Eit fakultet må alltid vurdera ei doktorgradsavhandling

Alle som leverer inn ei doktoravhandling ved Universitetet i Oslo, skal framleis få den vurdert av ein eigen vurderingskomité. Det vedtok Universitetsstyret denne månaden.

NØGD: Universitetsstyrerepresentant Sofie A. Høgestøl er nøgd med at alle doktorkandidatar framleis får rett til å få avhandlinga si vurdert av ein komité.

Foto: Ola Sæther

– Eg er svært nøgd med at alle som leverer ei doktoravhandling, skal få den vurdert av ein eigen komité, seier Sofie A. Høgestøl, som er representant for dei mellombels, vitskaplege tilsette i Universitetsstyret.  

I det opphavlege forslaget til revisjon av graden ph.d. ved Universitetet i Oslo, var det tatt inn eit forslag om at fakultetet sjølv etter ei fagleg vurdering kan avvisa ein søknad om å få avhandlinga bedømt, dersom det er openbert at avhandlinga ikkje held høg nok vitskapleg kvalitet og vil bli underkjent av ein «bedømmelseskomité».

– Gule lappar og dopapir

I diskusjonen før det endelege vedtaket var prorektor Ragnhild A. Hennum den som talte mest for at den endringa likevel burde gjennomførast.

– Me kan risikera at me må setja ned ein eigen bedømmelseskomité berre nokon leverer ei avhandling på gule lappar eller dopapir, sa ho på møtet.  Då tenkte ho spesielt på dei som leverer inn frittståande arbeid til graden dr. philos.

Etter kvart vart det rektor Ole Petter Ottersen som skar igjennom, og foreslo å fjerna punktet om at eit fakultet på eiga hand kan avvisa å vurdera ei avhandling som dei meiner ikkje held høg nok vitskapleg kvalitet.

– Full rett til vurdering

Sofie A. Høgestøl er glad for at den føreslegne endringa ikkje blei vedtatt. – Når ein doktorkandidat har gått gjennom eit doktorgradsstudium ved UiO, har vedkomande full rett til å få avhandlinga vurdert av ein eigen bedømmelseskomité. For meg var det svært viktig å få gjennomslag for at forslaget ikkje blei vedtatt, seier Sofie A. Høgestøl til Uniforum.

Dei andre forslaga til revisjon av graden ph.d. ved Universitetet i Oslo blei samrøystes vedtekne av Universitetsstyret. Det vil dermed også vera mogleg å ha disputasar både på forskingsinstituttet Simula på Fornebu og ved Universitetsstudia på Svalbard (UNIS), til liks med Oslo universitetssykehus og Akershus universitetssykehus.

 

Av Martin Toft
Publisert 22. feb. 2016 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere