Familien drog til annan park - slapp unna terroraksjon i Lahore

Berre flaks gjorde at familien til postdoktor Raana Malik ved UiO unngjekk terrorattentatet i ein familiepark i Lahore første påskedag. 72 personar blei drepne.

LETTA: Postdoktor Raana Malik ved Universitetet i Oslo er svært letta etter at familien hennar heilt tilfeldig slapp unna terroråtaket i ein familiepark i Lahore.

Foto: Ola Sæther

– Barna mine ville gjerne på tur til familieparken i Lahore første påskedag. Mannen min meinte at dei heller burde gå til ein annan park. Heldigvis høyrde dei på han og gjekk dit. Det fortel postdoktor Raana Malik på Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO.

72 menneske mista livet i terroraksjonen i den populære parken i Lahore. Fleirtalet av dei var kvinner og barn som var ute for å nyta den siste dagen av ein lengre skuleferie. Pakistansk Taliban har tatt på seg ansvaret for terroraksjonen.

Familie og venner var trygge

Raana Malik var i Oslo då det skjedde.

– Eg fekk vita om det på nyhendesendingane på fjernsynet. Tårene begynte å renna og eg sat heilt forsteina og sjokkert i ti minuttar før eg klarte å gjera noko. Så klarte eg endeleg å samla meg til nok til å ringja familien min i Lahore. Då fekk eg heldigvis tak i dei, og dei kunne fortelja meg at både barna mine, mannen min og resten av familien hadde det bra. Også vennene mine slapp unna terroraksjonen, seier Raana Malik til Uniforum. Sjølv la ho også ut melding på Facebook om at ho var i god behald, sidan ikkje alle var klar over at ho hadde vore i Oslo i heile påskeferien.

– Ganske tilfeldig

Raana Malik er også svært glad for at barna hennar høyrde på faren og gjekk til ein annan park enn den populære tivoliparken. – Det er klart at eg er svært letta over det. Eg har ofte vore i den parken tidlegare med familien min. Med andre ord var det ganske tilfeldig at dei ikkje var der denne gongen. Fint at mannen min ikkje ville oppfylla ynsket til barna våre, då dei to dagar før sa at dei gjerne ville i familieparken første påskedag.

Raana Malik har hatt eit postdoktorstipend ved Universitetet i Oslo sidan i fjor sommar. Sidan den gongen har ho vore to gonger i Pakistan for å besøkja familien. I påskeferien var ho åleine i Oslo. – Folk på jobben ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking har vore flinke til å ta kontakt med meg og høyra korleis eg har det. Eg har følt både omtanke og omsorg frå dei, synest ho.

– Viktig med markeringar

Denne veka hadde Universitetet i Oslo ei markering for studentar frå Belgia for å minna offera frå terroraksjonen i Brussel. Då nemnde UiO-rektor Ole Petter Ottersen også offera frå terroraksjonen i Lahore og frå liknande attentat i Irak og i Tyrkia. Raana Malik tykkjer det er viktig å ha slike samlingar.

– Det er ein fin måte å visa medkjensle med studentar og andre som kjem frå landa som er blitt ramma av terroraksjonar. Samtidig skapar det ei kjensle av at me tilhøyrer ein fellesskap, uavhengig av religion og nasjonalitet. Det er svært viktig.

Pakistan i krig med terroristar

Raana Malik meiner at Pakistan har vore i krig med terroristane heilt sidan åtaket på ein barneskule i Peshawar i desember 2014. Då mista 134 personar livet. – Både dei militære og nasjonalforsamlinga støttar krigen mot desse terrorgruppene, som ofte held til i grenseområda mellom Afghanistan og Pakistan. Terroristane har heile tida kome med trugsmål om å retta åtak mot skular og universitet. Eg arbeider vanlegvis ved University of the Punjab i Lahore, og både det universitetet og andre universitet og skular heldt stengt i over ein og ein halv månad den gongen det trugsmålet kom, minnest ho.

– Umenneskelege

For henne som muslim forstår ho ikkje korleis terroristane kan kalla seg for muslimar.

– Dei er umenneskelege, og kan ikkje ha noko mål og meining med det dei gjer, anten dei står bak terroraksjonar i Brussel, Tyrkia eller i Pakistan. Som muslim hatar eg korleis desse personane prøver å spreia terror over heile verda, seier ho.

Til sommaren drar Raana Malik tilbake til Lahore. Då er tida som postdoktorstipendiat ved UiO over.

– Då vil eg halda fram i den faste jobben min ved University of the Punjab.

Emneord: Terrorisme, Pakistan Av Martin Toft
Publisert 31. mars 2016 14:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere