Skal bli ei meir aktiv stemme i samfunnsdebatten

– Norsk studentorganisasjon skal bli ei endå meir aktiv stemme i samfunnsdebatten. Det lovar nyvald leiar Marianne Knutsdotter Andenæs.

FRÅ STUDENTSAKER TIL PARTISAKER: – Det er stortingsval  i 2017, og då skal dei viktigaste studentsakene  våre også bli partia sine saker, seier Marianne Knutsdotter Andenæs som er nyvald leiar for Norsk studentorganisasjon.

Foto: Ola Sæther

Marianne Knutsdotter Andenæs (26)  er ferdig med mastergraden i statsvitskap ved UiO i juni. Og frå 1. juli begynner ho i vervet som leiar for Norsk studentorganisasjon. På landsmøtet sist helg vann ho røystinga mot motkandidat Ingrid Moe Albrigtsen frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og Bjørn Dinesen frå UiT- Noregs arktiske universitet.

Lik rett til utdanning viktigast

Den nyvalde studentleiaren har klare planar for kva Norsk studentorganisasjon bør prioritera når ho har overtatt roret. 

– Det er stortingsval  i 2017, og då skal dei viktigaste studentsakene  våre også bli partia sine saker.  Den aller viktigaste saka vår er lik rett til utdanning, der studentøkonomi spelar ei nøkkelrolle. I dag er studentane avhengige av å jobba eller å få pengestøtte frå foreldra for å få kvardagen til å gå rundt.  Om norske universitet og høgskular skal ha dei beste studentane, må alle få høve til å visa det, seier Marianne Knutsdotter Andenæs. 

– Må ta kontakt med sine stortingspolitikarar

For at dette skal bli mogleg er ho overtydd om at dei tillitsvalde ved hovudkontoret til Norsk studentorganisasjon i Oslo ikkje kan dra heile lasset åleine.

– Det er viktig at studentleiarar over heile landet tar kontakt med sine stortingspolitikarar og får dei til å ta opp viktige studentsaker i fylkespartia.  Me skal halda fram med å slåst for prinsippet om retten til lik utdanning. Nettopp derfor må studiestøtta aukast slik at studentane kan studera på heiltid, understrekar ho.

– Har lært masse av studentverv på UiO

I dag er Marianne Knutsdotter Andenæs leiar for Læringsmiljøutvalet ved Universitetet i Oslo Tidlegare har også vore leiar for Studentparlamentet i Oslo. 

– Begge dei verva har eg lært masse av, seier ho. Det skal likevel ikkje vera noko fordel for UiO-studentane at leiaren for Norsk studentorganisasjon kjem frå Universitetet i Oslo. – Nei, det håpar eg slett ikkje. Det fine med landsmøtet var at dei ulike kandidatane blei støtta på tvers av regionar og fagbakgrunn.  Det handla om saker og ikkje om geografi og fag, konstaterer ho. 

– Må få til lovbestemt tilrettelegging

Det er også ei anna sak ho ynskjer å setja eit nasjonalt stempel på. 

– Gjennom vervet som leiar for Læringsmiljøutvalet ved UiO, har eg og dei andre i utvalet arbeidt hardt for å få til den lovbestemte tilrettelegging for studentar som er blinde, døve, har lese- og skrivevanskar eller har andre funksjonshemmingar.

– Framleis er det langt fram før dette tomrommet er fylt igjen av institusjonane. Det er også viktig å få dette til for at retten til lik utdanning skal kunna oppfyllast.  Men det er i alle fall eitt av dei fotavtrykka eg har vore med på å setja på Universitetet i Oslo, fortel Andenæs.  

Ser fram til melding om utdanningskvalitet

Nettopp derfor seg ho fram til stortingsmeldinga om kvalitet i utdanninga.

– Det handlar om meir enn det fysiske læringsmiljøet. I kva grad har institusjonane ansvaret for å hindra til dømes mobbing og trakassering av studentar? Kven skal sikra at det blir ført tilsyn med læringsmiljø og tilrettelegging?  Slike spørsmål er det viktig å få klare svar på, meiner Andenæs.  

Skal arbeida saman for å få gjennomført krav

No gler ho seg til å jobba for å betra forholda for alle studentar i Noreg.

– Eg ser det som ei stor ære å ha blitt vald som leiar for Norsk studentorganisasjon. Og det er sjølvsagt det mest utfordrande  tillitsvervet ein studentpolitikar kan ha. Uansett kven som er i regjering skal alle dei tillitsvalde i Norsk studentorganisasjon arbeida saman for å få gjennomført krava våre, garanterer Marianne Knutsdotter Andenæs.

 

Emneord: Studentsaker, Studentforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. apr. 2016 00:00 - Sist endra 27. apr. 2016 01:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere