Med sjølvlaga utstilling på pensum

Tretten UiO-studentar i museologi og kulturarv har utstilling på pensum. Resultatet er utstillinga «Kontrollfreak» i Kulturhistorisk museum.

DEBUTANTAR: Dei er studentar i museuologi og kulturarv og debuterer med utstillinga «Kontrollfreak» i Kulturhistorisk museum. F. v. Anne-Therese de Ridder, Marte Rødberghagen, Odd Ingjer og Einar Hellvik.

Foto: Ola Sæther

Kulturhistorisk museum er hovudarenaen for masterstudentane som tar kurset «Museumproduksjon – teori og praksis». Museet stiller til rådvelde «Den raude sona» i 3. etasje i Historisk museum, der studentane får laga si eiga utstilling.

Den felles eksamensoppgåva dei har fått, er å syna fram dagsaktuelle og historiske døme på «domestisering», det vil mellom anna seia mennesket sin kontroll over naturen. Det er likevel ein definisjon som studentane ynskjer å utfordra.

– Me har difor valt å dela oss inn i tre grupper som ser på tre heilt ulike tema, altså vêret, mennesket og mjølkeproduksjonen, seier Odd Ingjer, som i tillegg til å studera museologi og kulturarv, også er arkeologistudent.

Vêret

VÅRTEIKN: Kongler kan fungera som eit barometer, går det fram av utstillinga. (Foto: Ola Sæther)

Marte Rødberghagen har vore med og sett opp utstillinga om vêret.

– Ynsket vårt er å visa korleis vêrvarselet har utvikla seg frå trolldom og det overnaturlege til at det er blitt ein vitskap, fortel ho.  

– Gjennom utstilling av ting og tekstar som handlar om veret, vil me spørja om det er mennesket som kontrollerer vêret eller vêret som kontrollerer oss, legg ho til.

– Det aller siste me har fått med er utbreiinga av skysåing, altså korleis det er mogleg å få skyer til å sleppa frå seg regn der det er behov for vatn, fortel Marte Rødberghagen.  

Mennesket

Å PYNTA PÅ MENNESKET: Utstillinga vil også visa korleis mennesket er opptatt av å gjera seg vakrare på ulike måtar. (Foto: Ola Sæther)

Ei anna gruppe ynskjer å få publikum til å spørja seg om mennesket dominiserer seg sjølv.

– Her peikar me på ting som spedbarnsdrap, tvangssterilisering, abort, kunstig befrukting og DNA-forsking, som er med på å velja ut dei eigenskapane som mennesket ynskjer å føra vidare, seier Einar Hellvik.

I tekst og bilete viser denne delen av utstillinga korleis jentebarn blei ofra til fordel for gutebarn både i Kina og i India. Men også i antikken var det liknande døme, viser utstillinga.

Mjølkeproduksjonen

Den tredje gruppa har sett nærare på mjølkeproduksjonen i Noreg.

– Då vil me gjerne visa kva som skjer med det aller mest dominiserte dyret i det norske landbruket, kua. Difor stiller me ut både ei mjølkemaskin, og skildrar korleis eit moderne mjølkefjøs fungerer og ser ut i dag. Kort sagt gir me eit bilete av alt som skjer før mjølka hamnar i butikken, fortel Anne-Therese de Ridder.

Museum eller kultur

Alle går med ambisjonar om å få seg jobb i museum eller i kultursektoren.

– For oss har det difor vore lærerikt å få arbeida med å kunna skriva korte og tydelege tekstar om vitskap, fortel Einar Hellvik.

– Ein kollega av oss meinte at faget museologi og kulturarv var det viktigaste og mest læreriket faget han hadde hatt, seier Odd Ingjer.

Dei synest det har vore flott og interessant å ha jobba så nært med teknikarar og andre tilsette ved Kulturhistorisk museum.

– Derfor har me klart å byggja opp ei utstilling på berre tre veker, slår dei fast.

Utstillinga blei opna av direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum tysdag 23. februar. Studentane vil visa folk rundt i utstillinga søndag 28. februar klokka 13.00. Men dei som ikkje kan då, har likevel sjansen til å sjå utstillinga «Kontrollfreak» heilt fram til 13. mars.

Emneord: Kulturhistorisk museum, Studentforhold, Studentsaker, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 24. feb. 2016 14:42 - Sist endra 11. mars 2016 13:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere