Vil dela nynorskskattane mellom seg

Ordboka kan hamna i Volda, språksamlingane ved UiB – og Høgskulen i Sogn og Fjordane driv førebels med det dei kallar openlys spionering.

DELER NYNORSKSKATTAR: I april vert det arrangert eit større møte der ein skal drøfta framtida til både språksamlingane og Norsk Ordbok. Fredag var det eit førebuande møte i Bergen. Der diskuterte mellom andre (frå venstre) Volda-rektor Johann Roppen, Volda-professor Tor Arne Haugen, UiB-instituttleiar Johan Myking og førsteamanuensane Eli Bjørhusdal og Leiv Inge Aa frå Høgskulen i Sogn og Fjordane i kva ende ein skal starta.

Foto: Hilde Kristin Strand /På Høyden

UiB overtek ansvaret for språksamlingane. Det har Kunnskapsdepartementet bestemt. Men samstundes vil UiB dela ansvaret med i alle fall Høgskulen i Volda, og kanskje nokre til, skriv På Høyden.

Fredag var representantar frå høgskulane i Volda og Sogn og Fjordane på møte ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) for å drøfta arbeidsdeling og sjå på kva oppgåver ein kan løysa og kva ein bør løysa.

Eigen stipendiatstilling

På bordet ligg seks millionar kroner. Dei kjem i hovudsak til å gå med til grunnleggande infrastruktur, og i størst mogleg grad til stillingar, seier LLE-instituttleiar Johan Myking.

– Kva vil ein prioritera?

– Namnebasen og bokmål/nynorsk-ordboka. Dette er oppgåver det er viktig for samfunnet at vert løyst, seier Myking.

Dei store språksamlingane frå UiO, som ein framleis ikkje har heilt oversikt over kva faktisk inneheld, får ny heim ved UiB. Men Norsk Ordbok hamnar truleg i Volda.

Volda-rektor Johann Roppen har tidlegare sagt til På Høyden at ordboka no kjem heim. Ivar Aasen var som kjent frå området, og i nabokommunen Ørsta ligg Aasen-tunet. Der er Ottar Grepstad, som har engasjert seg sterkt i saka om språksamlingane, direktør.

(Automo)bil

I eit brev til Roppen skriv UiB-rektor Dag Rune Olsen at UiB ser det som tenleg at samlingane får ein desentralisert struktur og ei tilfredsstillande fagleg arbeidsdeling som hentar ut meirverdi frå det samla fagmiljøet ved dei to institusjonane.

– Me vil mellom anna bidra til ordboksarbeidet med ein stipendiatstilling i leksikografi, seier Roppen til På Høyden.

– Men det trengs fleire midlar. For å seia det enkelt: Det er riksmålet som er prioritert fram til 2017.

Arbeidet med Norsk Ordbok starta i 1930. Det første bandet av dei 12 kom ut i 1966. No manglar berre ei brukarrettleiing. Men framleis er det berre oppslagsord frå I-Å som er digitaliserte.

– Ordboka bør reviderast. Mellom anna finn ein hovudforma av ordet ”bil” under bokstaven ”a” – ”automobil”, humrar Roppen.

Dersom institusjonen han leiar får ansvaret for ordboka, vil nettrafikken truleg auka kraftig. I fjor var det gjort 38,8 millionar søk i den nynorske utgåva av ordboka ein finn på Internett. Over 26 000 av desse søka var på ordet ”vere”. Det heiter det i ei pressemelding frå Språkrådet.

Nettverk for nynorskforsking

Høgskulen i Sogn og Fjordane er ikkje formelt med i noko samarbeid – endå.

– Me har invitert oss sjølve. Men driv med openlys spionering, seier Leiv Inge Aa.

Han er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Sogndal, og leksikograf. Aa var på møtet saman med førsteamanuensis Eli Bjørhusdal. Ho leiar norskseksjonen ved høgskulen og er òg med i arbeidsutvalet i nettverket for nynorskforsking, som er ein del av UH Nett Vest.

– Dei har invitert seg sjølve, men dei har ikkje trengt seg på, seier Myking.

– De seier noko om kva de vil prioritera. Kva vil de nedprioritera?

– Det er nokre ting me ventar med, som prosjektutvikling og vidareutvikling, svarar instituttleiaren.

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Hilde Kristin Strand/På Høyden
Publisert 18. jan. 2016 15:52 - Sist endra 18. jan. 2016 16:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere