UiO-styremedlem Anne Aasheim død

Direktør for Kulturrådet og ekstern styremedlem i Universitetsstyret, Anne Aasheim er død, 53 år gammal. Ho har tidlegare vore sjefredaktør i Dagbladet og tilsett i NRK i over 20 år.

ER GÅTT BORT: Anne Aasheim, ekstern styremedlem i Universitetsstyret og direktør for Kulturrådet er død, 53 år gammal.

Foto: Ola Sæther

Anne Aasheim fekk vita at ho hadde fått lungekreft med spreiing i fjor haust, og ho døydde i dag på Hospice Lovisenberg i Oslo, melder Kulturrådet i ei pressemelding. Aasheim var direktør for Norsk kulturråd frå 2011 og fram til i dag.  

– Det er med stor sorg vi har mottatt budskapet om at Anne Aasheim er død. Hun var en usedvanlig dyktig leder med et stort hjerte for alle sine medarbeidere, seier fungerande direktør i Kulturrådet, Vibeke Mohr, melder ntb. 

Anne Aasheim blei utnemnt til ekstern styrerepresentant i Universitetsstyret ved UiO i 2013 og har sete der fram til no. UiO-rektor Ole Petter Ottersen har sett stor pris på henne som person og styremedlem:

 – Vi vil savne henne intenst. Hun var en viktig stemme i vårt styre, og en viktig stemme i samfunnet i stort. Hun brakte viktige perspektiver inn i vårt styrearbeid og vår strategi, og hun viste en raushet - faglig og menneskelig - som vi alle satte pris på, seier Ole Petter Ottersen i ein kommentar til Uniforum.

Frå 2006 til 2010 var ho sjefredaktør i Dagbladet. Tidlegare hadde ho både vore distriktsredaktør for NRK Østlandssendinga og leiar for nyhendedivisjonen i NRK.  Anne Aasheim var fødd i Porsgrunn i 1962.  Statsminister Erna Solberg er ein av mange kjende personar som uttrykkjer stor sorg og medkjensle med familien til Anne Aasheim i dag. Ho viser til at dei blei gode venner i ungdomstida i Unge Høgre.

Anne Aasheim har også jobba for den kristelege avisa Dagen og Bergens Arbeiderblad.  

 

Av Martin Toft
Publisert 30. mars 2016 13:32 - Sist endra 13. apr. 2016 17:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere