Språksamlingane er på veg til Bergen

No er alle råtekstane til Norsk Ordbok og språksamlingane i Oslo pakka ned i kartongar. Det første flyttelasset gjekk frå Oslo til Bergen denne månaden.

PÅ FLYTTEFOT: Alexandros Tsakos koordinerer flyttinga av språksamlingane frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen. Det gjer han i tett samarbeid med Universitetsbiblioteket i Bergen.

Foto: Ola Sæther

For halvtanna år sidan avgjorde Universitetet i Oslo at det ikkje lenger ville ha ansvaret for språksamlingane.  I november i fjor blei det endeleg bestemt at Universitetet i Bergen og samarbeidspartnarane deira på Vestlandet skal overta arkivet til Norsk Ordbok og alle språksamlingane frå Universitetet i Oslo. Formelt skjedde overtakinga ved årsskiftet. I byrjinga av mai gjekk det første flyttelasset over Langfjella til Bergen.

Verdifullt arkivmateriale

Postdoktor Alexandros Tsakos har jobba med flytting og organisering av ulike arkiv ved Universitetet i Bergen. Han koordinerer no i tett samarbeid med Universitetsbiblioteket i Bergen flyttinga av alle språksamlingane ved Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen.

– I Bergen har eg hatt ansvaret for det unike Sudan-arkivet. Grunnen er at eg har arbeidt som arkeolog og religionshistorikar under utgravingar langs Nilen i dagens Sudan. Difor er eg svært opptatt av å forvalta verdifult arkivmateriale, slik som også språksamlingane og arkivet til Norsk Ordbok, er, seier han til Uniforum.

Pionerarbeidet

Så drar han ut ei gamal bok med vakker og sirleg handskrift. – Dette er det første arbeidet som blei gjort av pionerane bak Norsk Ordbok mellom 1930 og 1940. Det var bygd på den første nynorske grammatikken til Ivar Aasen og andre nynorskpionerar, fortel han.

– Gir meg ei god kjensle

Alexandros Tsakos synest det er viktig at dette materialet blir tatt godt vare på. – Når Universitetet i Oslo ikkje lenger ynskte å ha ansvaret for språksamlingane, er det fint at Universitetet i Bergen og fleire høgskular på Vestlandet kunne ta eit felles ansvar for å ta vare på desse gamle papira og bøkene, seier han. Og han likar å halda på med historiske prosjekt. – Det gir meg ei god kjensle å kunne ta på bøker og papir, som er og har vore ein viktig del av historia.

– Me gler oss

Universitetsbiblioteket i Bergen får hovudansvaret for at språksamlingane får eit nytt liv på Universitetet i Bergen. Førstebibliotekar Rune Kyrkjebø jobbar saman med Alexandros Tsakos i flytteprosjektet som no pågår. Han er norrønfilolog og har god erfaring med spesialsamlingar.  I Bergen vil det vera to fagansvarlege og to bibliotekarar som skal arbeida vidare med samlingane. Der skal dei først bli tatt vare på i den gamle bygningen til Autogården Bergen, som Universitetet i Bergen disponerer til arkivsamlingane sine.

 – Me gler oss til å få samlinga på plass i Bergen, seier Alexandros Tsakos.

Fakta om språksamlingane:

Samlingane ved Universitetet i Oslo er sette saman av ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet.

Språksamlingane ligg mellom anna til grunn for Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk ordbank, matrikkelutkastet frå 1950, Norske Gaardnavne og Norsk Ordbok 2014. Desse er fulldigitale, sentrale publikumstenester for norsk språk.

Arbeidet med Norsk Ordbok blei starta allereie i 1930. Det siste av dei tolv banda var ferdig i mars i år.

Verket har over 300 000 oppslagsord. Eit tilsvarande verk finst ikkje for bokmål, og det er heller ikkje løyvd pengar til det.

10. juni 2014 vedtok styret for Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo at det ikkje lenger hadde råd tll å ta ansvaret for språksamlingane.  

27 av dei tilsette i Norsk Ordbok fekk oppseiingsvarsel 1. juli 2014. Det blei stadfesta av Universitetsstyret i desember 2014..Etter at NTL hadde varsla arbeidsrettssak mot UiO, inngjekk til slutt UiO og fem av dei tilsette eit rettsforlik sommaren 2015.

Kunnskapsdepartementet bestemte i november i fjor at språksamlingane skulle overførast til Universitetet i Bergen frå 1. januar 2016. I mai går dei første flyttelassa frå UiO til UiB.

(Kjelder: Norsk Ordbok 2014, Uniforum og På Høyden)

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Nynorsk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. mai 2016 23:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere