Flyktningar får akademisk praksis på UiO

– Dette er ein fin sjanse for meg til å få god arbeidserfaring. Det seier Tabassom Fanaian som er den første flyktningen som har fått plass på akademisk praksis ved UiO.

GLADE: Både Tabassom Fanaian og senterleiar Geir Ulfstein er glade for at ordninga med akademisk praksis har gjort det mogleg for henne å arbeida minst tre månader ved senteret PluriCourts ved UiO.

Foto: Ola Sæther

I tre månader skal Tabassom Fanaian frå Iran arbeida i grenseområdet mellom forsking og administrative oppgåver ved UiO-senteret PluriCourts – Senter for forsking om legitimiteten til internasjonale domstolar.

– Eg kom til Noreg for seks år sidan og har tatt ein master i freds- og konfliktstudiet ved Universitetet i Oslo. Etter studia har eg arbeidt som miljøterapeut ved eit flyktningmottak,

samtidig som eg har jobba for organisasjonen Iran’s Human Rights, fortel ho til Uniforum.  

Underviste studentar frå Bahai-samfunnet

Tabassom Fanaian flykta frå Iran fordi ho underviste studentar frå den forfylgde religiøse minoriteten Bahai-samfunnet på nettuniversitetet BIHE (The Bahá'í Institute for Higher Education). Fleire av kollegaene hennar hamna i fengsel på grunn av det.

Tabassom Fanaian har ikkje fått jobb i Noreg etter at ho blei ferdig med mastergraden for fire år sidan.

– Med hjelp frå NAV fekk eg ein praksisplass som miljøterapeut. Der har eg vore i tre månader. Ordninga med Akademisk praksis kan vera med på å slå sund glasveggen, slik at det blir enklare å koma inn i arbeidslivet for flyktningar som ynskjer å yta noko til det norske samfunnet, trur ho.

Samarbeid mellom UiO og Oslo kommune

Når Tabassom Fanaian no har fått plass på ordninga med Akademisk praksis ved UiO, kan ho takka samarbeidet mellom Universitetet i Oslo og Oslo kommune for det. Det er naudsynt å ha plass på Introduksjonsprogrammet for flyktningar og asylsøkjarar for å kunna søkja om å bli med på akademisk praksis ved UiO. Eit anna krav er at søkjaren må ha fullført minst ein grad ved ein høgare utdanningsinstitusjon. Søkjaren må også kunne utplasserast i eit fagmiljø som i stor grad svarar til det fagmiljøet han eller ho kjem frå, eller som på ein annan måte kan bidra til individuell, akademisk utvikling.

Som masterstudent i Noreg såg Tabassom Fanaian nærare på kvifor det til slutt gjekk så dårleg med den grøne protestrørsla i Iran i 2009.

– Flott

Senterleiar Geir Ulfstein er glad for at PluriCourts har fått inn Tabassom Fanaian på denne ordninga.

– Det er flott at ho og andre flyktningar på denne måten kan få bruka utdanninga si på eit område dei kjenner. For oss er det også til stor nytte, sidan me får utvida kunnskapsområdet vårt.

– Kva arbeidsoppgåver vil du setja henne til?

– Ho skal driva med forskingsadministrasjon og delta i arbeidet med å planleggja og organisera konferansar. Ho kan også bli beden om å hjelpa til i forskinga. På den måten kan

ho assistera forskingsverksemda ved senteret, seier Ulfstein til Uniforum.

Får godt motiverte studentar

Ordninga med akademisk praksis er komen i gang i kjølvatnet etter den store flyktningbylgja frå Syria via Tyrkia i fjor haust. Då var UiO-rektor Ole Petter Ottersen den første som tok til orde  for at ein måtte leggja til rette for at flyktningar med akademisk praksis skulle få ein lettare veg tilbake til akademia. Det skulle skje ved  å laga ordningar som kunne gjera det mogleg for flyktningar med akademisk bakgrunn å få relevante praksisplassar på universitetet. Når ordninga no er på plass ved UiO, er det også eit tilbod som blir gitt til flyktningar med akademisk bakgrunn frå andre område i verda. Tabassom Fanaian føler ikkje at ho tar ein akademisk plass frå ein syrisk flyktning.

 – Nei, på ingen måte. Eg kom jo til Noreg som flyktning først, understrekar ho. Etter hennar meining vil både Noreg og Universitetet i Oslo tena på ei slik ordning. – Universitetet vil få nytta seg av godt motiverte studentar med akademisk bakgrunn.

Og senterleiar Geir Ulfstein er heilt einig. – Ja, for oss er dette både nyttig og billeg. Lønna blir betalt av Introduksjonsprogrammet til Oslo kommune. Dette er ei ordning som me gjerne skulle ha fått tidlegare, synest han.

Tabassom Fanaian har framleis tid til å driva eit nettuniversitet. – Då underviser eg studentar som tilhøyrer Bahai-religionen i psykologi, som er fagområdet mitt frå Iran. Sidan desse studentane er Bahai-tilhengjarar, får dei ikkje studera ved dei tradisjonelle universiteta i Iran, fortel ho.

SLÅR SUND GLASVEGGEN: – Ordninga med Akademisk praksis kan vera med på å slå sund glasveggen, slik at det blir enklare å koma inn i arbeidslivet for flyktningar som ynskjer å yta noko til det norske samfunnet, trur Tabassom Fanaian.Ho har fått plass på Akademisk praksis ved senteret PluriCourts ved UiO. (Foto: Ola Sæther)

Kan konkurrera nasjonalt

Praksisperioden hennar ved PluriCourt varer i tre månader. Men ho vil ha høve til å søkja om å få utvida perioden med tre nye månader. Deltaking i ordninga gir ikkje flyktningar med akademikarbakgrunn rett til vidare studium eller stilling ved Universitetet i Oslo. Derimot skal det gi dei ein sjanse til å konkurrera nasjonalt på likast moglege vilkår. Ifylgje eit notat skal Universitetet i Oslo også greia ut høvet for at fagmiljø kan søkja om å gi eksamensrett til deltakarar i Akademisk praksis, som treng ekstra utdanning for å få halda fram i akademia i Noreg, sjølv om dei manglar formelle språkkrav til norsk og engelsk. Akkurat no er også UiO i dialog med Oslo kommune for å tilby norskkursa sine til denne gruppa. Seinare vil dei også gå gjennom ulike tiltak for å få dei til å oppfylla kravet til engelskkunnskapar, går det fram av notatet.

For senterleiar Geir Ulfstein har ordninga allereie gitt meirsmak.

– Me har også sagt ja til å ta imot ein akademisk flyktning frå Gaza. Den personen vil koma hit i neste veke, fortel han.

Svært nøgd UiO-rektor

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er godt nøgd med at ordninga Akademisk praksis no er i gang på universitetet.

– Dette er eg sjølvsagt svært glad for, svarar han i ein epost under ein pause under besøket i St. Petersburg i Russland.

– No viser det seg at arbeidsoppgåvene er meir forskingsadministrative enn direkte akademisk praksis. Var det slik du hadde tenkt deg ordninga?

– Det har hele tiden vore meininga at dette skal vera ein fleksibel ordning og at arbeidsoppgåvene blir tilpassa den enkelte deltakar, slik me har tenkt og slik Introduksjonslova ventar av oss. Tabassom har etter det eg veit, fått arbeidsoppgåver tilsvarande ein forskingsassistent, som vil innebera både administrative og meir forskingsnære oppgåver. Arbeidsoppgåvene til den enkelte vil også kunna endra seg over tid, etter som deltakaren får meir erfaring og kjennskap til fagmiljøet., seier Ole Petter Ottersen.

Skal få tilpassa opplegg

Han understrekar at målet ikkje var at dei som deltar skulle arbeida som forskarar.

– Det har aldri vore meninga at alle deltakarar skal kunna gå rett inn i reine forskingsstillingar - det krev jo at ein har den typen kompetanse -, men at dei skal få tilpassa opplegg som gjer den enkelte i stand til å halda fram eit akademisk løp, enten det er vidare studium eller relevant arbeid, understrekar han.

Tilbod for alle flyktningar

For Ole Petter Ottersen var formålet med ordninga heile tida å kunna gi ein akademisk praksisplass til alle flyktningar med akademisk bakgrunn, ikkje berre dei som kjem frå Syria. 

– Det er ei misforståing. Sjølv om Syria har fått mest fokus, har me heile tida vore opptatt av å utvikla løysningar som kan tilbydast alle flyktningar, uavhengig av opphavsland. Dei syriske flyktningane som kom i haust, har ikkje fått opphaldsløyve før dei siste månadene, og det er først no at dei er klare for å delta i denne typen ordningar. Me har fleire syrarar på lista over moglege søkjarar.

– Målet er varig praksis

– Ser du for deg at ordninga kan bli utvida til å gjelda endå fleire enn dei som til no har fått plass?

– Det er førebels éin som er på plass, men fleire er til vurdering. I denne oppstartfasen er det ekstra viktig at me gjer ein grundig jobb med utplasseringa, slik at me får best mogleg treff mellom deltakar og fagmiljø. Målet er at dette blir ein varig praksis, slik at me kan ta imot flest mogleg med akademisk bakgrunn. Eg ser det som svært viktig at me som universitet kan bidra på ein god måte til integrering av flyktningar, svarar Ole Petter Ottersen.

Fakta om Akademisk praksis:

– Flyktningar i Introduksjonsprogrammet til Oslo kommune kan søkja om praksisplass på UiO.

– Søkjaren må ha fullført minst ein grad ved ein høgare utdanningsinstitusjon.

– Lønna blir betalt av Introduksjonsprogrammet.

– Søkjaren må kunna utplasserast i eit fagmiljø som i stor grad svarar til det fagmiljøet han eller ho kjem frå, eller som på ein annan måte kan bidra til individuell, akademisk utvikling.

– Førebels har to flyktningar fått plass på Akademisk praksis ved UiO. Truleg vil endå fleire, også frå Syria, få plass om kort tid.

– Ordninga er komen i stand etter den store bylgja av syriske flyktningar frå Tyrkia i fjor haust.

(Kjelder:Anne Kolberg Buverud og Akademisk dugnad for flyktningar, UiO)

Les også relevante saker frå Uniforum:

75 flyktninger påmeldt infomøte

Søker nye muligheter i Norge

Les meir om Akademisk praksis ved UiO

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Midtausten, Syria, Internasjonalisering, Tyrkia Av Martin Toft /
Publisert 20. mai 2016 02:00 - Sist endra 20. mai 2016 08:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere