Samlar studentar frå heile verda på UiO

582 studentar frå 98 land deltar på kursa til Den internasjonale sommarskulen ved UiO denne sommaren. – Me hadde over 4000 søkjarar, fortel direktør Einar Vannebo.

SKRYTER: Britta Weber frå USA (t.v.)  Ibrahim Bahati frå Uganda Shishir Tapa frå Nepal og Raquel Soto Sanchez frå Mexico skryter masse av Den internasjonale sommarskulen ved UiO.   

Foto: Ola Sæther

I 70 år har Den internasjonale sommarskulen samla utanlandske studentar på Universitetet i Oslo. Fram til 1958 var det eit tilbod først og fremst for amerikanske studentar. Så

Fakta om Den internasjonale sommarskulen ved UiO:

  • Starta i 1947 som Sommarskulen for amerikanske studentar
  • Skifta namn til Den internasjonale sommarskulen i 1958
  • 27 500 studentar frå 150 land har vore deltakarar sidan 1947
  • I 2016 har skulen 582 studentar frå 98 land
  • Skulen tilbyd kurs i ulike fag til sommarstudentane
  • Resten av året har den ansvaret for betalkurs i norsk for sjølvfinansierande studentar og forskarar i Oslo-området
  • Einar Arvid Vannebo har vore direktør sidan 1992.  Administrasjonen har 10 tilsette
  • Sommaren 2016 engasjerer skulen 100 lærarar og 25 personar i administrasjonen(Kjelde: Den internasjonale sommarskulen)

blei den opna for studentar frå alle kontinent. Alle bur på Blindern studenterhjem.

– Fantastisk sjanse

Der møter me Raquel Soto Sanchez frå Mexico, Shishir Tapa frå Nepal, Britta Weber frå USA og Ibrahim Bahati frå Uganda.  

– Dette er ein fantastisk sjanse til å bli kjent med studentar frå andre land og kulturar, er dei heilt einige i.

For Raquel Soto Sanchez og Ibrahim Bahati er det også første gong dei er utanfor heimlandet sitt. Raquel Soto Sanchez hadde lenge drøymt om å dra til Noreg. – Alle andre drøymer om Paris eller London. Men eg har alltid drøymt om Oslo og om å studera sjørett der. Difor søkte eg om opptak til masterstudium allereie i 2012. Då kom eg ikkje inn, og fekk beskjed om at eg måtte ta fleire fag og spesialisera meg. Så det gjorde eg, og då eg søkte Den internasjonale sommarskulen og denne gongen kom eg inn på kurset «A Changing Arctic» og det handlar også om sjørett. No er eg langt betre førebudd enn det eg ville ha vore i 2012, fortel ho begeistra.

Observerer likestillingslandet

Ibrahim Bahati har tatt kjønnsstudiar i Uganda.

– Eg oppdaga Den internasjonale sommarskulen via Facebook. Då gjekk det opp for meg at det hadde vore fantastisk å bli student der og observera forholdet mellom menn og kvinner i likestillingslandet Noreg. Dei nordiske landa har vore leiande på likestillingsarbeid. Difor vil eg gjerne studera den nordiske modellen på dette området. Nettopp derfor tar eg kurset i kjønn og likestilling i Norden, fortel han. 

Frå hæren til fredsstudiar

Shishir Tapa frå Nepal har vore i Noreg fem gonger tidlegare som turist, noko som er ganske enkelt, sidan han er student ved University of Kent i England. Han har tidlegare vore offiser i Nepals hær, men no tar han kurs i fred- og konfliktløysing på Den internasjonale sommarskulen.

– Det var studievenner av meg som rådde meg til å gå på denne sommarskulen. Det er den beste staden du kan vera for å bli kjent med folk frå andre land og kulturar, fortalde dei meg. Den beste gåva du kan gi til folk er tida di, seier han. Dette er verkeleg ein fin plass å vera. Seinare skal eg tilbake til Kent for å bli ferdig med studiet mitt i fred- og konfliktløysing, fortel han.

Norskspråkleg amerikanar

Britta Weber frå Minnesota i USA har ein heilt annan bakgrunn enn dei tre første.

– Eg har vakse opp i Minnesota med foreldre med norsk bakgrunn. Difor budde eg fire år i Gvarv i Telemark medan eg var tenåring. No tar eg eit norskkurs for å bli endå betre skrifteleg i norsk. For meg er det fantastisk å vera ein stad der eg kan snakka norsk til alle på gata, og ikkje berre heime. Den internasjonale sommarskulen har USA-kontoret sitt ved St. Olaf College i Minnesota. Difor har eg fått masse informasjon om sommarskulen der, seier ho.

Raquel Soto Sanchez vil også gjera noko for å koma endå tettare på norsk kultur.

– Saman med ei norsk venninne skal eg reisa rundt og gjera det same som nordmenn gjer når dei er på tur i eige land. Då vil eg bli kjent med fleire nordmenn, håpar ho.

Sommarskulen betyr mykje for mange

Den internasjonale sommarskulen opna offisielt 27. juni og vil vara fram til 5. august.  I 24 av dei 70 åra skulen har eksistert, har Einar Vannebo vore direktør. Han forsikrar om at det ikkje er fordi han likar å arbeida om sommaren og ha ferie om vinteren.

FORDEL MED SOMMARSKULE:: – Mange av samarbeidsuniversiteta til UiO, føretrekkjer at studentane deira berre drar på utveksling om sommaren. Difor er det ein stor fordel for UiO å ha ein sommarskule som kan ta opp desse studentane, meiner Einar Vannebo. (Foto: Ola Sæther)

– Nei, det er heller fordi eg stadig får bevis for kor viktig dei seks vekene med sommarkurs har vore for mange av deltakarane på sommarskulen. For kort tid sidan møtte eg igjen ein palestinar som var student her i 1998. Han såg på opphaldet her som eit vendepunktet i livet sitt, seier han. 

– Eg trur at det har noko å gjera med at ein får eit anna syn på verda når ein møter folk frå andre kulturar og andre land, legg han til.

I år har skulen 582 studentar frå 98 land. Nesten 3400 søkjarar kom ikkje inn.

– Deltar aktivt i internasjonaliseringa ved UiO

Den internasjonale sommarskulen starta altså som eit tilbod til amerikanske studentar. Difor heitte den også først Sommarskulen for amerikanske studentar. Etter kvart kom det så mange studentar frå andre land at UiO i 1958 bestemte seg for å skifta namn på skulen til Den internasjonale sommarskulen. 

– I dag har me integrert kursa våre med resten av studieprogramma til universitetet. Difor deltar me aktivt i internasjonaliseringa ved UiO. Mange av samarbeidsuniversiteta til UiO, føretrekkjer at studentane deira berre drar på utveksling om sommaren. Difor er det ein stor fordel for UiO å ha ein sommarskule som kan ta opp desse studentane, meiner Einar Vannebo. 

Ansvar for norskkurs for akademikarar

Det er ikkje berre om sommaren skulen er aktiv. Resten av studieåret har den ansvaret for betalingstilbodet av akademiske norskkurs til sjølvfinansierande studentar og utanlandske forskarar ved UiO og ved høgskular i Oslo-området. Nytt av året er at dei også har gitt studieplass til 10 studentar som lever i fare i heimlanda sine. Dei er under vern av organisasjonen «Students at Risk».

Færre frå Afrika – fleire frå Asia

Omlegginga av stipendprogramma for utanlandske studentar har derimot endra litt på kvar studentane kjem ifrå.

– I dag er det langt fleire studentar frå Asia enn tidlegare, og langt færre frå Afrika. Ein av grunnane til det er at NORAD-stipenda har falle bort. Difor må skulen fullfinansiera opphaldet til dei som kjem frå dei fattigaste landa i Afrika. Det vil seia at me betaler utgifter til reise, kost og losji og ekskursjonar for dei. Det tærer hardt på stipendmidlane våre, konstaterer han.

Les meir om Den internasjonale sommarskulen

Emneord: Internasjonalisering, Studentforhold., Undervisning Av Martin Toft
Publisert 8. juli 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere