Barnepornodømt UiO-professor forskar framleis

Ein mann som i november i fjor blei dømt til 36 dagar i fengsel for å ha lasta ned barnepornografiske filmar og bilete, arbeider  framleis som professor II ved Det medisinske fakultetet på Universitetet i Oslo. Det stadfestar han overfor Uniforum. Universitetsleiinga vil ikkje kommentera det dei meiner er ei personalsak.

DØMD FOR BARNEPORNO: I november blei ein mann i professor 2-stilling ved Det medisinske fakultetet dømd til 36 dagar fengsel for å ha lasta ned barneporno. Mannen er sannsynlegvis framleis i arbeid ved UiO, trass i at han har mista hovudstillinga si ved eit helseføretak.

Foto: Ola Sæther

Mannen har framleis profilen sin på Det medisinske fakultetet sine nettsider. Der går det fram at han også er prosjektkoordinator for ei viktig forskingssatsing på fakultetet. Han er dessutan sentral i ein informasjonsfilm om den aktuelle forskinga. Personen stadfestar altså overfor Uniforum at han også no arbeider som professor 2 ved Det medisinske fakultetet på UiO.

Viste overgrep mot små barn

Det var i november 2015 Uniforum kunne melda at mannen var dømd til fengsel i 36 dagar, 18 av dei på vilkår. Det vil seia at han måtte sona halvparten av straffa i fengsel.   Han blei dømd for å ha lasta ned 36 videofilar og 39 bilete som «inneholdt fremstillinger av seksuelle overgrep mot barn og/eller fremstillinger som seksualiserer barn» på ei datamaskin heime hos mannen. Den yngste personen på videoane var i spedbarnsalder, medan dei andre barna var i 7-8-årsalderen. 

Mannen er utdanna lege, men retten tok ikkje lisensen frå han, då dei peika på at forholda ikkje var alvorlege nok til å ta ifrå han levebrødet. Dei viste til at forholdet han var dømt for, var gjort utan tilknyting til arbeidet hans. Helsetilsynet hadde før dommen blei felt, mellombels suspendert autorisasjonen hans. Fleirtalet i retten meinte at det ikkje var bevist at mannen handla med forsett. Under rettssaka hevda den dømde at han ikkje var klar over kva han lasta ned. 

Meinte aldri å lasta ned barnepornografi

Frå artikkelen i Uniforum går det fram at mannen hadde ei stor mengd lovleg pornografi, lagra i zip-mapper på datamaskina. Påstanden frå den dømte var at han hadde lasta ned mange slike mapper utan å sjå på innhaldet, og at han dermed aldri meinte å lasta ned barnepornografi.  Retten fann det heller ikkje bevist at han aktivt hadde oppsøkt eller søkt etter barneporno.  

Aktlaus handling

Etter retten si oppfatning meinte dei at det ikkje kunne slåast fast at han hadde handla med forsett, men dei meinte at det ikkje fanst fnugg av tvil om at han hadde gjort seg skuld i ei aktlaus handling. Dei viste også til at vedkomande var datakyndig og hadde søkt opp sider med slike zip-arkiv bevisst. Difor meinte retten at det også var mannen sitt ansvar å undersøkja kva han hadde lasta ned. Mindretalet i retten var derimot overtydd om at mannen hadde handla med forsett.

Mista hovudstillinga

Etter at dommen fall i november var det uklart om han ville mista professor 2-jobben ved Universitetet i Oslo. Då hadde mannen allereie mista hovudstillinga si i helseføretaket der han jobba. No fire månader etter dommen står han framleis som tilsett i professor 2-stilling ved UiO, ifylgje nettsidene til universitetet.

- Personalsak

Dekan Frode Vartdal ved Det medisinske fakultetet vil ikkje gi nokon kommentar til Uniforum når me spør om den dømte forskaren framleis er å rekna som tilsett ved UiO.  – Det er ei personalsak og spørsmålet må difor rettast til universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, seier han til Uniforum.

Då me tar kontakt med Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, svarar ho fylgjande på spørsmålet om kva type tilknyting den barnepornodømde forskaren har til UiO i dag: – Me kommenterer aldri personalsaker.

Dei forholda mannen blei dømd for, har inga tilknyting til arbeidet han har gjort ved universitetet, eller forskingsprosjekta han arbeider eller har arbeidt med.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Jus Av Martin Toft
Publisert 31. mars 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere