Skulding om forskingstjuveri: Lite tillitvekkjande mediehandtering

Ingen frå universitetsleiinga har kome på bana i saka som handlar om skuldingar om forskingstjuveri i det medisinske fagmiljøet på Universitetet i Oslo. For oss ser det ut som alle gøymer seg bak kvarandre og ikkje vågar å gjera noko fordi dei truleg ikkje vil skada omdømmet til UiO, kommenterer Uniforum-redaktør Martin Toft.

GIR IKKJE TILLIT: UiO-leiinga si mediehandtering av skuldinga om forskingstjuveri i det medisinske fagmiljøet, er ikkje særleg tillitvekkjande. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft/Uniforum

AKTUELL KOMMENTAR:

Det var rett før helga Uniforum kunne bringa historia om ein UiO-forskar som hadde klaga inn ein medisinprofessor for å ha stole oppfinningane hennar og ikkje inkludert henne i to vitskaplege artiklar i tidsskriftet «Journal of Biological Chemistry». Ho leverte inn den første klagen allereie i 2008.

Åtte år seinare har ho ikkje fått svar på kvifor dokumentasjonen hennar ikkje vart lagd fram då saka først blei behandla av komiteen leidd av den tidlegare forskingsleiaren hennar. Då pliktar dekanen å syta for at alle sider av ei sak blir lagde under lupa, og regelverket seier dessutan at begge sider skal kallast inn til intervju.

Men då forskingsleiaren hennar sende papira til dei sakkunnige, blei ikkje dokumentasjonen til forskaren send over. Forskaren har anka vidare til Forskingsetisk utval ved UiO, det nasjonale granskingsutvalet og til Kunnskapsdepartementet. På kvart av desse nivåa er det blitt vist tilbake til den opphavlege granskinga, der regelverket ikkje ser ut til å vera fylgt.

Også folk som ikkje har juristutdanning veit at i ei klagesak må alle partar bli høyrde. Om berre ein av partane får presentert sitt syn, er det noko fundamentalt gale. Utan å ta stilling til kven som har rett og kven som har feil i dette tilfellet, er det heilt på det reine at leiinga ved Universitetet i Oslo ikkje har handsama denne saka på ein tillitvekkjande måte.  

Det var også grunnen til at Uniforum ynskte å gjera eit intervju med representantar for universitetsleiinga. Men det blei ikkje lett å få til. Dei klarte ikkje å bestemma seg for kven som skulle svara. Journalisten sende rektor og UiO-juristen som var inne i saka på eit tidleg tidspunkt, både ein førespurnad om intervju og skriftlege spørsmål i god tid og med siste svarfrist fredag 3. juni. I staden for å få svar på konkrete spørsmål, fekk Uniforum-journalisten først eit tre sider langt dokument med ei skildring av saksgangen frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Brevet var underteikna av rektor og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

Seinare same dag blei journalisten kontakta av kommunikasjonsdirektør Marina Tofting på telefon og epost: Svaret kunne ikkje brukast. Grunngjevinga var at universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, som hadde skrive under brevet, ikkje hadde fått sett på saka.

Fredag fekk journalisten i staden ein telefon frå kommunikasjonsdirektøren om at ho skulle prøva å få til ein intervjuavtale med universitetsdirektøren førstkomande måndag. Då den dagen kom, fekk journalisten kontrabeskjed. Det var ikkje tid til noko intervju. I staden skulle UiO-rektor Ole Petter Ottersen senda svara på epost i løpet av den same dagen.

Morgonen etter fekk journalisten beskjed om at svara ville koma på epost frå prorektor Ragnhild H. Hennum. Det gjorde dei, og difor kunne Uniforum også ha med ein kommentar frå UiO-leiinga der dei berre viser til handsaminga i Forskingsetisk utval ved UiO, utan å svara på alle dei andre spørsmåla.

Dette kan tyda på at det er ei svært vanskeleg sak for universitetsleiinga. Ligg dette under rektor sitt ansvarsområde eller under ansvarsområdet til universitetsdirektøren? Det handlar om ein forskar som har kome med svært alvorlege skuldingar mot ein annan kollega, som er medisinprofessor.

No blir saka på nytt kasta fram og tilbake, medan alle gøymer seg bak kvarandre og ikkje vågar å gjera noko truleg fordi dei ikkje vil skada omdømmet til Universitetet i Oslo. Kanskje dei også er redde for at det kan bli ubehageleg for den prislønna medisinprofessoren.

Saka handlar om dårleg sakshandsaming frå Universitetet i Oslo gjennom mange år, og om ein forskar som har stanga hovudet i veggen med klagen sin. Sannsynlegvis er det ikkje siste gong det dukkar opp eit slikt tilfelle på UiO. Difor er det viktig at universitetsleiinga no innfører klarare retningslinjer for kven som skal svara på vegner av universitetet i slike klagesaker. Mediehandteringa i denne saka står til stryk.

Emneord: Forskning, Etikk, Arbeidsforhold Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 16. juni 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere