Eksklusiv omvising i Noregs Akropolis

Observatoriet i Oslo er vogga for den norske vitskapen. Men det er ope for publikum berre to gonger i året. Første sjanse blir under UiO-festivalen.

MIDTPUNKTET: Rotunden er midtpunktet i Observatoriet. Bjørn Vidar Johansen og Tone Skramstad håpar mange finn vegen hit til omvisingane under UiO-festivalen 24. april.

I Observatoriet regjerte Noregs urforskar Christopher Hansteen (1784–1873 ). Han var om lag eit matematisk-naturvitskapleg fakultet heilt åleine. I denne bygningen frå 1833

sette han Noreg på kartet, og la inn ein eigen null-meridian. Der skapte han også dei første vêrmeldingane. Mål- og vektsystemet i Noreg blei også justert. Det var her den norske vitskapen blei fødd, og difor kan huset kallast Noregs Akropolis.Og bygningen var dessutan bustad for han og familien. Huset fungerte i tillegg som sentrum for kulturelle salongar i Christiania. Etter ei eineståande restaurering for titals millionar kroner blei bygningen i jubileumsåret 2011 ført tilbake til glansen frå fortida.

Levande klasserom

I dag tener bygningen først og fremst som eit levande klasserom og laboratorium for naturfags- og matematikkundervisninga for

sjuandeklassingar og fjerdeklassingar i Oslo. Dei har fortalt foreldra sine om kor flott det er, og fleire av dei vil gjerne sjølve dra dit og sjå korleis det ser ut i bygningen som kan kallast Noregs Akropolis.

Bjørn Vidar Johansen er leiar for Museum for universitets- og vitskapshistorie.

– Når UiO-festivalen går av stabelen om ti dagar, får alle interesserte sundag den 24. april første sjanse til å få ei omvising i den vakkert restaurerte bygningen. Neste gong blir truleg under kulturnatta i Oslo i september, fortel han. Sjølv skulle han gjerne hatt fleire omvisingar i Observatoriet og i andre av dei flotte universitetsbygningane i sentrum. – Dessverre har me for tida ikkje lenger ressursar til det i Museum for universitets- og vitskapshistorie. Difor har me måtte prioritera det vekk, fortel han.

1200 personar innanfor dørene

Bjørn Vidar Johansen minnest køen utanfor Observatoriet den første gongen det var omvising under Kulturnatta i Oslo. Då var til saman 1200 personar innanfor dørene i løpet av to dagar, og i tillegg mange som ikkje fekk høve til å koma inn. Det var tøft medan det stod på, men samtidig veldig gøy, understrekar han. Når det er omvising, er det på grunn av brannføreskriftene berre 30 personar som kan vera inne i bygning samtidig. Så blir dei etter kvart delte inn i to grupper. Den eine går i observasjonstårnet, medan den andre får sett meridiansirkelen, instrumentet som Hansteen brukte for å bestemma Noregs koordinatar på jordkula.  

For Bjørn Vidar Johansen er det likevel ei anna oppgåve som er langt viktigare. – Det er eit fantastisk undervisningslokale for sjuandeklassingane og no også fjerdeklassingane i Oslo, fortel han begeistra.

 – Pietetsfulle og interesserte

Tone Skramstad er prosjektleiar og har ansvaret for å koordinera dette tilbodet som er eit samarbeid mellom Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Oslo kommune.

– Skuleungdomen har allereie fått ei god innføring i Observatoriet før dei kjem hit. Difor er dei svært pietetsfulle og interesserte når dei dukkar opp. Dei kan stilla oss spørsmål som til dømes om det er brukt linolje her og liknande. Og best av alt, så har det ikkje vore eit einaste tilfelle av hærverk. Dei behandlar bygningen svært fint, fortel ho.

Elevane blir delte inn i to grupper og får to ulike løyper: Jordløypa og himmelløypa. Seinare byter dei seg imellom. Jordløypa for 7. trinn handlar om magnetisme og nordlys, kart og oppmåling. Himmelløypa er sett saman av tid og rom og solsystemet. Alle klassane må ha med seg to lærarar som fylgjer opplegget i Observatoriet.

– I ei av dei gamle stovene har me også laga eit digitalt planetarium, slik at det er mogleg for dei å sjå stjernehimmelen over Observatoriet. Dessutan får dei også lært korleis nordlyset oppstår, legg ho til.

Utanlandske museum vil læra

No er andre museum i utlandet interesserte i å læra av denne modellen. – Museale stengsler er ikkje naudsynte. Barna respekterer gamle gjenstandar av historisk verdi i vel så stor grad som dei vaksne. Difor har ikkje andre museum heller noko å frykta ved å fjerna kunstige stengsler i musea, meiner Bjørn Vidar Johansen.

Heilt sidan skuleprosjektet starta som eit prøveprosjekt for sjuandeklassingane i Oslo hausten 2012, har over 4000 skuleelevar fått undervisning i Observatoriet kvart år. Frå 1. mars i år er skuleprosjektet også utvida til å gjelda fjerdeklassingane. – Det går fint, takka vere god hjelp frå dyktige formidlarar som står for undervisninga, seier Tone Skramstad. Ho koordinerer skuleprosjektet, men har saman med pedagogisk ansvarleg Gunnhild Berre Aasprang også fått tid til å skriva læreboka «Observatoriet. Huset som fant Norge».

– Observatoriet er i dag eit av dei best bevarte observatoria i Europa, konstaterer Bjørn Vidar Johansen.

Dei som vil sjå alle dei vitskaplege skattane i bygningen bak Nasjonalbiblioteket, må altså bli med på omvisingane i Observatoriet under UiO-festivalen sundag 24. april. Skuleprosjektet står i år òg for dei fire gratis omvisingane frå klokka 12.00  til 16.00.

Fakta om Observatoriet:

Stod ferdig i 1833 og er UiOs eldste bygning.

Arkitekt var Christian Heinrich Grosch (1801–1865).

Blei brukt av vitskapsmannen Christopher Hansteen. Fungerte både som forskingsbygning og husvære for Hansteen og familien hans.

Blei restaurert til prakta frå fortida i 2011.

Tatt i bruk av Oslos 7. klassingar som klasserom for naturfag og matematikk hausten 2012.

Frå i år kan også alle 4. klassingar få ein skuledag i Observatoriet.

Det blir fire omvisingar i Observatoriet sundag 24. april under UiO-festivalen.

(Kjelder: Museum for universitets- og vitskapshistorie, Uniforum, UiO, Wikipedia, Store Norske)

Les alt om UiO-festivalen

 

Emneord: Observatoriet, Kulturhistorisk museum, Realfag, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 20. apr. 2016 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere