Andrew Wiles: – Finst framleis mange uløyste matematiske gåter

I 1994 klarte Andrew Wiles å finna løysinga på Fermats siste teorem. I dag får han Abelprisen i matematikk for det arbeidet. –  Det finst framleis uløyste gåter som unge matematikarar kan gå laus på, seier han til Uniforum.

VITSKAPSSPRÅKET: – Matematikken er blitt språket til vitskapen. Og alle dei som driv og byggjer fly, bilar og mobiltelefonar veit kor viktig matematikken er, seier Andrew Wiles. Tysdag 24.mai får han utdelt Abelprisen i matematikk.

Foto: Ola Sæther

I 2002 var matematikkprofessor Andrew Wiles det store trekkplasteret då Abelprisen i matematikk for første gong blei lansert. Då var han også mellom dei store favorittane til å få den første Abelprisen i matematikk i 2003. Seinare har Abelprisen blitt delt ut kvart år utan at Andrew Wiles har vore ein av vinnarane. Først  no i 2016 er det endeleg Andrew Wiles’ tur til å få tildelt Abelprisen som er på seks millionar kroner.

– Det er ei stor ære og ein fantastisk pris å få. Dessutan er det ein flott måte for Noreg og verda å minnast den store matematikaren Niels Henrik Abel på, seier Andrew Wiles, då me treffer han på Vitskapsakademiet dagen før prisutdelinga. Det er Vitskapsakademiet som har ansvaret for det administrative arbeidet rundt Abelprisen.

Løyste Fermats siste teorem

Interessa for matematikk blei tidleg vekt hos han. Då Andrew Wiles var ti år gammal fann han ei bok om Fermats siste teorem på kommunebiblioteket i heimbyen sin Cambridge i England.  Det var det som fekk Andrew Wiles til seinare å bruka over sju år av livet sitt på å løysa den matematiske gåta som den franske matematikaren Pierre de Fermat lanserte i 1637.

Fermat tok utgangspunkt i Pytagoras`læresetning (teorem) for rettvinkla trekantar: x2+y2=z2. Fermat hevda at denne likninga ikkje stemmer for x3+y3=z3 eller for ei kvar likning xn+yn=zn der n er større enn 2 og x,y,z og n er positive heiltal. Fermat hevda også at han hadde funne beviset for denne teorien, men at han ikkje hadde nok plass i mergen på ei bok til å skildra den.

 I 350 år jakta matematikarar over heile verda på beviset for Fermats siste teorem, før Andrew Wiles til slutt klarte det 19. september 1994. – Det var vidunderleg, sa han til Uniforum i 2002. 

Frå Princeton til Oxford

Den gongen var han matematikkprofessor ved Princeton-universitetet i USA. No har han flytta tilbake til England og er professor ved Oxford-universitetet. 

– Dei fem åra sidan eg flytta heim igjen, har eg jobba med eit anna matematisk prosjekt som heilt sikkert ikkje blir løyst i løpet av mi levetid. Det handlar om eit matematisk problem som først blei presentert på midten av 1900-talet. Problemet går ut på å forstå høgregrads-likningar utifrå algebra, Det var eit klart brot med tradisjonen, noko som Abel var den første som peika på i byrjinga av 1800-talet.Ingen klarte likevel å finna ein mogleg måte å skildra denne likninga på.  

– På 1950-talet prøvde den kanadiske matematikaren Robert Langlands å finna fram til korleis dette burde sjå ut gjennom eit svært avansert program som bygde på det som me kallar for analytiske konstruksjonar og utrekningar. Ingen har likevel enno klart å prova dette. Difor må forskarar frå ulike område i matematikken saman danna ei lang beviskjede for å finna løysinga på det problemet. Det er eit vanskeleg og nesten uløyseleg problem. Så det blir nok heller ikkje løyst i mi levetid, slår han fast.

– Hardy tok feil

Andrew Wiles er overtydd om at matematikken spelar og vil halda fram med å spela ei viktig rolle i samfunnet.

ULØYSTE MATEMATISKE GÅTER: – Dei som er unge i dag bør gripa sjansen og prøva å få løyst fleire av desse gåtene, synest Andrew Wiles. (Foto: Ola Sæther)

 – Matematikaren Godfrey Harold Hardy formulerte  ein gong det som har blitt kalla orsakinga til matematikaren: «i alle fall så veit eg at matematikken eg har forska på  aldri vil koma til nytte.» Han kunne ikkje ta meir feil. I dag er talteorien hans tatt i bruk i kryptering i alt frå bankkort til epost. Og alt som har å gjera med  data og digitalisering, kan me takka matematikken for. Matematikken er blitt språket til vitskapen.  Og alle dei som driv og byggjer fly, bilar og mobiltelefonar veit kor viktig matematikken er, seier Andrew Wiles.

Nye gåter står for tur

Sjølv om han klarte å løysa Fermats siste teorem, finst det framleis uløyse matematiske gåter. I 2002 nemnde han  Riemann-hypotesen frå 1859 og Poincaré-antagelsen, som gode døme. Dei er framleis ikkje løyste. Dei oppfordrar han dagens unge matematikarar til å gå laus på.

– Ei anna av desse gåtene er eitt av dei andre problema som Fermat presenterte i brev til britiske matematikarar. Dei som er unge i dag bør gripa sjansen og prøva å få løyst fleire av desse gåtene, synest han.

Inga realfagskrise i Storbritannia

I Noreg snakkar mange om realfagskrisa. Andrew Wiles opplever ikkje noka slik krise i Storbritannia. – Våre lærestader strøymer over av studentar som vil læra meir om naturfag og matematikk. Interessa for desse faga er stor. Og så synest eg som sagt at det er flott at Noreg har etablert ein matematikkpris som ber namnet til Niels Henrik Abel. Det er også bra for å skapa endå meir interesse for matematikkfaget, seier han.

Abelprisen blir delt ut av kronprins Haakon til Andrew Wiles i Universitetets aula klokka 14.00 i ettermiddag.  I kveld vil regjeringa halda ein gallamiddag på Akershus slott til ære for Abelprisvinnar Andrew Wiles.

Les også i Uniforum:

Andrew Wiles fekk Abelprisen for 2016

Matematikaren som løyste Fermats siste teorem

Andre lenkjer:

Abelprisen

BBC Horizon Fermat's Last Theorem on Dailymotion

 

(Kjelder: Andrew Wiles, Uniforum, Wikipedia, BBC, Abelprisen, Oxford University)

 

Emneord: Abelprisen, Matematikk, Naturfag, Realfag, Videnskaps-Akademiet Av Martin Toft
Publisert 24. mai 2016 02:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere