HumSam-biblioteket blir meir studentvennleg

Frå 1. juni begynner ei ansiktsløfting av HumSam-biblioteket i Georg Sverdrups hus på Blindern.

LÅGE HYLLER: Bokhyllene vil etter ombygginga bli 1 meter lågare enn i dag, fortel overbibliotekar Halvor Kongshavn ved HumSam-biblioteket.

– Me skal få ei siktlinje over bokhyllene og heilt bort til dei 836 augemåleria til Kjell Torriset på den andre sida av rommet, fortel ein begeistra overbibliotekar Halvor Kongshavn når han forklarar korleis HumSam-biblioteket i Georg Sverdrups hus vil sjå ut når det har fått eit heilt nytt interiør til hausten. 

Lågare bokhyller

– Det første studentane og dei andre brukarane vil merka, er at bokhyllene blir 1 meter lågare enn i dag.  Mange av dei minst brukte bøkene blir derfor lagde i magasina. Men det skal framleis vera meir enn nok oppslagsbøker og tidsskrifter for alle interesserte, understrekar han.  I hovudsalen vil også nokre av dei små grupperomma mot parken forsvinna. 

– Det skal opnast, bli meir lys og fleire fargar. Resultatet blir 100 nye arbeidsplassar og nye grupperom, opplyser Kongshavn. I eit av hjørna skal det skipast til debattar og andre møte.

Meir brukarvennleg

Og i etasjen under håpar han  biblioteket etter kvart får ein eigen krok for skjønnlitteratur. 

– Det trur eg vil vera fint for alle. Førebels er det berre planar. I det heile tatt trur eg at ombygginga vil gi oss eit meir studentvennleg og brukarvennleg bibliotek, seier Halvor Kongshavn.

– Ein fryd

Han skryter masse av Eigedomsavdelinga.

– Det har vore ein fryd å samarbeida med både seniorarkitekt Leif Haugen og interiørarkitekt Beate Ellingsen, synest han.

– Det blir færre og færre papirtidsskrift og stadig fleire og fleire epostidsskrift og e-bøker. Det tar me også konsekvensen av gjennom denne endringa, fortel han. 

– Det vil bli fleire lesesalplassar for studentane. Og det er det behov for . Nyleg var 5200 studentar innom biblioteket i løpet av ein dag. Det er ny rekord, slår Halvor Kongshavn fast.

 

Emneord: Universitetsbiblioteket, Studentforhold, Studentsaker, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 13. mai 2016 10:45 - Sist endra 13. mai 2016 10:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere