Andrew Wiles fekk Abelprisen for 2016

Matematikkprofessor Sir Andrew Wiles frå University of Oxford fekk Abelprisen for 2016.Det blei kunngjort i Vitskapsakademiet klokka 12.00 i dag.

ABELPRISVINNAR: Sir Andrew Wiles er tildelt Abelprisen for 2016.

Foto: Abelkomiteen

Matematikkprofessor .Sir Andrew Wiles får Abelprisen for løysinga av Fermats siste  teorem.  Prisen er på seks millionar norske kroner. Det var preses Ole M. Sejersted i Vitskapsakademiet som avslørte namnet på prisvinnaren.  Årets Abelprisvinnar er mest kjent for å ha løyst eit av matematikken største mysterium, altså Fermats siste teorem.

I 2002 intervjua Uniforum Sir Andrew Wiles om Fermats siste teorem då han var på besøk på Universitetet i Oslo. (Biletet under)

Abelprisen blir delt ut av kronprins Haakon i Universitetets aula, den 24.mai klokka 14.00. Det var i 2003 Abelprisen blei delt ut for første gong. Då gjekk prisen til den franske matematikaren Jean-Pierre Serre.  Abelprisen blei etablert av Stortinget i 2002 i samband med 200-årsjubileet for Niels Henrik Abels fødsel.

Les meir om prisvinnaren og grunngjevinga for prisen på nettsidene til Abelprisen.no

(Kjelder: Abelprisen.no, Uniforum)

 

 

Emneord: Abelprisen, Matematikk Av Martin Toft
Publisert 15. mars 2016 12:16 - Sist endra 15. mars 2016 12:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere