UiO blir møtestad for forskarar frå USA og Cuba

I juni vil kubanske, norske og amerikanske utdanningsforskarar for første gong møtast utanfor Cuba. Det skjer under den internasjonale forskingskonferansen til Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling ved UiO.

MØTESTAD: Kirsti Klette og Ole Kristian Bergem ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling er mellom vertskapet under konferansen om lærarutdanning i juni.

Foto: Martin Toft

Ein av dei som vil koma til konferansen, er professor Sergio Ballaster Pedroso frå Det pedagogiske universitetet i Havanna. Saman med andre forskarar vil han leggja fram ei heilt fersk undersøking om Cubas skulesystem, opplyser forskar Ole Kristian Bergem og professor Kirsti Klette ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling til Uniforum. 

Legg fram nye funn om undervisning  

Klette leier det internasjonale forskingsprosjektet Coherence and Assignment Study in Teacher Education (CATE), som er finansiert av Forskingsrådet. Der ser forskarane på likskapar og skilnader i den fagdidaktiske undervisninga i matematikk og førstespråk på lærarutdanningane ved til saman åtte universitet i Finland, Chile, Cuba, Noreg og USA. Det er funn frå dette prosjektet som blir lagde fram på konferansen Bringing Teacher Education forward på UiO frå 6. til 8. juni.

Første møte utanfor Cuba

Cuba har ei fem år lang lærarutdanning der studentane har masse praksis undervegs.

– Eit funn i undersøkinga er at dei pratar mykje om erfaringar i praksisperiodane og driv mindre med analyse av elevarbeid, fortel Klette og Bergem. 

Det blir første gong amerikanske og kubanske utdanningsforskarar kan prata med kvarandre ansikt til ansikt utanfor Cuba.

– No håpar me at me også kan hjelpa dei kubanske forskarane med å få publisert undersøkingane sine i vitskaplege tidsskrift på engelsk eller spansk, seier dei to til Uniforum.

Under den siste dagen av konferansen blir det også ein eigen bonussesjon om Cubas utdanningssystem. Den handlar om kvifor studentar på Cuba gjer det betre i skulen.

Vil utvikla betre profesjonskunnskap

Hovudtemaet vil vera å finna ut korleis universiteta kan gi lærarstudentane profesjonskunnskap som er  relevant for deira framtidige arbeid i klasserommet.

– Difor må dei få trena på å få leia klassedebattar, og utfordra elevane på slike måtar at dei opplever faga som spennande, seier Klette og Bergem.

Den internasjonale konferansen blir arrangert som ein del av markeringa av 20-årsjubileet til Det utdanningsvitskaplege fakultetet.

Les meir om den internasjonale konferansen Bringing Teacher Education forward

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Det utdanningsvitenskapelige fakultet Av Martin Toft
Publisert 18. mai 2016 09:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere