– Eit flipperspel med statlege aktørar

– Dette er eit flipperspel som blir spelt av statlege aktørar utan å ta omsyn til at forskarar også er forfattarar. Slik skildra generalsekretær Tore Slaatta i Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarforeining forslaget frå eit regjeringsutnemnd utval om å gjera alle vitskaplege artiklar ope tilgjengelege i 2020.

UEINIGE: Utvalsleiar Torkel Brekke (t.v.) og generalsekretær Tore Slaatta i Norsk faglitterær forfattar og omsetjarforeining var ueinige i kva som ville bli fylgjene av forslaga til utvida open tilgang av forskingsresultat.

Foto: Ola Sæther

Sist tysdag la eit utval leidd av professor Torkel Brekke fram forslag til nye nasjonale retningslinjer for open tilgang for vitskaplege artiklar. Hovudmålet er å få endå meir av

Framlegg til nasjonale retningslinjer for open tilgang:

  1. Forskarar finansierte av norske offentlege midlar skal som førsteval publisera dei vitskaplege artiklane sine i tidsskrift med open tilgang.

  2. Forskarar som vel tidsskrift utan open tilgang, skal gjera artikkelen opent tilgjengeleg i eit vitskapsarkiv, maksimalt seks månader for naturvitskap, teknologi og medisin og tolv månader for humaniora og samfunnsvitskap

  3. Alle institusjonar som driv med forsking skal syta for at forskingsartiklane deira blir deponerte i eit eigna vitskapsarkiv, seinast ved publiseringstidspunktet. Deponering er ein føresetnad for at artiklane skal telja i den resultatbaserte omfordelinga

  4. Institusjonar og konsortium som forhandlar avtalar med forlag om kjøp av tilgang til elektroniske ressursar skal syta for at avtalane inneheld tiltak som a) gjer open tilgang mogleg.b)er gjennomsynlege med omsyn til vilkår og c).er budsjettnøytrale. 

  5. Offentlege forskingsfinansierande institusjonar skal bidra til å dekkja kostnader til open publisering. Private og ideelle organisasjonar som finansierer forsking blir oppfordra til det same.

  6. Alle institusjonar som utfører og finansierer forsking skal etablera eller revidera eigne retningslinjer for open tilgang i samsvar med dei nasjonale retningslinjene.

  7. Alle institusjonar som driv med forsking skal leggja til rette for infrastruktur og administrative rutinar som gjer det enkelt for forskarane å fylgja retningslinjene.

publiseringa til å skje i tidsskrift med open tilgang og hindra at dei blir stengde inne i betalingsmuren til dei mest prestisjetunge internasjonale vitskaplege tidsskrifta. 

Eitt av hovudargumenta er at offentleg finansiert forsking i hovudsak også skal vera ope tilgjengeleg for alle når resultata av forskinga er klare.  

– Harvard har ikkje råd

Regjeringa med statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet som fremste våpendragar, viser også til at dei er ute etter å redusera marknadsmakta til dei store internasjonale forlaga, som til dømes nederlandske Elsevier. 

– Dei tar så høge abonnementsprisar at til og med verdas rikaste universitet, Harvard har funne ut at dei ikkje har råd til å abonnera på alle desse vitskaplege tidsskrifta, sa Haugstad. 

Etter hans oppfatning betalar staten opptil fleire gonger for noko som staten sjølv først betalte for. Staten betalar for forskinga, lønna til forskaren og  bidraget forskaren må betala for å få artikkelen på trykk i eit vitskapleg tidsskrift. Til slutt må staten betala abonnementet for at forskingsinstitusjonen skal få tilgang på tidsskriftet som har publisert artikkelen til deira eigen forskar.

– Det ligg ingen liberal verdi i å forsvara at internasjonale forlag skal gjera seg rike på offentlege pengar, understreka Bjørn Haugstad under ein debatt i regi av tankesmia Civita onsdag 15. juni.  

– Målet vårt er at offentleg forsking også skal vera tilgjengeleg for journalistar, legar og folk i næringslivet som har behov for å oppdatera seg på siste nytt innanfor forskinga, sa utvalsleiar Torkel Brekke.

 – Tar ikkje omsyn til forskarforfattarane

Generalsekretær Tore Slaatta i Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarforeining var ikkje nøgd med forslaga som skal få fleire forskarar til å publisera i tidsskrift med open tilgang. 

– Det er ikkje tatt omsyn til at mange forskarar også er forfattarar.  I Noreg finst det opphavsrett til åndsverk som syter for at forfattarar og andre skribentar får utbetalt vederlag for bøker eller tekstar som dei har skrive, og som blir brukte av andre. Både Kopinor og Norsk faglitterær forfattar og omsetjarforeining brukar desse inntektene til å dela ut stipend til medlemar og andre som vil skriva fagbøker.  Dette er viktig for forskarar som er mellombels tilsette eller er tilsette i prosjekt på forskingsinstitusjonane. Dette er eit flipperspel som blir spelt av statlege aktørar utan å ta omsyn til at forskarar også er forfattarar. slo han fast.

 – Forskarar får lønn frå staten

Statssekretær Bjørn Haugstad peika på at i dei tilfella der forskarane var fast tilsette, ville dei ikkje ha behov for ekstra stipend for å skriva bøker i arbeidstida.  – Då får dei jo likevel full lønn frå staten, peika han på. 

Føreslegne tiltak:

  • Innføring av ein eigen faktor for open publisering i publiseringsindikatoren.

  • Norske tidsskrift som vil ha støtte frå Forskingsrådet, må ha open tilgang frå 2017.

  • Det skal utviklast funksjonalitet i forskingsdatabasen Cristin for automatisk deponering av alle artiklar publiserte i opne tidsskrift

  • Norsk Senter for forskingsdata (NSD) får meir ressursar for arbeidet med register over opne publiseringskanalar av høg kvalitet.

  • Det må opprettast ei arbeidsgruppe som får ansvaret for å fylgja opp dei føreslegne tiltaka.

  • Målet er EUs ambisjon om at alle vitskaplege artiklar skal publiserast i opne kanalar frå 2020

 

– Og Kopinor blei jo oppretta på 1980-talet, den gongen nye og moderne kopimaskinar gjorde det mykje enklare å kopiere opp tekstar frå bøker og aviser. I dag har me fått ein ny digital røyndom,  trekte han fram.

 – Ja, men opphavsrettane til det som blir publisert digitalt, er også inkluderte i det som Kopinor arbeider med i dag, repliserte Tore Slaatta.   

Etter hans meining kjem forslaga frå toppen og ikkje frå grasrota på institusjonane.  Bjørn Haugstad var usamd. 

– Internasjonalt har dette heile tida vore ei grasrotrørsle frå forskarane mot dei store internasjonale forlaga, sa han.  

–Trugar ikkje forfattarrettane

Utvalsleiar Torkel Brekke var opptatt av at forslaga må få støtte i forskarsamfunnet.

– Det er viktig at rapporten får legitimitet hos forskarane, sidan den er forankra hos forskarane. Me trur slett ikkje at open tilgang vil truga rettane forskarane har som forfattarar, sa Brekke.

Samtidig garanterte han at det ville bli innført ordningar som skulle hindra at det blei oppretta røvartidsskrift.

– Norsk Senter for forskingdata (NSD)  i Bergen har difor fått ansvaret for å laga ei liste over godkjende publikasjonar, opplyste han.

Trass i denne garantien verka det ikkje som Tore Slaatta var overtydd om at forslaga for å fremja open tilgang, ville vera til fordel for forskarar som også er forfattarar.

– Eg er for open tilgang av forskingsartiklar. Men det skal ikkje gå utover dei rettane som forskarforfattarane i dag har i Noreg.  Før hadde dei forfattarstatus. No ser det ut som om dei må gi frå seg alle forfattarrettane sine til heile universet, syntest han.  

Likevel var han ikkje særleg nøgd med veremåten til dei store internasjonale forlaga.

– Dei kunne absolutt ha oppført seg meir anstendig. Konkurransereglane bør også gjelda for dei. Men dei gongene eg har spurt juristar om det, får eg aldri noko konkret svar.  Eg er overtydd om at  forslaga til utvalet kan skada  heile vederlagssystemet, sa Slaatta.   

– Går ikkje langt nok

Ein av dei som forsvarte alle forslaga under debatten, var russiskprofessor Laura Jandal frå Universitetet i Tromsø.

– Eg meiner at forslaga eigentleg ikkje går langt nok. Mitt fremste ynske er at absolutt alle som vil, skal få lesa alle dei vitskaplege artiklane eg har lese utan å betala noko for dei. Tidlegare har eg også prøvd å finna ut kor mykje forlaga tener på vitskapleg publisering. Men det spørsmålet ville dei ikkje gi meg noko svar på. Noregs forskingsråd må tvinga  alle som får finansiering til å kunngjera funna sine i tidsskrift med open tilgang, meinte ho.

Statssekretær Bjørn Haugstad avviste også innvendingane om at utvida open tilgang ville gå utover norsk som fagspråk.

– Det har aldri blitt publisert så mange vitskaplege artiklar på norsk som no, konstaterte han.

Utvalet:

Utvalet er blitt leidd av Torkel Brekke, nestleiar ved Fredsforskingsinstituttet i Oslo  og inntil nyleg professor i religionshistorie ved UiO. Andre medlemar: Petter Bae Brandtzæg, SINTEF, Johannes Waage Løvhaug, Forskingsrådet,Tove Klæboe Nilsen, Helse Nord, John-Arne Røttingen, Folkehelseinstituttet, Oddrun Samdal, Universitetet i Bergen og Margunn Aanestad, UiO.  Høyringsfristen er sett til august 2016.

 

 

Emneord: Forskning, Forskningsformidling, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere