Soldatar i Kongo valdtar fordi dei ikkje har råd til å kjøpa sex

Soldatane i Kongo og bistandsorganisasjonane har heilt ulike oppfatningar av kva som er årsakene til seksualisert vald i landet. Det viser Nora Mehsen i masteroppgåva si i kriminologi.

BEGJÆR: Soldatar i Den demokratiske republikken Kongo forklarte masterstudent Nora Mehsen at dei utøvde seksualisert vald av begjær fordi dei ikkje hadde råd til å kjøpa seksuelle tenester. Oppgåva hennar har nyleg fått prisen som den beste masteroppgåva om kjønn ved UiO i 2015.

Foto: Ola Sæther

Den demokratiske republikken Kongo er blitt kjent for den utbreidde praksisen med seksualisert vald mot kvinner i dei ulike krigane i landet. Det har ført mange

Fakta om Den demokratiske republikken Kongo:

Hovudstad: Kinshasa

Folketal: 71 millionar

President: Joseph Kabila

Den valdelege konflikten tok til etter folkemorda i Rwanda i 1994. Den første krigen frå 1996 til 1997 førte til at president Mobutu Sese Seko blei avsett, og opprørsleiaren Laurent Kabila blei sett inn som president. Den andre krigen tok til i 1998 og fram til 2002.  Fredsavtalen førte til at 17 000 FN-soldatar kom til landet. 5,4 millionar menneske er på flukt i eige land og over 5,4 millionar er omkomne i krigar sidan 1996.

(Kjelder: Wikipedia, Store Norske, Encyclopædia Britannica)

bistandsorganisasjonar frå heile verda til Kongo. Dei organisasjonane som fokuserer på seksualisert vald, arbeider hovudsakleg med å hjelpa offera for valden.

– Såg på soldatane som menneske

UiO-student Nora Mehsen har skrive ei masteroppgåve om ein amerikansk hjelpeorganisasjon og eit nederlandsk filmselskap, og ho har sett på korleis dei går fram for å få soldatar til å endra haldningar til seksualisert vald. – Eg såg ein dokumentar på NRK som eit nederlandsk filmselskap står bak. Filmselskapet starta eit samarbeid med ein amerikansk bistandsorganisasjon om å bruka film for å prøva å få soldatane til å endra sine grunnhaldningar til seksualisert vald. Vestlege media portretterte vanlegvis gjerningsmennene som bestialske, og bistandsorganisasjonane i området var opptekne av offera, forklarar ho.

– Den amerikanske bistandsorganisasjonen eg har undersøkt, jobba derimot med soldatane og gjerningsmennene som stod bak. Dei såg på soldatane som menneske og ikkje som demonar, og prøvde å finna ut kvifor dei stod bak så mange valdtekter mot kvinner både frå sine eigne folkegrupper og mot kvinnene som tilhøyrer folkegruppene til fiendane, fortel ho.

Observerte haldningane til soldatane

Nora Mehsen kom på at ho ville søkja om pengar til å gjera eit feltstudium der ho kunne gjera funn som ho kunne bruka i masteroppgåva si. – Eg fekk godkjenning frå instituttet og økonomisk støtte frå Forsvarets høgskule og Medietilsynet, opplyser ho til Uniforum. Då ho var framme i den demokratiske republikken Kongo, deltok ho på filmvisingane som den amerikanske bistandsorganisasjonen hadde med dei kongolesiske soldatane. Ved hjelp av tolk kunne ho oppfatta samtalen mellom soldatane under filmvisinga, og etterpå intervjua ho kvar enkelt soldat.

– Gjorde det av begjær

– Bistandsorganisasjonen prøvde å hindra meir seksualisert vald ved å visa soldatane at valden kunne gi dei livsvarige traume, HIV og andre kjønnssjukdomar dei kunne døy av, og at dei kunne hamna i fengsel. Det var ein skremselsretorikk som hadde mykje til felles med enkelte kampanjar mot tobakksrøyking. Samtalane mine med soldatane avdekte derimot at dei hadde ei heilt anna oppfatning av seksualisert vald. Dei viste til at dei gjorde det av begjær fordi dei ikkje hadde råd til å kjøpa seksuelle tenester. Soldatane peika på at dei fekk ordre om å gjera krigsteneste, og at dei fekk dårleg lønn for det, om dei fekk utbetalt lønn i det heile tatt, sjølv om dei risikerte livet sitt. Men når dei skulle forklara kvifor fienden, som regel rwandesiske soldatar gjorde det same, forklarte dei det med at det var ein del av deira vondskap og krigsstrategi.

– Politisk ukorrekt

– Var dette ei overraskande haldning for deg?

– Skilnaden mellom bistandsorganisasjonen si forklaring og forklaringa til soldatane var litt uventa, for å seia det slik. Soldatane fortalde meg at dei også hadde gitt opp desse årsaksforklaringane til bistandsorganisasjonen. Der hadde dei avvist årsakene soldatane hadde gitt opp, og kalla det for politisk ukorrekt. For dei var det inga legitim forklaring. Deira offisielle konklusjon var at årsakene til den seksualiserte valden låg i det kongolesiske patriarkalske systemet.

– Men kvifor gjekk ikkje bistandsorganisasjonen til det kongolesiske militæret og bad dei om å betala soldatane ei høgare lønn for at dei lettare skulle lata vera å gripa til seksualisert vald for å kunna ha sex?

– For den amerikanske bistandsorganisasjonen var det ikkje stovereint å kritisera styresmaktene for å betala soldatane sine dårleg. Derimot måtte dei heile tida driva med forhandlingar med militæret for å få innpass hos dei og lov til å driva det haldningsskapande arbeidet. Hjelpeorganisasjonen fekk mellom anna krav om å finansiera innkjøp av ein jeep til ein øvstkommanderande soldat for at dei skulle få lov til å sleppa inn i ein militærleir. Eg var også inne i fleire militærleirar, og der budde familiar og barn saman i svært fattige kår. Så lenge det eksisterer ein forhandlingskultur mellom bistandsorganisasjonar og bistandsmottakarar, vil det alltid vera ein marknad for å skaffa seg ekstra ting som ein har bruk for i byte mot samarbeid.

– Og kva er konklusjonen din på dei funna du har gjort?

 – Det ser ut til at soldatane forklarer seksualisert vald som meir eit utslag av levekåra i områda som tidlegare var åstadar for krigshandlingar, enn at det kan stemplast som ein del av det patriarkalske systemet. Soldatane seier altså at dei dårlege leveforholda dei lever under, er grunnen til at dei utøver seksualisert vald både mot eigne kvinner og fiendane sine kvinner for å få utløysing for begjæret sitt. Dette er inga stoverein forklaring for bistandsorganisasjonen eg har undersøkt. Difor satsar dei på skremselsretorikk for å krevja at soldatane endrar åtferd.

– No har masteroppgåva di fått prisen for den beste masteroppgåva om kjønn på UiO i 2015 frå Senter for tverrfagleg kjønnsforsking på UiO. Kva synest du om det?

– Det var litt surrealistisk. Men det har gitt meg lyst til å driva med meir forsking ein gong i framtida.

 

 

 

 

Emneord: Afrika, Kvinne- og kjønnsforskning Av Martin Toft
Publisert 29. jan. 2016 14:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere