Godt nøgd med tilbodet frå staten

– Den lokale potten i år er stor og gir eit større handlingsrom i dei lokale forhandlingane, synest hovudtillitsvald Christer Wiik Aram i Akademikarane ved UiO.  Han avviser NTL-leiar Ellen Dalens  påstand om at dei har falle medlemane sine i ryggen.

NØGD: Hovudtillitsvald Christer Wiik Aram i Akademikarane (lengst til høgre på talarstolen) er godt nøgd med tilbodet frå staten i lønnsforhandlingane med hovudorganisasjonane i staten.

Foto: Ola Sæther

Hovudtillitsvald for Akademikarane ved UiO, Christer Wiik Aram er svært nøgd med tilbodet frå staten, sjølv om både LO stat, YS og Unio syntest det var så dårleg at dei braut lønnsforhandlingane. Han trekkjer fram at 75 prosent av potten det skal forhandlast om, skal forhandlast lokalt, medan berre 25 prosent skal fordelast i dei generelle lønnsforhandlingane.

Stor pott

– Den lokale potten i år er stor og gir eit større handlingsrom i dei lokale forhandlingane. Sidan dei lokale forhandlingane skjer på hausten, vil resultatet først vera klart 1. oktober. Det er derfor litt tidleg å føresjå resultatet av desse forhandlingane slik Dalen ser ut til å tru. Eg har stor tiltru til at me saman med arbeidsgjevar vil klara å forhandla oss fram til ei god løysing for medlemane vår, seier Christer Wiik Aram til Uniforum.

Vil forhandla om nytt lønns- og forhandlingssystem

Han viser også til at Akademikarane og staten har ein avtale om å setja i gang ein prosess om modernisering av hovudtariffavtalen.
–Dette inneber at Akademikarane og staten innan 1. februar 2017 skal bli einige om detaljane i eit nytt lønns- og forhandlingssystem, understrekar han.

Wiik Aram listar også opp kva dei berande prinsippa for avtalen inneber:
* den økonomiske ramma skal som nå forhandlast mellom partane på sentralt, nasjonalt nivå.
* lokale arbeidsgjevarar og tillitsvalde skal deretter gjennom kollektive, lokale forhandlingar og  fordela lønnstillegga lokalt.
* framtidas lokale forhandlingar kjem ikkje til å vera som dei lokale forhandlingane me har kjent sidan 1990-tallet. All økonomi og alle verkemiddel vil stå til  disposisjon for dei lokale, som vil seia at det lokalt kan gjevast generelle tillegg til alle, justera grupper og gjevast individuelle lønnstillegg.
* det skal utviklast ein ny tvisteløysningsmekanisme som er betre enn dagens ordning i lokale forhandlingar.

Får ikkje dårlegare lønnsutvikling

Christer Wiik Aram deler ikkje frykta til NTL-leiar Ellen Dalen  om at dei statstilsette vil få ein dårlegare lønnsutvikling med det nye systemet.

– Eg er ikkje einig i at statstilsette vil sakka akterut samanlikna med andre grupper. Situasjonen har for mange av Akademikarane sine  medlemar vore det motsette, ved at tilsette med høg utdanning og nøkkelkompetanse innanfor viktige område over lengre tid har sakka etter i lønn samanlikna  med andre sektorar. No har me eit verkemiddel for å kunna motverka dette gjennom det som er avtalt. Når lønnsdanninga i staten blir flytta frå det nasjonale, sentrale nivået til det lokale verksemdsnivået, vil dette seia at partane lokalt kan skreddarsy lønns- og personalpolitikken til behovet for verksemda, seier Wiik Aram.

Urimeleg kritikk

Han synest difor det er ingen grunn  for NTL-leiar Ellen Dalen å hevda at Akademikarane ikkje gjer det som er best for medlemane sine.

– Påstanden om at me fell  medlemane i ryggen gjennom å inngå den avtalen som eg har skildra over, og som Akademikarane har lagt til grunn for  krava sine  i dei sentrale forhandlingane i staten gjennom dei siste 10 åra, fell på sin eigen urimelegheit, noko eg trur Dalen godt forstår like godt som meg, konstaterer han. 

Hovudtillitsvald Christer Wiik Aram meiner dette handlar om å behandla alle arbeidstakarar likt.  

– Akademikarane har vore opptatt av at den økonomiske ramma for oppgjeret og fellesbestemmelsane i tariffavtalen (dei sosiale bestemmelsane, arbeidstid, overtid og AFP ) skal forhandlast mellom sentrale partar som før. Me meiner dette bør vera likt utforma for alle arbeidstakarar i staten, seier Wiik Aram.

Emneord: Lønn/lønnsforhandlinger, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 6. mai 2016 05:00 - Sist endra 9. mai 2016 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere