Drar til Oxford med Røkke-stipend

UiO-student Henrik Schou Røising skal ta doktorgraden i fysikk ved Oxford-universitetet. Eit stipend frå Aker Scholarship, som Kjell Inge Røkke og kona Anne Eidsvig står bak, gjer det mogleg.

FÅR RØKKE-STIPEND: UiO-student Henrik Schou Røising får stipend frå Aker Scholarship for å ta doktorgrad ved Oxford-universitetet.  

Foto: Ola Sæther

– Eg er svært glad for å ha fått dette stipendet. Om eg ikkje hadde fått det, ville det ha vore svært vanskeleg å ta doktorgraden ved Oxford-universitetet, seier Henrik Schou Røising til Uniforum.

Nyetablerte Aker Scholarship har gitt fleire talentfulle norske studentar økonomisk støtte for å ta master- og ph.d.-studiar ved ni av dei høgast rangerte universiteta i verda.

– Kan bli ein milestolpe

23 åringen frå Fredrikstad tar master i teoretisk fysikk ved Universitetet i Oslo. Med rettleiing frå professor Jon Magne Leinaas held han på med å skriva ei masteoppgåve innanfor kvantefysikk om fysiske partiklar som kanskje eksisterer, men som det enno ikkje er bevist eksisterer. 

– Difor leitar me etter dei, på mange måtar som på jakta etter Higgs partikkel, men førebels på eit teoretisk plan. Då vil det bli ein milestolpe innanfor dette området. Om dei blir oppdaga vil professorane Jon Magne Leinaas og Jan Myrheim få ein del av æra, er han viss på. 

 – Føretrekkjer Oxford

Når han kjem til Oxford, vil han få ein av dei andre fremste kapasitetane på fagområdet , Steve Simon, som rettleiar.

– Det gler eg meg sjølvsagt til. For meg er Oxford eit betre alternativ en Massachusetts Institute of Technology, også fordi det ligg nærare heimlandet mitt, vedgår han. 

– Godt fagmiljø

Det var førelesarane hans på Fysisk institutt som gjorde han merksam på høvet til å søkja stipend frå Aker Scholarship. Då han fekk vita at stipendet var i hamn, kunne han søkja om plass ved doktorstudiet på Oxford-universitetet.  

– Om eg hadde tatt doktorgraden i Noreg, ville eg ha fått lønn under heile studiet. Grunnen til at eg likevel vil til Oxford, er at dei har ein svært godt fagmiljø innanfor det feltet som eg ynskjer å forska vidare på, seier han. 

Schou Røising synest det er prisverdig av Kjell Inge Røkke og kona Anne Eidsvig å gi pengar til unge og lovande forskarar som vil gå på utanlandske prestisjeuniversitet.

 – Dei som får stipendet vil sleppa å få eit omfattande studielån i løpet av master- eller doktorgradsstudiet.  

 

Emneord: Oxford, Studentforhold, Stipendiat, Storbritannia, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 10. mai 2016 12:15 - Sist endra 10. mai 2016 12:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere