UiO vil fylla Nasjonalgalleriet med skattar frå mellomalderen

- Viss Nasjonalgalleriet blir stilt til disposisjon, så får me høve til å stilla ut mellomaldersamlinga vår der, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen til NRK.

VIL OVERTA: Rektor Ole Petter Ottersen foreslår at UiO overtar bruken av Nasjonalgalleriet for å bruka det til utstilling av mellomaldersamlinga til Kulturhistorisk museum.

Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren

Det var i NRK Kveldsnytt i går kveld rektor Ole Petter Ottersen lanserte tanken om at Nasjonalgalleriet i framtida kan husa mellomalderutstillinga til Kulturhistorisk museum. I dag ligg den i magasina til Kulturhistorisk museum, og er dermed ikkje tilgjengeleg for publikum.

- Me trur alle vil synast det er fint, om me får stilt ut denne samlinga i Nasjonalgalleriet, meiner UiO-rektor Ole Petter Ottersen.  Som han tidlegare har uttalt til Uniforum,  peikar han på at det også er naturleg at UiO kan overta Nasjonalgalleriet. - Me føler det er me som står nærast når det gjeld å ta Nasjonalgalleriet i bruk, seier han.

Uniforum har prøvd å få ein kommentar frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Han er på reisefot, medan statssekretær Bjørn Haugstad er på vinterferie. Dei har difor ikkje hatt høve til å fortelja kva dei meiner om utspelet frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen om å lata UiO få bruka Nasjonalgalleriet til å stilla ut mellomaldersamlinga til Kulturhistorisk museum.

Tanken om å lata Kulturhistorisk museum ta i bruk Nasjonalgalleriet er ikkje ny. Allereie i 2013 var dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen inne på det same.  UiO vonar Nasjonalgalleriet, saman med blant andre Historisk museum oguniversitetsbygningen i Frederiks gate 3  kan danna ein kunnskaps- og kulturakse på Tullinløkka.

Dei som står bak aksjonen for at Nasjonalgalleriet skal halda fram som før, har heller ingenting til overs for ideen om at Nasjonalgalleriet skal husa mellomaldersamlinga til Kulturhistorisk museum, seier dei klart i frå om til nrk. 

Les også desse artiklane:

Vil stansa sal av universitetsbygning i sentrum

Kulturhistorisk museum skal leve videre på Tullinløkka

UiO skal setja større preg på byen

Emneord: Kulturhistorisk museum, Universitetspolitikk
Publisert 23. feb. 2016 16:16 - Sist endra 11. mars 2016 13:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere