Kjente namn vil bli toppleiar for Forskingsrådet

Direktør for Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther (biletet)  og Simula-direktør Aslak Tveito har begge søkt den ledige stillinga som administrerande direktør for Forskingsrådet.

VIL BLI DIREKTØR FOR FORSKINGSRÅDET: Direktør Jan-Gunnar Winther ved Norsk Polarinstitutt er mellom søkjarane til stillinga som ny administrerande direktør for Forskingsrådet.

Foto: Norsk Polarinstitutt

I dag blei lista over søkjarane til den ledige jobben som administrerande direktør for Norsk forskingsråd, offentleggjort.  Det er 15 søkjarar og heile seks av dei har bede om at namnet deira ikkje blir kjent.

Frå før har UiO-rektor Ole Petter Ottersen kunngjort at han er blant søkjarane. Der finn me også divisjonsdirektør Anne Kjersti Fahlvik i Forskingsrådet. Dei andre som har søkt er Anne Leer frå Sveits, Yngve Mikkelsen frå Bærum, Ayesha Madni frå USA, Torbjørn Johan Gaarder frå Oslo og Lars Asle Øyno frå Bærum. Mellom dei seks som ikkje vil ha namnet sitt offentleggjort, er det fem menn og ei kvinne.

Fire favorittar

Av dei søkjarane me kjenner til er truleg både direktør Jan-Gunnar Winther frå Norsk Polarinstitutt i Tromsø, rektor Ole Petter Ottersen frå UiO, direktør Aslak Tveito ved Simula-senteret  og divisjonsdirektør Anne Kjersti Fahlvik i Forskingsrådet mellom dei største favorittane til å etterfylgja Arvid Hallen i direktørstolen. 

Så lenge seks av søkjarane er ukjente for oss, er det likevel vanskeleg for oss å vurdera kven som til slutt vil nå opp i konkurransen om å få toppjobben i det norske forskingsbyråkratiet.

Det er styret for Forskingsrådet som vil ha det siste ordet i tilsetjinga av ny direktør for Forskingsrådet.  Truleg vil det skje i god tid før sommarferien.

 

 

Emneord: Forskingspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. apr. 2016 15:11 - Sist endra 21. apr. 2016 15:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere