– Noreg skuldar verda eit slikt senter

– Norge skuldar verda eit slikt senter etter det som skjedde 22. juli 2011. Det sa statsminister Erna Solberg under opninga av  Senter for ekstremismeforsking ved UiO onsdag 20. april.

OPNA SENTER: Statsminister Erna Solberg blei tatt imot av UiO-rektor Ole Petter Ottersen og senterleiar Tore Bjørgo då  ho kom for å  opna Senter for ekstremismeforsking. 

Foto: Ola Sæther

– Det var eit åtak på demokratiet då Anders Behring Breivik utførte terroraksjonane mot regjeringsbygningen og AUF-leiren på Utøya den 22. juli 2011. Og det var fint å sjå

Fakta om Senter for ekstremismeforsking: høgreekstremisme, hatkriminalitet og politisk vald (C-REX):

Vertskap: SV-fakultetet ved Universitetet i Oslo

Samarbeidspartnarar: Politihøgskulen, Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), Fredsforskingssenteret (PRIO), Forsvarets forskingsinstitutt og HL-senteret (Senter for studiar av holocaust og livssynsminoritetar.

Leiar: professor Tore Bjørgo

Nestleiar: forskar Anders Ravik Jupskås

Andre forskarar: Torkel Brekke, Katrine Fangen og Inger Skjelsbæk

Senteret er tildelt 50 millionar kroner av Forskingsrådet over fem år for å forska på høgreekstremisme.

korleis folk i Noreg forsvarte demokratiet og dei verdiane det byggjer på i tida etterpå. Det må me halda fram med å gjera kvar gong nokon vil gå til åtak på folkestyret vårt.

Det sa statsminister Erna Solberg då ho opna Senter for ekstremismeforsking C-REX ved Universitetet i Oslo i Gamle festsal onsdag 20. april.

Etter hennar meining burde senteret absolutt ha kome på plass før.

– Etter 22. juli skuldar Noreg både våre eigne innbyggjarar og alle andre å etablera eit slikt senter. Dessverre kom det ikkje før regjeringa saman med andre politiske parti og forskingsinstitusjonar tok initiativet til det. Det er fint å sjå at det er blitt realisert, sa ho. 

Tildelt 50 millionar

Senteret blir leidd av professor Tore Bjørgo medan forskar Anders Ravik Jupskås er nestleiar. Det samarbeider nært med fleire andre forskingsinstitusjonar. Det er tildelt 50 millionar kroner frå Forskingsrådet over ein femårsperiode. I tillegg legg Universitetet i Oslo inn finansiering av både doktorstipendiatar og postdoktorar som skal knytast til senteret.

Etter at den første perioden er gått ut, vil det vera mogleg for senteret å søkja om å forlengja funksjonstida med fem nye år. Det offisielle namnet er no blitt Senter for ekstremismeforsking: høgreekstremisme, hatkriminalitet og politisk vald (C-REX).

– Går til åtak på folkestyret

Erna Solberg viste til at etableringa av forskingssenteret er ein viktig del av regjeringa sin handlingsplan mot ekstremisme. Samtidig peika ho på det som kjenneteiknar eit godt samfunn.

– Eit godt samfunn er eit samfunn utan frykt for vald og krig. Dei høgreekstreme gruppene angrip derfor vårt demokratiske folkestyre som har som kjenneteikn, respekt for menneskerettar, likeverd og rettstryggleik. 

Samtidig understreka ho at det er i krisetider høgreekstreme grupper dukkar opp. – Det som er skilnaden på det som skjer i dag samanlikna med det som skjedde før Den andre verdskrigen, er at i dag er det auka globalisering og auka migrasjon. Dessutan kjem terrorfrykt for ISIL og andre terrorgrupper, understreka ho.  — Mange av desse høgreekstremistiske gruppene byggjer ideane sine på konspirasjonsteoriar som osar av skepsis mot styresmaktene og demokratiet, slo ho fast. 

– Umogleg å stansa ein einsam terrorist

Etter at opningsarrangementet var over, stilte statsminister Erna Solberg opp for å svara på spørsmål frå pressa.

Uniforum ville gjerne vita om ho trudde terroraksjonen til Anders Behring Breivik 22. juli 2011 kunne ha blitt hindra, dersom Noreg hadde etablert eit senter for ekstremismeforsking tidlegare.

– Nei, det er heilt umogleg å stansa ein einsam terrorist. Det som me kanskje kunne ha gjort var at me kunne ha kome med fleire refleksjonar som kunne ha tent som motargument mot konspirasjonsteoriane han opererte med, trudde ho.

– Kva forventingar har du til forskinga ved Senter for ekstremismeforsking?

– Det er viktig å understreka at senteret skal sjå på miljø som driv med valdelege ytringar. Ytringar som er kritiske til innvandring er heilt legitime, og kjem ikkje under det senteret skal forska på. Derimot skal det skaffa kunnskap om dei høgreekstremistiske gruppene som oppfordrar til bruk av vald.

Erna Solberg har ikkje besøkt lokala til senteret på Blindern.

– Nei, det har eg ikkje. Eg kjem nok heller til å lesa dokument dei publiserer enn å møta opp på senteret.

BEHOV FOR EIT SENTER: – Me mangla eit senter for forsking på høgreekstremisme. Og det er stort sett høgreekstremistiske grupper som har stått bak politiske eller rasistisk motiverte drap i Noreg, sa statsminister Erna Solberg under møtet med pressa etter at ho hadde opna Senter for ekstremismeforsking. På biletet er ho flankert av senterleiar Tore Bjørgo og UiO-rektor Ole Petter Ottersen. (Foto: Ola Sæther)

Mangla eit slikt senter

TV 2 ville vita kvifor regjeringa valde å etablera eit senter for forsking mot høgreekstremisme i staden for eit senter for forsking på islamistisk ekstremisme.

– Det finst allereie eit svært godt miljø for forsking på ekstreme islamistiske grupper ved Forsvarets forskingsinstitutt. Derimot har me mangla eit senter for forsking på høgreekstremisme. Og det er stort sett høgreekstremistiske grupper som har stått bak politisk eller rasistisk motiverte drap i Noreg.

Så viste ho til Hadelandsdrapa i 1981, drapet på 15-åringen Benjamin Hermansen i 2001, drapet på 17 år gamle Arve Beheim Karlsen i Sogndal i 1999 og terroraksjonane til Anders Behring Breivik 22. juli 2011.

Etterpå deltok statsminister Erna Solberg på mottakinga i Domus Bibliotheca.    

 

 

 

Emneord: Statsvitenskap, Universitetspolitikk, Forskingspolitikk, Terrorisme Av Martin Toft
Publisert 21. apr. 2016 11:29 - Sist endra 21. apr. 2016 13:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere