Osebergskattar kan bli verdas dokumentarv

Teikningane, skissene og dagbøkene frå utgravinga av Osebergskipet i 1904 blir Noregs kandidat til å bli ein del av verdas dokumentarv. Det blei avgjort av den norske UNESCO-kommisjonen den 9. mars.

SLEDEN: Denne skissa frå dagboka til Gabriel Gustafson er den alle første teikninga av den berømte sleden som blei funnen i Osebergskipet.

Foto: Ola Sæther

– Det er heilt fantastisk, seier arkivansvarleg Anne-Britt Halvorsen og seniorkonsulent Hilde Frydenberg i Kulturhistorisk museum ved UiO. Heilt sidan tidleg i fjor haust har dei to jobba med å utforma søknaden i samarbeid med fagfolk ved museet. Samtidig har dei arbeidt med å finna fram all tilgjengeleg dokumentasjon om utgravinga av Osebergskipet og dei andre fornminnene frå Noregs mest kjende gravhaug.

Ein trebit starta utgravinga

Det var den svensk-norske arkeologen Gabriel Gustafson (1853–1915) som var ansvarleg for utgravinga. – Det begynte med at bonden Oscar Rom frå Lille Oseberg i Slagen ved Tønsberg hadde med seg ein utskoren trebit som han fortalde han hadde funne på garden sin. Og han sa at det var fleire ting der den kom frå, og lurte på om museet ville kjøpa det av han. Gabriel Gustafson undersøkte trebiten og fann fort ut at det måtte vera ein trebit med dekor frå vikingtida, fortel dei to arkivarane på museet. Det blei starten på utgravinga i Oseberg i Vestfold, som gav Noreg verdas mest berømte vikingskip; Osebergskipet som mellom anna inneheldt ei fantastisk vogn og ein vakker slede.

Målarar teikna skisser av funna

Gabriel Gustafson sette i gang med utgravingane sommaren 1904, men han var ikkje åleine.

– Han hadde med seg blant andre målarane Henrik Lund og Ola Geelmuyden som teikna mange av funna like etter at dei var gravne ut, seier Anne-Britt Halvorsen, og med hender dekte med eingongshanskar drar ho ut fleire av teikningane. – Denne viser ein av  dyrehovudstolpane frå grava. Er den ikkje fin? utbryt ho. Så finn ho eit gammalt fotografi tatt av fotograf O.Væring.

 – Det viser Gabriel Gustafson i dress saman med alle dei andre som arbeidde på utgravingane. Eit anna fotografi viser Gustafson sitjande saman med arkeologkollegaen Håkon Shetelig ute i felten ved ein trekasse dekt med kvit duk og porselen, avslører ho.

Verdifulle dagbøker

Saman med Hilde Frydenberg har ho også funne fram dagbøkene til Gabriel Gustafsson.

VERDAS DOKUMENTARV: Arkivarane Hilde Frydenberg (t.v.) og Anne-Brit Halvorsen viser fram dagbøkene til arkeologen Gabriel Gustafson, som leidde utgravingane av Osebergfunnet. Portrettet viser tidlegare styrar for Oldsakssamlinga, Anton W. Brøgger. Det var han som kopierte dagbøkene. (Foto: Ola Sæther)

– Der står det utførleg om kva funn som blir gjort og når dei blir gjort. Handskrifta er ikkje alltid like enkel å forstå, og det var truleg grunnen til at etterfylgjaren hans som styrar for Oldsaksamlinga, Anton W. Brøgger kopierte dagbøkene på eiga hand, med si fantastiske handskrift, slik at me lettare kan forstå kva som står i dei i dag.

Då bonden såg kva skattar som låg i jorda på garden hans, blei han ikkje mindre ivrig på å selja dei til høgstbydande. – Enden på visa blei at godseigar Fritz Treschow kjøpte heile samlinga frå bonden for 11 500 kroner, og så gav han det vederlagsfritt til den norske staten. Kulturminnelova kom ikkje før året etter, i 1905, seier Anne-Britt Halvorsen.

Teikna Buddha-bøtta

Seniorkonsulent Hilde Frydenberg synest det er morosamt å sjå kor detaljert og grundige teikningane er. – Denne skissa viser den berømte Buddha-bøtta, som er av keltisk opphav og mest truleg frå Irland, og dermed eit godt prov på kor gode internasjonale kontaktar vikingane må ha hatt, konstaterer ho.

Og Anne-Britt Halvorsen trur at dagbøkene, teikningane og fotografia dei har nominert frå Osebergfunnet, også blir godkjent internasjonalt som ein del av verdas dokumentarv. – Vikingane sette spor etter seg både i Europa, Asia og Amerika. Og teikningane, fotografia og dagbøkene viser saman byrjinga på den moderne norske arkeologien. Samtidig er Osebergfunnet verdas mest berømte funn frå vikingtida. Difor blei denne samlinga ein del av Noregs dokumentarv i 2014. Og difor er det så flott at den no blir ein av to norske kandidatar til å bli godkjent som verdas kulturarv også, synest Anne-Britt Halvorsen og Hilde Frydenberg. Den endelege avgjerda blir ikkje tatt av UNESCO før sommaren 2017.

OSEBERG-DAGBOKA: Dette er ei av dei første sidene i Oseberg-dagbøkene til arkeologen Gabriel Gustafson, mannen som leidde Osebergutgravinga. No blir dagbøkene hans, teikningar og fotografi frå Osebergutgravingane ein av to norske kandidatar til å verta ein del av verdas dokumentarv. (Foto: Ola Sæther)

Den 31. mars kan alle som ynskjer det, for første gong sjå dagbøkene til arkeologen Gabriel Gustafson utstilte. Det skjer i Vikingskipshuset på Bygdøy i samband med forskingskonferansen «Computer Applications and Quantitative Methods in Archaeology. Den 3. april vil professor Jan Bill ved Kulturhistorisk museum halda ei omvising der han fortel om dagbøkene.

 

 

 

Emneord: Arkeologi, Kulturhistorisk museum, Vikingskipshuset Av Martin Toft
Publisert 10. mars 2016 14:00 - Sist endra 11. mars 2016 13:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere