Vil stansa sal av universitetsbygning i sentrum

– UiO er svært uroleg for forslaget frå fleire departement om å selja Frederiks gate 3. Det er ein viktig del av den kunnskaps- og kulturaksen me vil skapa på Tullinløkka, seier rektor Ole Petter Ottersen.

PROTESTERER: UiO går sterkt imot forslaget om å selja universitetsbygningen Frederiks gate 3, bak på biletet. – Me håpar sterkt at referansegruppa ser at bygningen fell heilt naturleg inn blant eigedomane til UiO, seier rektor Ole Petter Ottersen.

Foto: Ola Sæther

Det er i eit brev frå Universitetet i Oslo til Kunnskapsdepartementet det går fram at universitetsleiinga er svært uroa over at det skal vurderast om både universitetsbygningen

Frederiks gate 3 og Akademihagen kan seljast.

Ifylgje brevet er det referansegruppa for konseptvalutgreiinga for Tullinløkkaområdet og Frederiks gate 3 som har lansert det forslaget. Gruppa er sett saman av Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dette bryt heilt med dei planane Universitetet i Oslo har for området.

– Strategisk viktig for UiO

– Dersom Nasjonalgalleriet ikkje lenger skal brukast til måleriutstillingar, håpar me å få brukt det til museumsføremål for Kulturhistorisk museum. Universitetsbygningen Frederiks gate 3 inneheld i dag funksjonar som ikkje kan overførast til andre bygningar, og som heller ikkje er ein naturleg del av museumsverksemda. Bygningen og eigedommen er strategisk viktig for UiO, og var ein del av det gamle universitetsområdet som blei bygt for universitetsføremål, understrekar Ole Petter Ottersen.

Han peikar også på at bygningen i framtida vil kunna husa eitt eller fleire av fagmiljøa ved Det humanistiske fakultetet som kan fungera godt saman med Kulturhistorisk museum.

I brevet blir det vist til at området rundt Tullinløkka saman med Bygdøy og Økern blir dei tre stadene der Kulturhistorisk museum vil halda hus i framtida.

– Frederiks gate 3 er også ein viktig historisk bygning. Som student hadde eg nokre av mine første forelesingar i denne bygningen. Me håpar sterkt at referansegruppa for konseptvalutgreiinga ser at bygningen fell heilt naturleg inn blant eigedomane til Universitetet i Oslo, seier Ole Petter Ottersen til Uniforum.

– Skal byggja kunnskapshovudstaden

UiO-rektoren peikar også på kor viktig både bygningen og Tullinløkka-området blir for Oslo i framtida.

– Oslo er i dag ein av dei raskast veksande byane i Europa. Me må difor byggja eit universitet som svarar til den folkeveksten. Det vil seia at store grupper med unge personar skal utdannast, og derfor blir det svært viktig å få bygt ut den planlagde aksen mellom kunnskap og kultur i Oslo sentrum. Me skal byggja kunnskapshovudstaden, og me trur Oslo vil tena på å ha eit vitalt sentrum der kultur og akademi spelar saman. Når Nasjonalgalleriet no er sett i spel, er det viktig for oss at det kan bli brukt til museumsaktivitetar for Kulturhistorisk museum. Det har UiO også greidd ut, på førespurnad frå Statsbygg, slår han fast. – Me vil ta heile området i bruk med undervisning, forsking, kultur og tilbod til publikum. Dette vil styrkja kunnskapshovudstaden Oslo, legg han til.

– Kva vil UiO gjera for å hindra at Frederiks gate 3 blir lagt ut for sal?

– Me håpar referansegruppa og dei aktuelle departementa ser at me er svært urolege over det forslaget, og at dei klarer å finna fram til ei meir fornuftig løysing. For oss er det svært viktig at me på dei tre universitetsområda våre har eigedommar som kan utviklast vidare. Derfor går me så kraftig ut mot forlaget om sal av Frederiks gate 3, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Ingenting er avgjort

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet opplyser til Uniforum at ingenting enno er avgjort.

– Regjeringa har bestemt at Statsbygg skal gjevast i oppdrag å setja i gang ei konseptvalutgreiing (KVU) for framtidig bruk av staten sine eigedomar og bygningsmasse i Tullinløkka-området. Kunnskapsdepartementet verken vil eller skal akkurat no leggja nokre føringar på, eller ta standpunkt til ei konseptvalutgreiing som enno ikkje er klar, svarer Bjørn Haugstad i ein epost.

– Når vil konseptvalutgreiinga vera ferdig?

– Så vidt me kjenner til, er planen at KVUen skal vera gjennomført i vår og deretter kvalitetssikrast (KS1). Me ser fram til å få dei ulike konsepta presenterte etter at KS1 er gjennomført, er alt statssekretær Bjørn Haugstad kan seia no.

Fakta om kvalitetssikring av store prosjekt:

KS1 er ei kvalitetssikring av konseptval som blir gjort før regjeringa tar ei avgjerd om å starta forprosjekt. Det blir gjort med alle statlege prosjekt på over 750 millionar kroner.

KS2 er ei kvalitetssikring av styringsunderlag og kostnadsoverslag før det blir lagt fram ei endeleg investeringsavgjerd i Stortinget.

(Kjelder: Transportøkonomisk institutt og Statens vegvesen)

 

Emneord: Universitetspolitikk, Kulturhistorisk museum, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 19. feb. 2016 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere