UiO minna offera for terroren i Belgia

– Det var fint at Universitetet i Oslo arrangerte ei samling for studentar og andre for å minna offera etter terrorhandlingane i Belgia, synest musikkhistoriestudent Leni Pyra frå Belgia.

KONDOLERTE: UiO.rektor Ole Petter Ottersen uttrykte medkjensle med den belgiske studenten Leni Pyra etter alle dødsfalla etter terroraksjonane i Brussel.

Foto: Ola Sæther

For ei veke sidan mista 35 personar livet i terroraksjonane på flyplassen og på to metrostasjonar i Brussel. I går inviterte UiO-rektor Ole Petter Ottersen,  prorektor Ragnhild Hennum og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe alle belgiske studentar og tilsette til ei minnestund for offera for terroraksjonane. 

Til saman er det 19 belgiske studentar på Universitetet i Oslo. Av dei hadde berre musikkhistoriestudent Leni Pyra høve til å delta.  UiO-rektor Ole Petter Ottersen kondolerte henne som representant for det belgiske studiemiljøet med dei 35 personane som døydde som fylgje av terrorhandlingane.

Universitetet kan forklara bakgrunnen

Ottersen uttrykte medkjensle med studentar frå Tyrkia og Pakistan, som også har opplevd terroraksjonar i heimlanda sine. Han peika på at i slike situasjonar er det viktig at universitetet kan vera med på å forklara bakgrunnen for det som har skjedd.

– Denne veka vil me ha fleire forelesingar om ekstremisme og terrorisme. Me vil oppmoda alle studentar til å  stå fast på dei høge standardane som universitetet står for. Gjennom forsking kan me forstå det som har skjedd, og me kan hindra at det oppstår fordomar. Gjesteførelesaren Robert Putnam er den som har gitt den beste forklaringa så langt. Han understreka kor viktig det er å inkludera alle i eit samfunn og få dei til å kjenna at dei tilhøyrer det samfunnet, sa Ole Petter Ottersen. 

Inviterte til samtale

Studentprest Inger Anne Naterstad var til stades saman med leiaren for Studentparlamentet, Julie Sørlie Paus-Knudsen.  Begge oppmuntra alle til å stikka innom kontora deira for å snakka med dei. Dessutan inviterte ein representant frå Helsetenesta til Studentsamskipnaden dei som trengte det til konsultasjon og hjelp.  To UiO-tilsette med belgisk bakgrunn kom også på markeringa. Minnestunda blei avslutta med eit klassisk musikkstykke framført av ein student frå Noregs musikkhøgskule.  

– Ikkje direkte ramma

Den belgiske studenten Leni Pyra syntest det var ei fin og høgtideleg samling. — Verken familien min eller vennene mine blei direkte ramma av terroraksjonane.  Like etter at dei hadde skjedd, fekk eg melding frå foreldra mine om at alt stod bra til med dei, fortel ho.  

For henne var det også eit sjokk å høyra om terroraksjonane i Paris i november i fjor.

 – Det var likevel endå meir spesielt, og det kom endå nærare meg personleg då terroraksjonane skjedde i mitt eige heimland for ei veke sidan. Då var det også rart å vera i Noreg, medan ein slik tragedie hende i Belgia, sa Lena Pyra til Uniforum.

Emneord: Terrorisme, Belgia, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 30. mars 2016 01:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere