei som har fått ein karakter mellom 3 og 3,99 i gjennomsnitt på  matematikk-kursa dei har frå første og andre året på vidaregåande.

Den 1.august skal alle kursdeltakarane i heile landet ha ein felles nasjonal prøve i matematikk. Dei som består eksamen har fått karakteren 4 eller betre, og kan begynna på lektorutdanninga. Dei andre må venta eitt år til før dei igjen får sjansen til å forbetra karakteren i matematikk. På UiO har 78 studentar meldt seg på, medan det kom rundt 42 på den første samlinga onsdag 6. juli.

Lovar å oppnå målet

Førsteamanuensis Guri Nortvedt på Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved UiO har ansvaret for matematikk-kurset. Ho er viss på at dei skal klara å få studentane til å få karakteren 4.

– Viss dei jobbar, slik som me vil at dei skal jobba, vil dei heilt sikkert klara det. I stor grad handlar det om haldningar. Dei må tru at dei kan klara det. For alle kan læra matematikk, men dei må vera overtydde om det sjølve, peikar ho på.

Mange av elevane kjem direkte frå den vidaregåande skulen. Men det er også ein del som har ein heilt annan bakgrunn. Nokre har fleire år som lærar i skulen bak seg allereie, men er blitt pålagde å ta dette kurset for å få oppgradert lærarutdanninga si. – Sjølv om mange av dei som går her, skal bli lektor i norsk, vil dei likevel ha nytte av matematikk som ein del av allmenndanninga, meiner Guri Nortvedt.

Ho peikar på at desse elevane slett ikkje er heilt borte i matematikk. – Dei kan mykje frå før. Difor byggjer heile opplegget på at me skal hjelpa dei, presiserer ho. Kurset starta den 6. juli og skal vara heilt fram til 1. august. Då skal alle svara på den nasjonale prøven.

Guri Nortvedt veit at mange av dei som har meldt seg på kurset, truleg har sommarjobb eller har planlagt ferie. Det er likevel mogleg å fylgja med på kurset.

IKKJE HEILT BORTE I MATEMATIKK: – Dei kan mykje frå før. Difor byggjer heile opplegget på at me skal hjelpa dei, presiserer førsteamanuensis Guri Nortvedt på Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved UiO. Ho har ansvaret for forkurset i matematikk for dei som skal ta lektorutdanninga og som må oppnå karakteren 4 i matematikk. (Foto: Ola Sæther)

Kan også delta på nett

– Alle får ein invitasjon til å bli med inn på nettplattforma vår, der dei får full tilgang til alt materiale og fleire videoopptak med alt me skal gå gjennom på kurset. Fleire kveldar i veka vil det også vera ope mellom kl. 18 og 20. Då kan dei som har behov for det koma hit for å få svar på dei matematiske problema sine. Dei kan også treffa andre studentar i same situasjon. Og for dei som har behov for finansiering av kurset, stiller Lånekassen opp med lån for den månaden kurset varer, seier ho.

 

– Ein stor felles dugnad

Sjølv har ho ingenting imot å jobba i sommarferien. – Nei, det tar eg igjen til hausten.  Faktisk så ser eg på dette opplegget som ein stor felles dugnad både for elevane som tar matematikk-kurset og for dei ferdig uteksaminerte matematikklærarane frå UiO og lærarane frå den vidaregåande skulen som leier undervisninga, seier Guri Nortvedt.

– Motiverande

To av matematikklærarane på kurset er Anne Elise Nilsen, til dagleg lektor ved Kuben vidaregåande i Oslo og Torstein Mellem som nyleg blei uteksaminert som lektor i matematikk frå Universitetet i Oslo.  Begge er svært begeistra for at dei har fått høve til å vera lærarar på dette kurset:

– Det er gjevande å undervisa andre som også vil bli lærarar, synest Torstein Mellem. Anne Elise Nilsen er heilt einig.

– Det er svært motiverande. Og me satsar på at alle skal klara å gå gjennom matematikkpensum og få dei til å oppnå karakteren 4 på den nasjonale prøven, seier ho.

Torstein Mellem synest Institutt for lærarutdanning og skuleforsking på UiO har laga eit svært bra opplegg for dei som skal ta dette matematikk-kurset.

– Dei har eit par felles førelesingar og ein klassetime kvar dag. Samtidig har dei høve til å setja seg ned på eit område og fritt begynna å løysa oppgåver på eiga hand eller saman med andre, fortel han.

– Gjevande jobb

Anne Elise Nilsen føler med dei elevane som brått fekk eit nytt krav etter at dei hadde søkt seg til lektorutdanninga. – Det er sjølvsagt synd for dei at det blei innført eit krav om karakteren 4 i obligatorisk matematikk. Men dei som kjem hit på kurset er svært motiverte, synest ho. Både ho og Torstein Mellem er einige om ein ting. – For oss er dette ein svært givande jobb å ha. Det er meir enn nok å gjera.

Eksamen i 1986 får fylgjer i 2016

Tilbake i klasserommet treffer Uniforum ein av dei mest erfarne elevane. Det er Sonja Storli på 46 år. Ho har fått merka at prestasjonar tidlegare i livet, no slår tilbake mot henne.

– Då eg var 16 år gammal fekk eg karakteren 4 i standpunktkarakter i matematikk. Men eg var mellom dei som blei trekt ut til å ta ein skriftleg eksamen i matematikk. På den eksamenen fekk eg karakteren 3. Derfor må eg ta dette matematikk-kurset for at eg skal kunna gå vidare på lektorutdanninga ved UiO, seier ho til Uniforum. – Då ho først blei klar over kravet, vart ho litt bitter, vedgår ho.

TOK  EKSAMEN I MATEMATIKK  SOM 16-ÅRING: – På den eksamenen fekk eg karakteren 3. Derfor må eg ta dette matematikk-kurset for at eg skal kunna gå vidare på lektorutdanninga ved UiO, seier Sonja Storli. (Foto: Ola Sæther)

– Betre i matematikk enn eg trudde

Men no har ho snudd det til noko positivt.

– Draumen min er å jobba med motivasjon og pedagogikk. Og for at eg skal kunna motivera andre, må eg sjølv også kunna bli motivert. Nettopp derfor ser eg på dette som ei fin utfordring. Eg har allereie funne ut at eg ikkje er så dårleg i matematikk som eg hadde innbilt meg. Og dersom eg gjer det rimeleg bra, ser eg ikkje bort frå at eg også vil jobba meir med matematikk, seier ho til Uniforum.

– Målet mitt er likevel å driva med språkopplæring på ein eller annan måte, legg ho til.

 Og Sonja Storli trivst godt mellom 18- og 19-åringane på kurset.

– Dei får jo inn alt som har å gjera med data med morsmjølka, medan me nesten ikkje hadde undervisning i data i 1986. Så der kan dei læra meg noko, medan eg sikkert kan læra dei noko om korleis ein kan sjå heilskapen i ei sak.

 

Emneord: Undervisning, Matematikk, Lektorutdanning Av Martin Toft
Publisert 7. juli 2016 11:56 - Sist endra 7. juli 2016 11:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere