Ingen spor etter tjuveri av møbelskattar

For tre år sidan forsvann gamle møblar til ein verdi på over 350 000 kroner frå eitt av UiOs lager.Tjuvane hadde truleg nøkkel.

AULASTOLAR: 20 av desse aulastolane i Louis seize-stil forsvann under tjuveriet. Til saman har dei ein verdi på 100 000 kroner. (Foto: UiO) )

Foto: Foto UiO

Det var 5. februar 2013 folk frå Eigedomsavdelinga ved UiO oppdaga at fleire møblar var borte frå Universitetet i Oslos fjernlager i den gamle militærleiren Hvalsmoen i

Hønefoss. Då hadde dei forsvunne møblane sist blitt observerte tre veker tidlegare. Den mest verdifulle gjenstanden som var borte, var Henrik Bull-møblementet frå 1900-1902.

«Unikt»

I politimeldinga frå UiO er det lagt ved ei skildring frå Bjørn Vidar Johansen, som er leiar for Museum for universitets- og vitskapshistorie. «Henrik Bull-møblementet er av en slik klasse at det bør prisvurderes av Nasjonalmuseet. Det er så unikt at det neppe finnes noe tilsvarende solgt i Norge, og er dermed vanskelig å vurdere markedspris på. Det burde i prinsippet være vanskelig å få solgt gjennom seriøse auksjonsfirmaer eller antikvitetsforretninger. Slike møblement er rett og slett ikke i sirkulasjon uten at det vil vekke en viss oppmerksomhet blant seriøse aktører.»

Peter Wessel Zapfes dødsbu

Mellom dei andre tinga som forsvann, var dei gamle Louis-seize-stolane frå Universitetets aula.  Til saman har dei ein verdi på over 100 000 kroner. Også møblar som blei gitt til UiO frå dødsbuet til filosofen Peter Wessel Zapfe er mellom dei tinga som forsvann, og som enno ikkje har kome til rette igjen. Under innbrotet i 2013 blei til saman 41 møblar til ein samla verdi på 361 000 kroner borte.

Tjuvar med nøkkel

Uniforum har fått ein kopi av politimeldinga frå UiO til Ringerike politikammer frå 12. februar 2013.

Av den går det fram at under innbrotet blei ingen av inngangane til dei to lagerbygningane på Hvalsmoen brotne opp. Ingen låsar vart øydelagde. Difor reknar UiO med at gjerningspersonane har hatt tilgang med nøkkel. Sidan møblane er både store og tunge tyder også alt på at transporten må ha blitt utført med ein stor bil, og at fleire enn ein person har vore med på tjuveriet.

FORSVANN: Fleire verdifulle møblar forsvann frå dette fjernlageret til UiO på Hvalsmoen ved Hønefoss. (Foto:Ola Sæther)

Nøklar til staden fanst hos Eigedomsavdelinga (tidl. Teknisk avdeling) ved UiO, men det var også nøklar hos Bodsentralen til UiO. Desse nøklane blei brukte av flyttebyrået som nytta dei ved oppdrag på Hvalsmoen. Også utleigaren Hvalsmoen AS har tilgang til lokala. Den same nøkkelen kunne brukast til begge dei to lagera, står det å lesa i politimeldinga. Universitetet i Oslo har konfrontert  flyttebyrået med hendinga, men dei har ikkje opplysningar i saka. 

– Flyttar mest maskinar

Opplysningar som Uniforum har fått tak i, viser at det flyttebyrået som flytta møblar for UiO til Hvalsmoen er Avance Flyttetransport. Det stadfestar også innehavar Hector Carvallo overfor Uniforum.  Og tidlegare flytta selskapet møblar frå Universitetet i Oslo til fjernlageret på Hvalsmoen.

 – Selskapet har framleis transportoppdrag for UiO, opplyser han. – Men no er det mest flytting av store maskinar, legg han til.

Universitetet i Oslo viser også til at det har gjort førespurnader på stader der møblane er blitt leverte ved ein feil, men det har ført til negativt resultat. Truleg tyder den

formuleringa at dei har sjekka om møblane er blitt leverte til feil adresse.

Ridehall og militærdepot

Fjernlageret til Universitetet i Oslo på Hvalsmoen ved Hønefoss blir nytta til å ta vare på møblar av antikvarisk og historisk interesse. Lageret inneheld også lesesalspultar, gamle

vindauge og andre bygningsdelar. Lageret er på til saman 1450 kvadratmeter, og ligg i to bygningar; ein gammal ridehall og eit gammalt militærdepot, går det fram av informasjonen UiO har gitt til politiet.

Etter det Uniforum får opplyst frå Hønefoss politistasjon, er det ikkje kome noko resultat av etterforskinga. Saka blei difor lagd til side på grunn av mangel på opplysningar om gjerningsmannen, går det fram av saksavgjerda datert 8. mai 2013.

Ulåste dører

Uniforum var for kort tid sidan også på ein tur til lageret på Hvalsmoen 111. Då oppdaga me at fleire av dørene var ulåste. Men det var heller ingen verdifulle gjenstandar igjen i

dei bygningane der dørene var opne.

JUGENDMØBEL: Dette underskåpet i Jugendstil er ein av møblane som vart borte. Det stod tidlegare i Urbygningen og er verdt 10 000 kroner. (Foto: UiO)

Uniforum har vore i kontakt med både seksjonssjef Pål Linberg og eigedomsdirektør John Skogen i Eigedomsavdelinga ved UiO.  Me ville gjerne vita om kva som er blitt gjort for å sikra fjernlageret til UiO betre, slik at det ikkje blir fleire tjuveri av verdifulle møblar. Akkurat det spørsmålet vil ikkje eigedomsdirektør John Skogen svara på.

– På generelt grunnlag og av openberre årsaker kan eg seia at me ikkje ynskjer å gi ut informasjon om kva som finst i lagra våre og korleis me sikrar dei.  Det kan «nokon» finna veldig interessant og eg reknar med at det er forståing for dette, svarar han i ein epost til Uniforum.

Stolne møblar er framleis borte

Eigedomsdirektør John Skogen tar kontakt ein dag seinare, og då har han svart på alle spørsmåla frå Uniforum.

Har de fått vita noko om resultatet av etterforskinga?

– Ja, det har me. Saka  blei lagd til side etter nokre månader på grunn av manglande opplysningar  om gjerningsperson.

– Har nokre av møblane kome til rette igjen?

– Nei, ingen av  møblane har kome til rette igjen.

– Nokon hevdar at nokre møblar er blitt forsøkt selt til ein antikvitetshandlar. Har du opplysningar som tyder på at det er rett?

– Nei, det har eg ikkje. 

– Etter det Uniforum har fått vita, var det eit nytt innbrot nokre år etter det første. UiO valde ikkje å melda det innbrotet til politiet. Kva var grunnen til det?

– Ved ei seinare synfaring blei det oppdaga at det mangla nokre fleire møblar. Det var ingen synlege teikn til innbrot. Me kunne ikkje slå fast at desse møblane var stolne i etterkant av førre politimelding.

– Kva har de gjort med vakthaldet sidan innbrotet?

– Me har gjort sikringstiltak i etterkant, men som eg svarte i går, kan me av openberre årsaker ikkje gå i detalj på dette eller på kva som finsti lagra, svarar eigedomsdirektør John Skogen.

Dette er lista over dei mest verdifulle møblane som forsvann: 

Henrik Bull-møblement: Verdi: 200 000 kr

Nyrokokkobord: Verdi: 5000 kr

Dragestilstol: Verdi: 3000 kr

Biedermaiersofa: Verdi: 10 000 kr

Skinnstolar: Verdi : 10 000, til saman 20 000

Stolar i Louis seize: Verdi: 5000 kr, samla 100 000

Sofabord: Verdi: 5000

Stol i ny-renessanse: Verdi: 1000 kr, i alt 3000 kr

Speil i biedermeierstil: Verdi  5000 kr

Underskap i jugendstil: Verdi: 10 000 kr

Til saman forsvann 41 møblar til ein samla verdi på meir enn 361 000 kroner.

(Oppdatert kl. 15:40)

 

 

 

Emneord: Etikk, Arbeidsforhold, Teknisk avdeling, Museene Av Martin Toft
Publisert 12. mai 2016 14:00 - Sist endra 12. mai 2016 15:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere