Trond Torsvik får UiOs forskingspris

Geologiprofessor Trond Helge Torsvik får UiOs forskingspris for 2016. Det har Universitetsstyret bestemt i dag.

FÅR FORSKINGSPRISEN: Geologiprofessor Trond Helge Torsvik er tildelt UiOs forskingspris for 2016.

Foto: Ola Sæther

Trond Helge Torsvik får tildelt UiOs forskingspris for 2016. Han er professor ved Institutt for geofag, og er ein av verdas mest siterte forskarar innanfor paleomagnetisme, geodynamikk, paleogeografi og jordas historie. Torsvik har mellom anna skildra korleis det er mogleg å forklara koplinga mellom dei djupe delane av jordas indre og jordas overflate, går det fram av ei pressemelding frå UiO. 

I priskomiteen si innstilling for å gi forskingsprisen til Trond Helge Torsvik står det fylgjande: "Priskomiteen ønsker med denne innstillingen å anerkjenne en kandidat som gjennom en årrekke har bidratt til å utvide vår forståelse av jordens utvikling. Professor Trond H. Torsvik har bygget opp et internasjonalt anerkjent forskningsmiljø innen geofag, og på utmerket vis bidratt til å sette Universitetet i Oslo på verdenskartet."

Utdanningsprisen går til Gruppe for design av informasjonssystem ved professor Tone Bratteteig på Institutt for informatikk. Gruppa får prisen for langvarig og kreativt arbeid med framifrå utdanning og formidling, og for å skapa nye utdanningstilbod.

Formidlingsprisen går denne gongen til nettstaden norgeshistorie.no ved ansvarleg redaktør, instituttleiar Tor Egil Førland. Grunngjevinga er at dette er ei formidlingssatsing utan sidestykke i norsk akademia. Nettstaden gjer forskingsbasert, fagfellevurdert kunnskap tilgjengeleg for alle. 800 fotorgrafi, kart, grafar, måleri og teikningar hjelper til med å gjera tekstane levande, går det fram av pressemeldinga. 

Innovasjonsprisen for 2016 går til professor Nils Christophersen ved Institutt for informatikk. Han får prisen for at han i 20 år har vore ein av Noregs fremste nyskaparar og igangsetjarar av praktisk innovasjons- og entreprenørutdanning. Christophersen starta Gründerskolen, som årleg sender 150 studentar frå åtte norske utdanningsinstitusjonar til San Francisco, Boston, Houston og Singapore.

Alle prisane er på 250 000 kroner, og dei blir delte ut under årsfesten i Universitetets aula 2. september i år.

 

Emneord: Undervisning, Realfag, Informatikk, Naturvitenskap, UiOs priser, Historie Av Martin Toft
Publisert 21. juni 2016 13:22 - Sist endra 21. juni 2016 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere