– Lettare å driva bedrifter enn å starta bedrifter i Noreg

– Det er betre å driva bedrifter enn å starta bedrifter i Noreg, sa den amerikanske forskaren Scott Stern på livsvitskapskonferansen til Universitetet i Oslo 16. februar.

MÅ SATSA: - Noreg må satsa på hav, energi og grøn industri, sa innovasjonsprofessor Scott Stern under UiOs livsvitskapskonferanse denne veka.

Foto: Ola Sæther

Scott Stern er professor i innovasjon og entreprenørskap ved Massachusetts Institute of Technology i Boston. Han var den største utanlandske forskarstjerna under halvdagseminaret om livsvitskap i Universitetets aula denne veka.

Hav, energi og grøn industri

Etter hans meining må Noreg satsa på å bli god på forsking innanfor hav, energi og grøn  industri.

– Dette vil utgjera ein eineståande tilnærming til nyskaping innanfor livsvitskapane, meinte han.

– Med bestemte mål vil det også bli viktig for utvikling av biovitskapane. Då er det viktig å etablera leiande bioklynger, sa han.

Felles møtestader

Scott Stern var også oppteken av at forskarar hadde fleire felles møtestader.

– Det er viktig at forskarar frå ulike fagområde møter kvarandre og blir kjende med kvarandre, slo han fast.

Grunnen til at han meinte det var letta å driva bedrifter enn å starta bedrifter i Noreg, hadde å gjera med bedriftsskatten.  I fylgje titan.uio.no tenkte han på at eigarar av oppstartverksemder  med høg marknadsverdi må betala formueskatt, sjølv om bedrifta går med underskot.

Les meir og sjå opptak av livsvitskapskonferansen.

 

Emneord: Livsvitenskap, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. feb. 2016 17:50 - Sist endra 18. feb. 2016 17:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere