Vil finna oppskrifta på berekraftig produksjon

Jussprofessor Beate Sjåfell trur det må vera mogleg å få til eit berekraftig næringsliv også i eit internasjonalt perspektiv. No startar ho saman med 50 andre forskarar arbeidet med å finna oppskrifta. Mellom ingrediensane er to mobiltelefonar, ei T-skjorte og ei olabukse.

NAUDSYNT OMSTILLING: – Mi overtyding er at me må vita korleis næringslivet, finanssektoren og marknadskreftene fungerer, for at me skal finna ut korleis utviklinga er blitt som den er blitt og korleis me kan få til den naudsynte omstillinga, seier jussprofessor Beate Sjåfjell ved Institutt for privatrett, UiO.

Foto: Ola Sæther

Ingen ringare enn EUs store forskingsprogram Horisont 2020 har gitt forskingsprosjektet støtte. Men 2,5 millionar euro er ikkje nok. Difor har prosjektet også fått støtte frå Det

Fakta om SMART-prosjektet:

Starta 1. mars og er hovudsakleg finansiert av 2,5 millionar euro frå EUs forskingsprogram Horisont 2020.

Skal finna ut korleis det er mogleg å få til ei regulering av marknadsaktørane : bedrifter, investorar, forbrukarar og det offentlege som innkjøpar og investor som gir ein berekraftig handel innanfor planeten si toleevne.

50 forskarar ved 25 partnarinstitusjonar rundt om i verda, deltar i prosjektet.

Jussprofessor Beate Sjåfjell, UiO er prosjektkoordinator.

Prosjektet skal halda på i fire år.

(Kjelder: Beate Sjåfjell og Institutt for privatretts nettsider)

juridiske fakultetet og frå Institutt for privatrett, og frå fleire forskarar som bidrar med eiga forskingstid. Med det ambiøse namnet «SMART» (Sustainable Market Actors for Responsible Trade) bør det koma noko banebrytande ut av dette prosjektet.

– Kort fortalt går forskinga ut på å finna ut korleis det er mogleg å snu tut-og-kjør-sporet frå ei utvikling der me held fram med å produsera varer på ein måte som går ut over planeten vår si toleevne, der menneske får dårleg betalt og blir behandla dårleg, slik at grunnlaget for eksistensen vår er ferd med å bli truga, fortel Beate Sjåfjell ved Institutt for privatrett til Uniforum.

Endar som søppel

Gjennom dette forskingsprosjektet håpar ho å finna svaret på det. Forskarane vil difor ta utgangspunkt i råvara, finna ut kvar den er produsert, korleis blir brukt i produksjonen, korleis den blir designa før vara blir seld i eit av dei rike landa. Dei ser på livsløpet til produktet, frå det blir vunne ut som råvare til det blir utvikla til ein ting, selt til forbrukarar i Vesten, og korleis enden på produktet blir når det ikkje fungerer lenger.

– Ofte endar det opp som søppel i U-landet det kom ifrå, slår Beate Sjåfjell fast.

Internasjonalt og tverrfagleg

I forskingsprosjektet har ho alliert seg med Institutt for informatikk ved UiO, Cicero og Fafo, i tillegg til andre forskingsinstitutt over heile verda. I Afrika er Ghana med, medan Bangladesh er med frå Asia.

–  Prosjektet vil gjera ein systemisk, tverrfagleg analyse av regulering internasjonalt, på EU-nivå og i utvalde medlemsland, for å finna ut kva som er barrierane og moglegheitene for meir berekraftige avgjerder i bedriftene, hos investorane og hos forbrukarane, fortel Sjåfell.

Dei ser også på offentlege innkjøp i stat, fylke og kommune, og på det offentlege som investor og majoritetsaksjonær. Prosjektet går dessutan i djupna på fire produkt: to mobiltelefonar, truleg ein iPhone og ein FairPhone, ei T-skjorte og ei olabukse.

– For meg er dette svært meiningsfull forsking, synest Beate Sjåfjell.

Både som forskar og privatperson er ho engasjert i samfunnsspørsmål.

– Både finanssektoren og store delar av næringslivet ser ut til å vera overtydd om at den gylne regelen er å få maksimal profitt ut av kvar einaste handel. Absolutt alt skal målast i pengar. No ser me korleis resultatet blir med ein planet som bevegar seg på kanten av si toleevne. Me kan ikkje halda fram på den måten. Vårt forskingsprosjekt kan bidra til at bedriftene ser korleis dei kan satsa på til dømes mobiltelefonar med lengre levetid, og som vil vera lettare å reparera. Samtidig skal dei som lagar produkta, behandlast på ein god og rettferdig måte, fortel ho ivrig.

Og det er etter kvart blitt populært å vera misjonær for ei rettferdig, internasjonal utvikling, også i jussverda.

– Mange forskarar ville bli med i forskingsgruppa vår utan å få frikjøp for det. Me er blitt åtvara mot å ta med forskarar som ikkje får finansiering, fordi dei trudde at dei som skulle evaluera oss ikkje ville forstå det, men dei er med fordi dei føler at dei kan gjera ein forskjell i kampen for ei berekraftig utvikling, seier Beate Sjåfjell.

– Det forstod dei som evaluerte oss, og som faktisk meinte at prosjektet var unikt på den måten, legg ho til.

– Spennande og meiningsfullt

Sjølv begynte ho på jussen fordi ho ynskte å bli advokat.

– Men då eg jobba med studentavhandlinga, forstod eg kor spennande forsking var. Eg blei klar over at eg måtte ta doktorgrad ein gong, fortel ho. I 2008 fekk ho doktorgraden. Og i 2011 blei ho professor.

– Det er heilt utruleg bra å gjera noko så spennande og meiningsfullt og endåtil få betalt for det, seier ho til Uniforum. No føler ho at ho har full ryggdekning frå heile Det juridiske fakultetet for det som ho driv med. Men det har ikkje alltid vore slik.

– Då eg var i gang med doktorgradsarbeidet mitt,var det mange som åtvara mot å ta inn miljø og berekraftig utvikling i ei selskapsrettsleg avhandling.Eg gjorde det likevel, og det har eg fått både kritikk og skryt for. I dag er det stadig fleire som ser kor viktig det er å sjå alt i eit heilskapleg perspektiv, seier ho.

– Mi overtyding er at me må vita korleis næringslivet, finanssektoren og marknadskreftene fungerer, for at me skal finna ut korleis utviklinga er blitt som den er blitt og korleis me kan få til den naudsynte omstillinga.

– Utgangspunktet vårt er at det vil vera mogleg å utvikla meir berekraftige løysingar for berekraftig og miljøvennleg, internasjonal handel , seier ho.

– Løysinga er altså ikkje at alle land produserer alt dei treng i sitt eige land?

– Nei, sjølv om det openbert er ein del produkt som heilt unødvendig blir transporterte over halve jordkloden. Eg er for internasjonal handel og at folk møtest og handlar med kvarandre på tvers av alle grenser.

Lenger livsløp

Som ekspert i selskapsrett har ho tru på at det går an å få til effektiv regulering som vil gjera næringslivet meir berekraftig.

– Fram til no har det vore slik at når ei bedrift har selt eit produkt til ein kunde, bryr ikkje bedrifta seg lenger om produktet. Då er forholdet mellom bedrift og kunde avslutta. Det vil me undersøkja nærare i eit livsløpsperspektiv. Det må vera felles reglar for at produkta skal vare lenger og at selskapa behandlar dei tilsette på ein rettferdig måte.

– I dag sit mange av dei store selskapa som sel eit produkt billeg, igjen med store overskot, medan dei som har produsert, ikkje får lønn til å leva av, samtidig som produksjon, transport og avfall fører til store miljøproblem. Det vil me gjerne ha ein slutt på.

– Det er ikkje mange som veit at juristar også kan forska på utviklinga av eit berekraftig samfunn?

– Nei, kanskje spesielt innanfor tradisjonelt privatrettslege område. Når me samarbeider på tvers, finn me ut kva felles interesser me har og korleis me kan forska saman. I dette forskingsprosjektet er det heilt naudsynt med tverrfagleg samarbeid. Det er også grunnen til at me har til dømes både Institutt for informatikk og Cicero med, fortel ho.

 

 

 

 

 

Emneord: Juss, Miljøforskning, EU, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 18. apr. 2016 10:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere