Fryktar milde gåver får ein høg pris

– Dei store gjevarane må ikkje leggja føringar på politikken til institusjonen dei gir pengar til, meiner professor Andreas Føllesdal ved forskingssenteret PluriCourts på Det juridiske fakultetet.

KRAV TIL PRIVATE GÅVER: Professor Andreas Føllesdal ved PluriCourts vil ha strenge krav for private gåver til forskingsinstitusjonar.  – Vilkåra må vera at forskarane som får pengegåvene, står fritt til å ytra seg om alle moglege tema og at dei har full fridom til å publisera forskingsfunna sine i eit vitskapleg fagtidsskrift etter ei viss tid.

Foto: Ola Sæther

Thon-stiftinga delte nyleg ut 44 millionar kroner til norske og utanlandske forskarar. Pengane gjekk både til forsking på Alzheimer, alderdom, kreft og til forsking på uforklarlege lysfenomen i Sør-Trøndelag. Eit eige fagråd med UiO-rektor Ole Petter Ottersen som leiar, vurderer kandidatane og foreslår overfor styret for stiftinga kven som skal tildelast desse pengane. 

Trekte støtte på grunn av Israel-diskusjon

Professor Andreas Føllesdal ved forskingssenteret PluriCourts på UiO, synest det er bra at forskingsmiljøa får pengegåver frå Olav Thon, Trond Mohn og andre norske milliardærar.  Han heller likevel litt malurt i begeret når det gjeld å ta imot gåver frå Olav Thon.

– I 2009 foreslo fleire vitskaplege tilsette ved NTNU i Trondheim at institusjonen burde innføra ein akademisk boikott av Israel. Berre det faktum at styret skulle ta saka opp til diskusjon, førte til at Olav Thon trekte heile pengestøtta si til ei professor II-stilling ved NTNU. Då framlegget kom opp i Universitetsstyret, blei forslaget om akademisk boikott av Israel nedstemt. Men då var allereie pengestøtta frå Olav Thon borte berre fordi dei i det heile tatt diskuterte temaet. Det var ein svært uheldig situasjon, meiner Andreas Føllesdal. 

LANSERTE FORSKINGSPRISAR FRÅ OLAV THON STIFTELSEN: UiO-rektor Ole Petter Ottersen og Olav Thon gratulerer kvarandre etter lanseringa av dei første forskingsprisane i regi av Olav Thon Stiftelsen. (Foto: Ola Sæther)

Dersom andre eksterne gjevarar vil oppføra seg på den same måten, fryktar han fylgjene av det. – Om konsekvensen blir at universitetsstyra vert forsiktige med å ta opp kontroversielle tema fordi dei er redde for at det vil svi økonomisk for institusjonen, er det sjølvsagt ikkje bra, understrekar han. 

Universitet takkar nei til enkelte gåver

Andreas Føllesdal har tidlegare vore på fleire forskingsopphald i USA. Der har universiteta innført svært strikte reglar for å kunna ta imot gåver. – Nettopp difor takkar dei nei til enkelte gåver frå rike personar. For å kunna trekkja til seg gode studentar og forskarar, må dei amerikanske universiteta vera forsiktige med å ta imot øyremerkte gåver. Det hadde vore på sin plass å ha liknande reglar for ekstern forskingsfinansiering i Noreg, synest han.

Etter hans meining opplever både universitet og høgskular i dag auka press frå styresmaktene om å bruka ekstern finansiering av forsking endå meir enn i dag. – Dermed kan det lett bli nokre fagområde som får mykje ekstern støtte, medan andre fagområde får lite. Universitetet i Oslo må vera svært medvite om kva fylgjer dette kan få. Eg trur ikkje felles reglar er naudsynte eller oppnåelege, seier han. 

– Offentlege løyvingar har ofte føringar

Andreas Føllesdal vil samtidig peika på at heller ikkje offentlege løyvingar til forsking, vil vera heilt frie. – Pengane frå Forskingsrådet kjem også ofte med bestemte føringar. Det hadde sikkert vore lurt om UiO hadde hatt faste løyvingar til fagområde som alltid ligg fast, uavhengig av ekstern finansiering. 

– Vil dette seia at du aldri ville tatt imot milliongåver til forsking frå Trond Mohn, Kjell Inge Røkke eller Stein Erik Hagen? 

– Trond Mohn fekk nyleg pris frå Vitskapsakademiet for bidraga sine til norsk forsking. Så vidt eg kjenner til, har han aldri lagt bestemte føringar for institusjonane som har fått milliongåvene hans til forsking.

– Så det vil seia at du ikkje har noko imot å ta imot pengegåver så lenge dei ikkje er øyremerkte?

– Ofte vil gjevarane ynskja forsking om bestemte tema, og som regel er det uproblematisk. Men vilkåra må vera at forskarane som får pengegåvene, står fritt til å ytra seg om alle moglege tema og at dei har full fridom til å publisera forskingsfunna sine i eit vitskapleg fagtidsskrift etter ei viss tid.

– Ville du ha vore imot at sjuke, rike personar kunne gitt pengar til eit bestemt forskingsprosjekt som ville føra til at sjukdomen dei og mange andre lir av, kunne bli kurert eller halden i sjakk?

– Eg ser ikkje noko problem med den slags finansiering av verdifull forsking som elles ikkje ville funne stad, og som i tillegg kan redda menneskeliv, seier Andreas Føllesdal.

– Akademisk fridom og institusjonell autonomi går føre alt

Det var i ein kommentar under bloggen til UiO-rektor Ole Petter Ottersen, professor Andreas Føllesdal stilte spørsmål om til kva pris universitetet tar imot prisar frå Olav Thon Stiftelsen.

Ole Petter Ottersen gjer det klart at universitetet gjerne tar imot private gåver og donasjonar, men at å verna om den akademiske fridomen og det institusjonelle sjølvstendet er det aller viktigaste.

– Lat det vera krystallklart: Akademisk fridom og institusjonell autonomi går føre alt. Tidlegare har eg i mange samanhengar understreka kor viktig det er at universiteta hegnar om den samfunnskritiske rolla si. Samfunnet i stort – med sine institusjonar og verksemder, offentlege så vel som private – tener på at universiteta og forskarane har eit sjølvstende som gjer at dei kan påvisa svikt og styrkja kvalitet gjennom konstruktiv kritikk.

– Samfunnet med alle aktørane sine er tent med ei klar rolleforståing og ei klar rollefordeling. Med samfunnet sitt beste som perspektiv må universiteta kunna tala statsmakt og pengemakt midt imot. Og dette kan dei ikkje gjera utan akademisk fridom og autonomi, seier Ole Petter Ottersen til Uniforum.

Strenge reglar

Han peikar også på at Universitetet i Oslo klart speglar av denne haldninga i retningslinjene for sponsing og gåver som ligg på UiOs nettsider. http://www.uio.no/om/samarbeid/samfunn-og-naringsliv/sponsing-og-gaver/retningslinjer/

– I desse retningslinjene blir det gjort klart at UiO ynskjer private gåver og donasjonar velkomne, men at UiO samtidig held på retten til å vurdera og eventuelt takka nei til gåver dersom gåva inneber uakseptable restriksjonar på verksemda, gir institusjonen ekstra kostnader, fører til uheldige bindingar, går på kostnad av den akademiske fridomen eller strir mot alminnelege forskingsetiske prinsipp om forskinga si openheit og at forskingsresultata skal vera tilgjengelege for alle i samfunnet, slår han fast.  

Ole Petter Ottersen synest slike reglar er viktige både for den som tar imot og den som gir.

– I eit privat gjevar-mottakarforhold, som i all finansiering av forsking, må begge partar stå prinsippfast på sine respektive roller. Sensur og bindingar vil føra til omdømmetap for gjevar så vel som mottakar og vil svekkja samfunnet på sikt, seier han.

– Bra med debatt

UiO-rektoren helsar velkommen ein debatt rundt desse spørsmåla.

– Det er bra at me heile tida har merksemd og debatt rundt dei utfordringane som kan oppstå ved finansiering av forsking – offentleg som privat. Ei klar rolleforståing må liggja til grunn, held han fast på. 

Ole Petter Ottersen meiner pengegåvene frå Olav Thon Stiftelsen står fjellstøtt på Universitetet i Oslos retningslinjer for gåver og donasjonar.

– Eg har uttrykt meg på generelt grunnlag. Når det gjeld forholdet til Thonstiftelsen spesielt, kan eg seia at dette forholdet er heilt i samsvar med dei prinsippa som er nedfelte i retningslinjene og som eg har omtala ovanfor. Mi erfaring er at Stiftelsen er godt kjend med og fullt ut respekterer desse prinsippa.

– Det skal føyast til at fagråda er heilt autonome, dei vurderer og konkluderer i samråd med internasjonale ekspertar og utelukkande på vitskapleg grunnlag. Dette er sjølvsagt ein føresetnad for at eit samarbeid med ein privat gjevar kan fungera, understrekar Ole Petter Ottersen. 

 

 

 

Emneord: Økonomi, Priser, Etikk Av Martin Toft
Publisert 18. feb. 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere